Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2018

Attende til hovudsida

Artiklar

Oktober 2018

Bondalen frilynde ungdomslag

28.10.2018

Vellykka basar på Bondalen grendahus

BFUL arrangerte i dag søndag 28.oktober, basar for første gong. I strålande sol var det nokre usikre arrangørar som ikkje heilt visste kva som venta - hadde vi laga til for mange karbonadesmørbrød og hadde vi ein åresalgevinst til kvar ein gjest?

Les heile

Knut Hustad

28.10.2018

Årsmøte i Hjørundfjord bondelag

Nei, det vert nok ingen kamp, men heller sosialt samvær og lærdom. No tysdag, den 30. oktober klokka 2000, vert det årsmøte i Hjørundfjord bondelag på Hotel Sagafjord på Sæbø. Ikkje berre vert det gratis middag, men også lærdom om korleis vi skal fòre husdyra våre på best mogleg måte...

Les heile

Ivar Svein Mo

25.10.2018

Allehelgenskonsert i Hjørundfjord kyrkje

Søndag får Hjørundfjord kyrkje besøk av eit ensemble frå Ulsteinvik som heiter "Jazz&Koral" som skal halde konsert. Dei har invitert med seg damekoret "Lyst" også.

Konserten startar kl 19 og bill. kjøpast i døra for 200,-

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

23.10.2018

Halloweendisko fredag 2. og laurdag 3.november

BFUL arrangerer halloweenfest for born og unge frå barnehagealder - 10. klasse på Bondalen grendahus fredag og laurdag.
Vi delar opp klassene slik:
3.- 6. klasse: fredag frå klokka 18.30-20.00
7.-10. klasse: fredag frå klokka 20.00-22.00.

Barnehage -2. klasse: laurdag frå klokka 13.00-15.00.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

16.10.2018

Haust og matauk.

Det vart mykje eple på treda ute i hagen på Hjørundfjordheimen i år. Alle var i sving slik at vi fekk nytte epla på fleire måtar.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

16.10.2018

Haust på Hjørundfjordheimen

Når hausten har bydd på so mange våte dagar som i år, då er vi einige om ein ting: det er fint veir ute, til å vere inne i.

Les heile

Tor Eirik Trandal

15.10.2018

Tyssefossen viser sine krefter

Grunna vedlikehaldsarbeid ved Tussa kraftverk og den kraftige nedbøren siste tida fløymer Tussevatnet over, og gjer at Tyssefossen viser sine krefter som i glansdagane før reguleringa tidleg på 60-talet. Regnet og varmen i går gjorde at elva vart ekstra stor og trua både bruer og vegar på Bjørke. Både brua og vegen vart stengd, men brua er no open for trafikk igjen. (Ingressfoto: Ingvild Mork)

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

12.10.2018

OPEN DAG ved Hjørundfjordheimen

31. oktober vert det OPEN DAG ved Hjørundfjordheimen.
Vi inviterar bygdefolk, pårørande og andre til å kome på besøk denne dagen.

Les heile

Kristin Vatne

09.10.2018

Førsteklasses i Hjørundfjord kyrkje

Går du i første klasse? Likar du å lese, teikne, skrive og løyse oppgåver? Då har me ei fin gåve til deg! I kyrkja har me ein stor stabel med heilt nye oppgåvebøker som me har lyst å gi til alle førsteklassingar i Hjørundfjord komande søndag 14. oktober.

Les heile

Kari Stokke

06.10.2018

Julemesse søndag 25. november

Søndag 25. november kl. 13.00 - 17.00 vert det julemesse på Sæbø bedehus.
Avtale er gjort med mange flinke utstillerar, så her vert det gode høve til å kjøpe flotte julegåver.
I kjellarstova vert det kafé med brennsnut og gode kaker.

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

03.10.2018

Basar på Bondalen grendahus!

28.OKTOBER Kl.14.00-17.00

Velkomne til basar på Bondalen grendahus. Vi skal ha ein kjekk søndag i lag, med aktivitetar, underhaldning og god mat.

Les heile

Bodil Skare

01.10.2018

Thereseråsa, siste måndagsturen denne sesongen.

Hausten er godt etablert, med nysnøv i toppane kan vi no fyre i omnen å kose oss i kalde kveldar.Trimgruppa derimot går ikkje i hi! Vi har starta innesesongen for lenge sidan. Husk på, ut på tur kan du gå heile året.

Les heile