Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Januar 2010 » Folk og bygd

Attende til hovudsida

Artiklar frå Januar 2010 i Folk og bygd

Per Urke

31.01.2010

"Kvannj ditta é då?

Rune Sæbønes, tidlegare administrator av Portalen, har ein gong skrive: "På Portalen er det ikkje for mykje stoff av noko slag, men for lite av anna, og dersom du meiner det, då er det opp til kvar enkelt å skaffe det stoffet som dei ønskjer skal dominere og balansere.."
Kanskje det kan vere plass til eit tilbakeblikk? Så får vi snakke om framtida ein annan gong.

Les heile

[3 kommentarar]

Per Urke

24.01.2010

Badeplassen i Bøvika må gjerast meir attraktiv

Bøvika har vore badeplass for Urkebygda gjennom 80-90 år. Grendalaga i Norangsfjorden ønskjer å gå saman om å ruste opp området slik at det vert meir attraktivt for bygdefolket og ikkje minst gjestene som spør: ”Kvar skal vi få bade?”

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

19.01.2010

Legestillinga i Hjørundfjorden

I Møre Nytt laurdag 16.januar d.å. gjekk varaordførar Hovden ut i Møre Nytt og tilkjennegjorde Ørsta kommune og sitt syn, på legestillingane i Hjørundfjorden og på Vartdal. Politikarane har tidlegare vedteke å overføre desse to legeheimlane til å finansiere utbygginga av legesenteret i Ørsta. Vil kommunestyret at desse to stillingane skal bestå som i dag, må legesenterutbygginga revurderast, meiner han.

Dette innlegget på laurdag har fått Synnøve Rekkedal Hill til å reagere kraftigt med eit ope brev til Hovden i dagens Møre Nytt...

Les heile