Per Urke
23.05.2011
Urke Grendalag med stor aktivitet i medvind
Årsmøtet i Urke Grendalag hadde svært godt frammøte og friske diskusjonar om mange av sakene på kartet. Møtet varte i nær fire timar og det vart registrert konkurranse om å få plass i styret, noko som må seiast å vere svært positivt.