Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2014 » Folk og bygd

Attende til hovudsida

Artiklar frå September 2014 i Folk og bygd

Kåre Myklebust

12.09.2014

Barnehagen på innhausting

Barnehageborna på Sæbø var i dag på tur til Lekneset. I vår var dei her og sette poteter og sådde grønnsaker. No var det tid for innhausting for ein forventningsfull gjeng.
Flott at borna får sjå og lære at ikkje alt veks i butikkhyllene. Reknar med at avlinga smaker ekstra godt når dei får ete av eiga avling.
Flott tiltak av barnehagen og ikkje minst av Oddlaug Gulbrandsen som har avsett ein del av hagen sin til dette føremålet!

Les heile

Haldis Fiskå Mo

10.09.2014

Snart klart for loppemarknad

Bedehuset vert treffpunktet på Sæbø i helga, her vert det mykje fint å finne for ein billeg penge og her kan ein treffe kjentfolk og ta ein prat over ein kopp kaffi med nydelege kaker.
Vi håpar på rekordbesøk.

Les heile

AnnHelene Wille

05.09.2014

Loppis

13 og 14 september brakar det laust på Sæbø bedehus. Vil minne om vi startar mandagskveld 8.09 då har vi ope frå kl 18.00 til å take imot lopper. Du kan levere alt frå fint brukte kle til små møbler. Bruk helga no til og få rydde i hyller,skuffer og skap. Om du lurer på noko så må du berre ringe oss.
Om du ynskjer og hjelpe til, bake ei kake eller andre ting så er du velkomen til det.:)Ta kontakt med ein av oss.


Med helsing : Åshild Taklo, Haldis F Mo, Ingvild Åmbakk, Sigrun Hjellen og AnnHelene Urkegjerde.

Les heile

Siw Lillebø

03.09.2014

Elverampemarsj og Tussa krafttak

Laurdag 6. september er det tid for turmarsj på Elverampa. Sæbø IL er uttrekt til å delta på Tussa sitt krafttak, der vi skal gjere ei god gjerning for nokon andre. Den gode gjerninga vår er å ta med oss bebuarane på Hjørundfjordheimen på turmarsj på Elverampa. Så vi treng all muskelkraft, viljekraft og turglede som Sæbø IL sine medlemmar (og andre) har. MØT OPP

Les heile

[1 kommentar]