Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2013 » Folk og bygd

Attende til hovudsida

Artiklar frå April 2013 i Folk og bygd

Hilde Muren

26.04.2013

Ryddeaksjon våren 2013

Retura Søre Sunnmøre, i samarbeid med Ørsta Kommune og Volda Ørsta Reinhaldsverk, inviterer med dette Bondalen og Sæbø til ryddeaksjon 2013.

Les heile

Bodil Skare

18.04.2013

Snart er det 17 mai.

Foreldreutvalget ved Sæbø skule er godt i gong med planlegginga av 17 mai feiringa.
Vi vil gjerne at dei som kan bake kake, eller vil hjelpe til på ein eller annan måte, tek kontakt med oss.
Det vert stadig ferre born ved skulen og dermed ferre foreldre å dele oppgåvene på, så har du lyst og anledning å bidra med noke så takkar vi gjerne ja til det.

Les heile

Per Urke

13.04.2013

Dei vakre steinmurane våre

Statens Vegvesen får vel fortent ros for dei vakre forstøtningsmurane i naturmurstein som vert sett opp langs vegane og langs sjøkanten. Steinen vert tilkøyrt frå Gjermundnes eller frå Nordfjord.

Les heile

[4 kommentarar]

AnnHelene Wille

06.04.2013

"Presten og Pasienten"

Er tittelen på kveldens temakveld på Sæbø bedehus tirsdag 9.4.kl 20.00

Det er tidlegare sokneprest frå Ørsta, Vik i Sogn og Herøy som no har blitt
prest ved Volda sjukehus.Jens Terje Johnsen han kjem til oss tysdag og vil dele refleksjonar
han har gjort seg i den nye tenesta. Sjølv om oppdraget ved sjukehuset
botnar i den same ordinasjonen kyrkja har gitt alle prestar, finn han at
ramma for sjukehuspresttenesta på fleire måtar er ei anna. Dette gir nye
utfordringar i kvardagen, noko han finn både krevjande og innbydande. Den
nye sjukehuspresten seier han gler seg til kvar ny dag på sjukehuset.
Styret for Sæbø bedehus vil denne kvelden innvitere til en kveld som er open for alle aldersgruppe og er heilt sikker på dette er noko som vi alle trenge og høyre på og kan få bruk for i kvardagen.

Vi serverer ein enkel og gratis kveldsmat og praten kan gå uformelt utover kvelden.

Velkomen til ein hyggjekveld:)

Les heile