Janneche Myklebust
27.01.2012
Helselagsbasar
Helselagsbasar på Bondalen Grendahus søndag 5. februar 2012 kl 15.00. Vi er so heldige at vi har fått tak Åmdalskoret BERRE DAMER. Håper dette kan vere av interesse for mange.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Januar 2012 » Folk og bygd
Janneche Myklebust
27.01.2012
Helselagsbasar på Bondalen Grendahus søndag 5. februar 2012 kl 15.00. Vi er so heldige at vi har fått tak Åmdalskoret BERRE DAMER. Håper dette kan vere av interesse for mange.
Knut Riise
12.01.2012
Dei første negativa på scannaren til Ivar gav oss desse glimrande fotoa frå ei tid som i ettertid er som eit eventyr, sjølv for oss som var der og deltok.
Denne serien er truleg frå det argaste av alle gode lakseår, eller pjakkeår, må ein vel helst kalle det, 1973.
Sjølv om eg ikkje kan kalle meg for nokon stor laksefiskar så fekk eg ein morgon 23 pjakkar og ein laks, og måtte gå to vender med fisk før eg henta troda. I trea på Hustadsida hang fisk så langt ein kunne sjå nedover og framover. Kor mykje dei argaste fiskarane tok same morgonen er vanskeleg å forstille seg.
Alle foto: Anders Hustadnes.
Knut Riise
11.01.2012
Vi har så smått teke til å samle inn og scanne gamle bilete og negativ.
I samband med det har vi så vidt teke til på negativskuffa til Anders Hustadnes. Eg kan love at der er mykje flott!
Endå har vi ikkje fått kjøpt inn utstyr, men Ivar Svein Mo har ein scanner privat, og han har gått i gjennom ein liten del av Hustadnesnegativa. Her er ein smakebit. Kommenter gjerne kven jentene er og kva tid bileta er tekne.
Hjørundfjordheimen Sæbø
01.01.2012
Julehøgtid og romjula vart ei turbulent veke med mykje vind og uro.
På hjørundfjordheimen fann vi ut at det var eit flott vêr ute til å vere inne i.
Vi har kosa oss med mykje god mat og flotte opplevingar.
Kari Stokke
08.01.2012
Tidleg i desember avslutta strikkekafeen året med eit triveleg julebord på Bedehuset.
No er jula over og dei er klar for ein ny sesong.