Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2007 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Mai 2007 i Kultur

Hilde Muren

20.05.2007

Sæbø skulekorps i krise

Sæbø skulekorps tel i dag 11 medlemmar, halvparten av dei er aspirantar. Vi ser dei spele på 17mai og på julemarknaden, og kvart år er det fleire som fell frå og nokre nye som kjem til. Skal dei høyrast ut som eit korps treng dei samspel med andre, og når dei andre manglar bruker ein cd-spelar. Skal vi ha eit sterkt og levedyktig korps att i bygda trengst sterke tiltak.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

17.05.2007

Tale ved Bautasteinen på Sæbø

- I dette samfunnet er ungdommen heilt sentral. Vi må vere flinke til å gje ungdommen vår framtidstru, og med det ei tru på at det å leve i Hjørundfjorden, det å stifte familie i Hjørundfjorden, er framtidsretta... M.a. sa Rune Sæbønes dette, då han i dag - på nasjonaldagen - heldt tale ved Bautaen på Sæbø.

Les heile

Hilde Muren

13.05.2007

Skulekorpset etterlyser ....

Sæbø skulekorps har hatt (uformell) lageroppteljing av uniformer og instrument. Vi ber alle husstandar i Sæbø gjere det same. Sjå om de heime har liggande gamle korpsinstrument eller uniformer og lever dei til Monica Follestad på Frøland. Meldinga gjeld sjølvsagt berre dykk som ikkje spelar i korpset no.

PS-Vi treng og sårt til musikantar som kan traktere instrument og uniformer. Meir om det seinare.

Les heile