Hjørundfjord bygdemobilisering
31.05.2007
Ny Hjørundfjord-brosjyre
Brosjyren er no ferdigtrykt og klar for bruk. Han er meint å vere ein apetittvekkar for alle interesserte i fjorden, tindane, kulturen og folket. Brosjyren har ingen adresser eller telefonnummer til produktleverandørar, berre til hjorundfjord.no.
Bygdemobiliseringa vil på denne måten prøve å skape eit samspel med portalen slik at det er heimesida som eigentleg er hovudbrosjyra. Der skal vi gjere produkta våre attraktive og tilgjengelege. Der skal kundane få nok og så god informasjon at Hjørundfjorden kjem med i deira framtidige reise- og ferieplanar.