Åse-Lill Leknes Kvistad
29.05.2012
BFUL har stand på Hjørundfjorddagane!
Vi stiller i år som i fjor med stand!
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2012 » Folk og bygd
Åse-Lill Leknes Kvistad
29.05.2012
Vi stiller i år som i fjor med stand!
Per Urke
28.05.2012
Under Hjørundfjord-dagane 2.og 3. juni stiller vi i Sogelaget si fotonemnd på stand saman med Sogelaget.
Vi vil gjerne kome i kontakt med bygdefolk og andre som måtte ha bilete frå Hjørundfjord. På denne måten skal det gjerast eit arbeid med kopiering, lagring og stoffinnhenting av vår lokalhistorie der fotoet fortel.
Rune Mo
27.05.2012
Kvart år pryder Hjørundfjorddagane seg med ein spanande kyrkjekonsert. Årets konsert vert eit samarbeid mellom Volda mannskor og brørne Svein og Bjørn Årseth.Vi har og invitert årets vinner av Sparbank1 sitt stipend av framifrå unge musikarar Peter Dougherty.
Ivar Svein Mo
21.05.2012
Det vert kanskje i meste laget med dugnader etter kvart, men for å få ferdig den lenge etterlengta parken ved Hjørundfjordheimen, må vi nok be bygdefolket om hjelp nokre timar...
Bilde teke ifrå Grøthaugen 1.5.2012(ovanfor Mo)
Aanon Aanonsen
19.05.2012
Dugnad på skulen
Knut Hustad
11.05.2012
- Kanskje er det sommaren som er komen? Det er vaktmeisteren, Andreas Hustad på Sæbø, som lurer på dette. Men same kva: - Det er nesten forgale å arbeide på slik ein flott dag, slår han fast.
Rune Mo
27.05.2012
Program Hjørundfjorddagane 2012
www.hjorundfjorddagane.no
Hjørundfjorddagane vert arrangerte kvart år på Sæbø i Hjørundfjorden på Sunnmøre den fyrste helga i juni. Arrangementet har gått mest uavbrote sidan byrjinga på 1970-talet.
I år fell Hjørundfjorddagane på laurdag 2. juni og sundag 3. juni.
Hjørundfjorddagane har markert seg som ei stor lokal kulturmønstring, med utstillarar innan kunst, handverk og brukskunst og med mykje god mat. I tillegg til dette vert det i god tradisjon familievenleg underhaldning frå scena og kyrkjekonsert i Hjørundfjord kyrkje.
Per Urke
09.05.2012
Langs sjøkanten på Standal ligg dei på rekkje. Lengst i sør ligg den siste tilveksten som no nærmar seg fullføring. Det er Standal Knuseverk AS som er byggherre for ei djupvasskai med tilhøyrande utskipingsanlegg.
Hilde Muren
08.05.2012
Vi ryddar og gjer sentrum klar til 17. mai, Hjørundfjorddagar og ein god sentrumsommar for oss alle.
Benkar, bord og sommarblomar skal fram, ugrass og anna skal vekk.
Ta med arbeidslyst, arbeidshanskar, trillebør, hakkegrev m.m. og mot opp til ei sosial arbeidsøkt.
Grendalaget stiller med kaffe/drikke og noko å ete attpå.
Ingen aldersgrense, dette er for både store og små.
Vel møtt!
Aanon Aanonsen
14.05.2012
Arbeidsliste for 17. mai 2012
Knut Riise
06.05.2012
Ein dag i haust kom ein kar og på besøk. Det var 50 år sidan sist eg såg han. Eg såg det var noko kjent, men ikkje før han sa at han hadde jobba i Hjørundfjord kraftlag kom eg på namnet tvert. Bjarne Flisnes. Han reiste herifrå i 1961, det året eg gjekk ut av folkeskulen. Han hadde så god kontakt med oss yngre garde. Så eg hugsa godt at me tykte det var leitt at han reiste. Det stod om ein 25 øring pr time i lønspålegg, som han ikkje fekk.........
Per Urke
04.05.2012
Urke-elva har gjennom hundreåra vore ein ekte villstyring. Over heile deltaområdet, Ytre Urke og Indre Urke og Halekja, ser vi at all stein i jorda er rundslipt. Det er prov på at elva har vore i kontakt med steinen.
Hilde Muren
25.05.2012
Tysdag 29.mai kl 17:00 kjem grindahusekspert Kåre Løvoll for å rettleie vidare på arbeidet med grindaløda.
Grendalagsleiar Øyvind Taklo rapporterer om stor arbeidsinnsats frå bygdefolket og meiner at med like god innsats ein to-tre-fire kveldar til, så klarer vi kanskje å røyse grindahuset til Jonsok.
Dei som har kika inn på byggverket som ligg i Stormøllen er storleg imponert over kva vi klarer her på Sæbø. Også "ørstingar" har sagt seg samde i dette.