Hjørundfjord bygdemobilisering
31.03.2009
Ungdomskveld på Hellesylt
Ungdommar i Hjørundfjorden er invitert til Hellesylt måndag 6.april til ein felles ungdomskveld med ungdommar frå Hellesylt og Stranda. Aldersgrense 15-25 år.
Dette er eit Bygdemobiliseringsprosjekt ilag med Hellesylt og alt er gratis inkl. reise.
Er du interessert så ring 90203236/SMS/mosveise@tussa.com eller skriv kommentar for å melde deg på. Det vert buss til/frå Lekneset og båt heimatt.
Sjå program nedanfor.