Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2006 » Kultur

Attende til hovudsida

Artiklar frå November 2006 i Kultur

Rune Sæbønes

30.11.2006

Frå Hjørundfjord, nr. 28, er i handelen

Frå Hjørundfjord, årsskriftet til Hjørundjford Sogelag vil fredag vere i handelen. Årsskrift nummer 28 er innhaldsrikt, og tek særleg føre seg næringssoge i fjorden. Igjen har skriftstyret ved redaktør Jarle Walseth truleg levert ein bestseljar.

Les heile

Ivar Svein Mo

26.11.2006

Aktiv dag på Bondalen grendahus

Laurdag 25.nov. var hjorundfjord.no ein tur innom Bondalen grendahus for å sjå kva som foregjekk, og her var mange personar aktive.I gangen møtte vi opplagde styremedlemmar i grendahuset som reperarerte innvendig tak, for lekasjeskader.I storesalen sat mange undommar som hadde delteke i datapartyet som ungdomslaget arrangerte, her var blikket stivare etter ei våkenatt, enn med karane i gangen...

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

23.11.2006

Helselaget held juleverkstad

Hjørundfjord helselag held juleverkstad på Bondalen grendehus, onsdag 6. desember. Helselaget samarbeider med strikkekafeen, slik at strikkekafeen vert på grendehuset denne kvelden.

Les heile

[2 kommentarar]

Unn Frøland

20.11.2006

Dataparty

Som de ser på aktivitetskalenderen skal BFUL i samarbeid med Grendahuset arrangere dataparty for ungdomen, i den forbindelse hadde det vore kjekt om nokon kunne stille som vakter. Partyet byrjar i 16- tida fredag og held på eit døgn, så vi treng vakter heile det døgnet. Om nokon kan stille eit pr timar er det flott:) Det vert ei rolig vakt så det går godt an å ta med noko å sysle med. Kontakt Unn, eller meld dykk gjennom kommentar under dei som kan stille så vert de kontakta. (tlf 99239751)

Les heile

Knut Hustad

08.11.2006

Ny singel frå Edith

Hjørundfjorden sin eigen plateartist, Edith Flakk, er i desse dagar ute med den nye singelen "Kjem heim". Edith ser vi til høgre og fotograf er den unge Marius Bech Dahle frå Volda.

Les heile

Rune Sæbønes

06.11.2006

Takvam-kveld på Bondalen grendehus

I år fyller hjørundfjord-diktaren Marie Takvam 80 år. Dette vert markert også i Hjørundfjorden. Komande fredag inviterer Hjørundfjord Sogelag og Ørsta Mållag til Takvam-kveld på Bondalen grendehus.

Les heile

[1 kommentar]