Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2018

Attende til hovudsida

Artiklar

Februar 2018

Knut Hustad

26.02.2018

Den siste dokteren

Så var dagen der, legesekretær Elisabeth Årseth Dimmen og lege Ali Watti hadde i dag sin siste arbeidsdag ved Sæbø Legekontor og kontoret er no stengdt for godt. Hjørundfjorden si lange historie med eigen dokter er over.

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

23.02.2018

KARNEVAL!

Karneval på Grendahuset for store og små.
13:00 - 15:00.
Inngongspris 20 kr pr person eller 50 kr pr familie.

Les heile

Ivar Svein Mo

20.02.2018

Vi minnast Riseulukka 50 år etter.

Ei høgtideleg og ei gripande stund vart det ved minnesteinen på gamle Rise, måndag 19.februar 2018. Mykje av familiane på Rise var samla ilag med venner og kjentfolk. Det vart fortalt om Risetunet før raset, og korleis det var på rasdagen og om oppattbygginga. Ragna Rise er den eldste som er att av dei naboane som var råka, og hadde ein fin forteljing om den gode tida på Riise.

Les heile

Ivar Svein Mo

20.02.2018

Ukebladet Vi Menn skreiv også om Riseulukka

Rikspressa fann interesse i den tragiske rasulukka i Bondalen på Sæbø. Ukebladet "Vi Menn" hadde 10.april 1968 ein fyldig artikkel med bilder og intervju.

Legg ut artikkelen utan vidare kommentarer. Klikk på kvar enkelt bilde for å forstørre for lesing...

Les heile

Lisbet Vatne Nielsen

14.02.2018

Ny dato kreativ kveld.

Vi prøver igjen med ny dato for kreativ kveld, då det var berre 5 som melde seg på sistgong.Laurdag 28 april kl 19.00 vert det kreativ kveld på Sæbø bedehus med Manuela og Lisbet. Kvelden kostar 300 kr.Send sms til Lisbet mobil 47688650 for å melde deg på.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

13.02.2018

Årsmelding for Sæbø bedehus 2017

Vi i styret for bedehuset ser tilbake på eit år med mykje god aktivitet som vi vonar er med på å styrkje samhaldet i Hjørundfjorden, og at folk kjenner at her er det godt å vere. I tillegg har vi gjennom utleige og inntekter på matsal fått inn ein god slump pengar slik at vi kan få halde huset ved like slik at det framleis vil framstå som eit moderne hus.
Vi vil nytte anledninga til å takke alle som har hjelpt til i 2017.

Les heile

Kari Stokke

13.02.2018

Bruk aktivitetskalendaren!

På Sæbø og i Hjørundfjorden er det høg aktivitet. Kreativiteten er stor og det er mange som vil vere med på mykje.
Men det er viktig at vi ikkje "slår kvarandre i hjel" og det er kjekt å få vite kva som skjer.
Planlegg du ein aktivitet eller eit arrangement?
Sjekk i aktivitetskalendaren her på Hjørundfjordportalen om dagen / tida er opptatt.
Legg ditt arrangement inn i aktivitetskalenderen snarast råd, så ser andre kva planar som finst for dagen.

Les heile

Tor Eirik Trandal

07.02.2018

Segner frå Hjørundfjorden

Norsk folkeminnesamling har netto lansert eit digitalt kart over segner i Norge og Norden. Ca. 1300 segner er lagt inn til no. Hjørundfjorden er rik på segner.

Les heile

Ivar Svein Mo

03.02.2018

Himmelsk pop med faSong i Hjørundfjord kyrkje

Søndag 11.februar kl.20.00 vert det "himmelsk pop" i Hjørundfjord kyrkje med koret faSong.
Koret stiller med stødige musikarar. Alle songane som er plukka ut, er henta frå populære artistar i ulike sjangrar frå seks ulike tiår, frå Billy Preston i 1969, produsert av George Harrison, og fram til Marthe Valle i 2017.

Mange av songane får ein høyre på nynorsk for første gong.

Dei er å høyre i Ivar Aasen-tunet laurdag 10. februar og i
Hjørundfjord kyrkje på Sæbø søndag 11. februar.
Vel møtt!

Les heile

Tor Grunde Simonsen

02.02.2018

Vinterferie-Quiz!

Fredag 16.02 kl 20.00 er det klart for 2. runde av Sæbø-meisterskapen i Quiz 2018 på Sagafjord Hotell.

Les heile