Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2006 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juni 2006 i Kultur

Gerd Sofie Langvatn

29.06.2006

Jonsokfeiringa på Lekneset

<a href="images/artiklar/baal_2.jpg" target="_blank"><img src="images/artiklar/thumbs/baal_2.jpg" border="0" alt="Bål 2.jpg" title="Bål 2.jpg" hspace="10" vspace="2" width="150" height="113" align="right"/></a>Vi er ein meir eller mindre trufast gjeng som feirer Jonsok på Lekneset. I år var det også såpass lite vind at vi fekk tendt på bålet!

Ingebjørg og Oddlaug laga til rømmegrauten, Olga stilte med boller.

Nokre fiska litt, elles grilla vi og kosa oss.

Les heile

[2 kommentarar]

Ivar Svein Mo

22.06.2006

Jonsokkveld på Stavset 23.6.2006

Geitabonden ved Hjørundfjorden

Legg Jonsokkvelden til Stavset. Der får du oppleve gamalt kulturlandskap og historia om garden der geitene hjelper til med å halde landskapet i hevd. Det vert servert ”geit i kål”, smaksprøver av kornøl og mjød – og anna drikke til.
Jonsokbål, musikk og dans ved stranda.

Båt frå Bjørke kl. 16.45 via Viddal til Leknes 17.05
Frå Sæbø 17.15 med buss frå Standal til Stavet.
Også buss (idrettslagsbussen) frå Sæbø kl.16.45 til Stavset.
Retur frå Stavset kl. 23.00

Billettar: Båt Bjørke/Viddal kr. 100 t/r
Båt/buss Sæbø/Leknes kr. 60,- t/r
Kulturkvelden alt inkl. (ikkje mat og drikke) kr 180 (kr 150 stud/pensjon.)

Arrangør: Hjørundfjord kulturvernlag i samarbeid med Dei Nynorske Festspela

Les heile

Unn Frøland

15.06.2006

Plattingdans

" Sjuande far i huset" spelar til dans i Bondalsparken på laurdag. Me håper vergudane er med oss og at mange tek turen. BFUL arrangerer

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

15.06.2006

Bilete til årsskriftet

Dette er ein fin møteplass for å skaffe bilete til årsskriftet "Frå Hjørundfjord". Dette året er eg særskilt interessert i bilete tekne i 1906 (for hundreår sidan) og frå 1956 (altså for 50 år sidan). Bileta frå 1956 må vere spesielle, tekne på spesielle dagar, av spesielle hendingar, ev. skulebilete. Dette året er det også andre næringar som er tema for årsskriftet, så har du bilete frå verkstadar, smier, handverkarari arbeid osv. så kan desse bileta vere av interesse.

Jarle Walseth

Les heile

Rune Sæbønes

11.06.2006

3000 så langt

<a href="images/artiklar/folket_samlar_seg1.jpg" target="_blank"><img src="images/artiklar/thumbs/folket_samlar_seg1.jpg" border="0" alt="Folket samlar seg.jpg" title="Folket samlar seg.jpg" hspace="10" width="150" height="113" align="right" /></a>Kring 3.000 personar har vore innom Hjørundfjorddagane så langt. Det stadfestar Øystein Haugen og Eldbjørg Tvergrov i arrangementsnemnda.

Les heile

Rune Sæbønes

11.06.2006

Grusbana er full

- Grusbana er snart full med bilar. Det er eit teikn på godt besøk, seier Bernt Arve Hustad. Han har sine faste kjennemerke for vitjinga under Hjørundjforddagane.

Les heile

Rune Sæbønes

11.06.2006

Minivassendgutane starta søndag

Vassendgutane kom ikkje til Hjørundfjorddagane i år, men kva gjer vel det når Minivassendgutane kom. Søndag starta showet med ein minikonsert med Minivassendgutane og gruppa Spawn frå Ørsta.

Les heile

Rune Sæbønes

10.06.2006

Varmare enn San Fransisco

<a href="images/artiklar/woodleg_odd.jpg" target="_blank"><img src="images/artiklar/thumbs/woodleg_odd.jpg" border="0" alt="Woodleg_odd.jpg" title="Woodleg_odd.jpg" hspace="10" width="150" height="113" align="right" /></a><a href="images/artiklar/woodleg_odd.jpg" target="_blank"></a>- Dette er varmare enn San Fransisco, seier bassist Arne Moe i Woodleg Odds. Han og bandet skal på scena kl. 16.00. Dei var nyleg i USA og framførte sitt nye repertoar i California. No er det Sæbø og Hjørundfjorddagane som står for tur.

Les heile

Rune Sæbønes

10.06.2006

Manglar vakter

Nemnda for Hjørundfjorddagane fortvilar. Det viser seg at fleire vakter ikkje møter. - Vi aksepterer at folk ikkje kan møte, men folk må seie i frå. Alle dei som møter gjer ein kjempeinnsats, og det er å leggje ei ekstra byrde på dei når folk ikkje møter, seier leiar Eldbjørg Tvergrov i Sæbø IL.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

10.06.2006

Tromma festen i gang

Brattvåg Trommekorps tromma folkefesten Hjørundfjorddagane i gang no kl. 14.00. Med heftige rytmer vart det skapt liv blant publikum med det same. Det var ordførar Hans Olva Myklebust som stod for den offisielle opninga.

Les heile