Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2020

Attende til hovudsida

Artiklar

Februar 2020

Hjørundfjordheimen Sæbø

23.02.2020

Sykkelfeber på Hjørundfjordheimen.

Gløym regnvër og slaps, vi på Hjørundfjorheimen syklar gatelangs i Paris, Trondheim og andre stadar med Motitec sykkelen.
Kom gjerne innom å sjå eller prøv.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

27.02.2020

Badenymfer frå Hjørundfjordheimen.

Tenk å bevege seg i eit varmt godt vatn, medan vinden bles og regnet pøsar ned ute.
Varmtvassbassenget i Volda var reisemålet ,der boltra vi oss i ein time i dette hærlege bassenget.

Les heile

Knut Hustad

21.02.2020

Børs/ møte for alle arrangert av Hjørundfjord bondelag

For eit par år sidan var der ein litt lubben, kondisjonssvak og damelaus kar på Vartdal. - Kva gjer eg no, tenkte han? Kom og høyr på denne trivelege, unge mannen som attpåtil er halvt hjørundfjording. Han kjem til Bondalen grendahus med ord og foto no onsdag, onsdag den 26. februar klokka 2030. Børsen/hyggekvelden er open for absolutt alle.

Les heile

Øyvind Taklo

18.02.2020

Sæbømeisterskapen i quiz

Velkomen til 2. runde i Sæbømeisterskapen i Quiz førstkomande fredag, 21. februar på Sagafjord hotel. Vi håper på stor stemning og mykje folk! Vi gler oss!

Les heile

Lisbet Vatne Nielsen

16.02.2020

Loppebuda + kafe + Byttebix.

Laurdag 22. februar kl. 12-15.00 er Loppebuda åpen. Nye varer er på plass, kafeen er åpen, og det vert Byttebix for born.

Les heile

Knut Hustad

02.02.2020

Landbrukskonferansen i Ørsta

Mat må ein berre ha, men kva slags mat? Er raudt kjøt frå storfe og sau på beite berre for aldrande mannfolk som ikkje har fått med seg at det er ein klimadebatt på gang? Og har gardbrukarane fått med seg at det er noko som heiter internett og blogg? Og kva med reiselivet og turismesatsinga - kan landbruket hjelpe til her?
Møt opp på Ørsta kulturhus onsdag 5. februar klokka 1000 så får du vite mykje om det som her er nemnt og om mykje anna. Og Kjell "Kjellen" Bigset opnar...

Les heile