Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2012 » Folk og bygd

Attende til hovudsida

Artiklar frå Desember 2012 i Folk og bygd

Emilie Cathrin Skår Ville

31.12.2012

3.dagsfest :-)

27. desember var det pånytt duka for den årlige tredjedagsfesten på grendahuset på Sæbø. Mange hadde teke turen, dette er eit arrangement ein ser fram til! Der både fastbuande og fråflyttande kjem.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

31.12.2012

Gamle bilete.

I dag den 29. des, då avisomberinga sviktar, er det freistande å legge ut eit bilete av Laurits Rekkedal.
Han er det fyrste postbodet eg kan hugse.
Sjølv om han hadde vore mange år i utlandet var han i alle fall i stand til å finne alle postkassene i dalen.
Det er så ymse med dei utlendingane som ber rundt avisa no for tida.
Det var nesten rart at eg kom fram på dette biletet i går kveld då eg scanna negativ frå Anders Hustadnes sitt arkiv for sogelaget.
Kanskje kan me bruke portalen for å identifisere personar og stader/årstal?
Eg prøvar, og håpar på kommentarar, så får me kanskje litt fart på Hjørundfjord.no også?

Les heile

[10 kommentarar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

23.12.2012

Førjulstid på Hjørundfjordheimen.

Juletreet er pynta, katten Baldrian kosar seg med alt det nye som dukkar opp.
No skal du få sjå litt om kva som har hendt på Hjørundfjordheimen i ei travel førjulstid...

Les heile

AnnHelene Wille

18.12.2012

4 Juledag .Julefest.

4 Juledag 28 des kl 16.00 vert den tradisjonelle julefesten på Sæbø bedehus.
Ønsker alle velkomen til ei trivelig stund ilag med familie,venner og kjende.
Dette har vorte ein fin tradisjon som vi ønsker og ta vare på. Etter program av ymse innslag og gang rundt tredet verte det mat og kaffi i kjellarstova,ta gjerne med mat på fat.Kan hende nissen dukka opp.

VELKOMEN.

Styret for Sæbø bedehus ønsker dokke alle ei Velsigna Julehøgtid og ei STOR Takk for all hjelp I 2012.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

06.12.2012

Open dag var ein vellukka dugnad.

Loddsalget gjekk så det suste, gevinstbordet bugna, kakene smakte fantastisk, grauten likeså, underhaldninga var variert og fengande, ja open dag var ein stor suksess.
Tusen takk til alle som stillte opp og hjelpte til, kjøpte lodd og mat.
Uten god hjelp frå alle som kom denne dagen, hadde ikkje open dag vore ein slik suksess.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

07.12.2012

Mykje og mongt frå hausten.

Hausten er over og jula står for døra.
Mørketida er ei fin tid å mimre om varmare dagar på, her er litt hendingar frå hausten.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

03.12.2012

Då Vassendgutane bergtok Hjørundfjordheimen.

"De e på store plassa det skjer" Contryfestival på Sjåk, Breim, Rockefeller og her.
Hjørundfjordheimen var fyllt til randa av forventningsfulle folk, ein fredag i november, då sjølvaste Vassendgutane gjorde sin entrê.

Les heile