Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2009 » Folk og bygd

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juli 2009 i Folk og bygd

Ivar Svein Mo

21.07.2009

Veterinærvakt som sommarjobb

På Kvistadssetra har kyrne det bra om sommaren, men enten eigarane vil eller ikkje, så må veterinærvakta tilkallast om det er helg eller yrke. Sist søndag(19.juli) var det Anne Stine Foldal Aam som køyrde helgavakta, og i lag med seg hadde ho assistent…

Bilde th.: Fellesfjøsen i Kvistaddalen sommaren 09

Les heile

Per Urke

20.07.2009

"Solingen" - også ein hekksbåt

Det er ferietid og god plass på portalen. Difor tillet eg meg å fylle opp med litt lokalhistorie:

"Møre-Nytt" skreiv laurdag om ein nybygd hekksbåt som i vinter vart bygd i Bjørkedalen. Det kan forståast slik at dette er ein ny båttype frå Bjørkedalen sine båtbyggarar. Det er nok heller slik at båttypen er ny for denne båtbyggaren, Jakob Bjørkedal. Men "gamlekarane" der i dalen visste noko anna...

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

15.07.2009

Eit lite tibakeblikk til sommaren 2006

Vi har ein fin sommar no, og det byrjar kanskje å verte vanleg? Følg linken, for slik var sommaren 2006: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=sok&handling=resultat&sokeord=Syden&kilde=0&kn_sok=S%C3%B8k

Les heile

Per Urke

09.07.2009

Å bu i klyngetunet på Ytre-Urke

Det er kort avstand mellom naboane i eit klyngetun. På mange måtar er det praktisk når det gjeld å finne enkle løysingar for felletiltaka. Etter kvart som utskiftingane kom, vart klyngetuna borte. Men på Ytre Urke har det aldri vore ei slik utskifting. Fem gardar høyrer med under Ytre-Urke. Tre av tuna ligg i tett klynge.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

08.07.2009

Hjørundfjordportalen, kva no?

Eg veit eigentleg ikkje om eg torer å skrive dette, men skit la gå. Eg saknar ein reportasje frå Trandalblues på portalen. Og frå andre hendingar i fjorden. Har vi vorte late, og er vi i ferd med å gjere portalen uinteressant?

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Arvid Uglebakken

07.07.2009

Fine turer

Etter å ha besøkt mye av naturen og bygdene i Hjørundfjorden, må konklusjonen være: Dette er flotte turer for turister og besøkende fra både fjern og svært nær.

Les heile

[2 kommentarar]