Lars Vatne Nielsen
22.02.2017
God aktivitet på bedehuset i 2016.
Vi i styret for bedehuset ser tilbake på eit år med mykje god aktivitet som vi vonar er med på å styrkje samhaldet i Hjørundfjorden, og at folk kjenner at her er det godt å vere. I tillegg har vi gjennom utleige og inntekter på matsal fått inn pengar slik at vi kan få halde huset ved like slik at det framleis vil framstå som eit moderne hus.
Vi vil nytte anledninga til å takke alle som har hjelpt til i 2016.