Therese Lystad Holen
24.09.2008
Ungdomsklubben OpeHus startar opp igjen fredag 26.09.08
Ungdomslaget startar opp att med OpeHus fredag 26.09.08.
Tid 19.00-23.00
Aldersgrense 7.kl -18 år.
Inngang kr 20,-
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2008 » Kultur
Therese Lystad Holen
24.09.2008
Ungdomslaget startar opp att med OpeHus fredag 26.09.08.
Tid 19.00-23.00
Aldersgrense 7.kl -18 år.
Inngang kr 20,-
Rune Mo
16.09.2008
Styret på grendahuset takkar alle som har vore med på dugnaden på grendahustaket. Spesielt til taknemda som har organisert allt arbeidet. Medlemmane i gruppa har vore Arne Lied, Lars Molvær, Rune Mo og Åge Solhaug. Vi vil og takke Tore Stokke som har vore fagleg leiar for prosjektet.
Men dette arbeidet hadde ikkje vore mulig utan frivillige og garbrukarane i bondalen som stillte med traktor. Helselaget har og varta opp med god dugnadsmat på dei store dugnadsdagane. Tusen takk alle sammen.
Taket er no tett, og det er berre kosmetiske ting att å gjere.
For styret
Rune Mo
Hjørundfjordportalen Administrator
06.09.2008
Ei verdsstjerne er klar for Hjørundfjorddagane. Det er barytonsongaren Knut Skram. Han er opphavleg frå Hjørundfjorden, og gler seg til å kome "heim".
Knut Riise
06.09.2008
Magne Årseth har gjort det igjen.
Etter suksessen med modellen av det gamle Risetunet, fekk han lyst til å lage ein modell av Risestøylen frå den tida setra var i drift.
Laurdag 23.august, var nokre av oss som høyrer til setra, frå Rise, Årskog og Heimste Holen inviterte til Torsteingarden for ei uhøgtidleg avduking av modellen.
Og vi vart ikkje skuffa!
Sæbø Grendalag
02.09.2008
Grendalaget ser seg dessverre nøydde til å avlyse det som skulle bli årets fest førstkomande laurdag.
Sæbø Grendalag
03.09.2008
Det er duka for skikkeleg feiring av den flotte sommaren vi har hatt i år.
I fjor regna sommarfesten vekk, så no slår vi oss lause, og trommar folket saman til tidenes seinsommarfest laurdag 6. september.
Med trekkplasteret "Black Sheep" på programmet lovar vi fengande country/dansemusikk og høg stemning.
"Chef" Emile fyrer opp grillen, så det vert høve til å kjøpe seg eit velsmakande måltid.
Hiv deg rundt og meld deg på, for dette vert kjekt!