Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2019

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2019

Kari Stokke

29.08.2019

Loppemarknad på Sæbø bedehus 14. og 15. september

Gjenbruk er aktuelt som aldri før og 14. og 15. september vert det endeleg loppemarknad på Sæbø bedehus. Om du lenge har tenkt at det er på tide med ei opprydding har du sjansen no. Vi set stor pris på å få fullt brukbare ting du ikkje har bruk for lenger. Det som er skrot for nokre kan vere verdfulle skattar for andre.

Kvitevarer, store møbler / møblement, klede, sko og bokverk kan vi IKKJE ta imot.

Pakk ned i kassar og levér på bedehuset 9.-13. september kl. 18.00 - 20.00

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

26.08.2019

Grisegrilling og dans med trubadur Siggen

På eit møte i vår satt vi i styret i ungdomslaget og la planane for sommaren, hausten og den nye utescena som er planlagt i Bondalsparken. Då kom det eit forslag om å arrangere dans for å ha eit sosialt samkome for bygdefolket og samtidig få inntekter til den nye scena. Vi ville også tilby mat for gjestane, og vi bestemte oss for å servere heilgrilla gris med tilbehør.

Les heile

Bodil Skare

08.08.2019

Mat- og kulturfestival i Hjørundfjorden.

Frå 31.august til 8. september vert den andre Matfestivalen arrangert i Hjørundfjorden. Prosjektnemnda har laga program som skal passe alle aldrar, kanskje serleg born og godt vaksne.

Les heile

Bodil Skare

05.08.2019

Vasstøylen og Kvamsedalsreset.

Ein flott utsikt på ein vakker stad, med eit triveleg turfylje.
Dette var alt me trengde for å få ein flott måndagstur til Kvamsedalsreset og Vasstøylen.

Les heile