Tor Grunde Simonsen
28.09.2017
Oktoberprogrammet på Hjørundfjord Filmteater!
Sæbøklassikar, strikkefilm, ungdomsfilm med formel-1 og utekino på Kapteinkvia!
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2017
Tor Grunde Simonsen
28.09.2017
Sæbøklassikar, strikkefilm, ungdomsfilm med formel-1 og utekino på Kapteinkvia!
Bodil Skare
25.09.2017
I strålande haustvêr gjek den siste måndagsturen denne sesongen til Frølandsetra.
Sola brann i fjella og det var ein lett og fin tur med ein triveleg flokk.
Ivar Svein Mo
23.09.2017
Hjørundfjord kulturvernlag har trekt kunstlotteriet 2017. Litt forseinka, men no er det offentleg kven som vart dei heldige vinnarane...
Tor Grunde Simonsen
23.09.2017
Filmsalong søndag 24.09 - samarbeid med Amnesty International, Forskingsdagane og Høgskulen i Volda!
Hjørundfjordheimen Sæbø
25.09.2017
Bebuarane på Hjørundfjordheimen spanderte på seg ein tur med Hurtigruta MS Kong Harald.
Nokre vart med frå morgonen av, medan andre tok ein kortare variant.
Uansett vart det ein flott dag for alle.
Espen Aarseth
22.09.2017
Vi fyller Hjørundjord kyrkje med countrymusikk denne søndagskvelden!
Artistane Venche Leite og Åge Nybø har begge lang fartstid som musikarar, og har plukka fram eigne favorittar til denne konsertmessa.
I samarbeid med dyktige musikarar og sokneprest Espen Aarseth formar desse artistane ei heilt spesiell konsertmesse for første gong.
Espen Aarseth
22.09.2017
Det vert hausttakkefest-familiegudsteneste i kyrkja 1. oktober kl 14.00. Det vert dåp, nattverd og Hjørundfjord barnekor deltek! 1. klassingane får boka "Alle gode ting" Etter gudstenesta held hausttakkefesten fram på bedehuset med mat og program for heile familien.
Sæbø skule
21.09.2017
Torsdag 5. oktober frå kl 12-13.30 er bokbåten Epos på Sæbø. Kulturprogram av Torunn Tusj kl 12.00
Bodil Skare
18.09.2017
I dag var det ein flott dag å gå runda frå Fonnvernet, opp Gunnarråsa vidare over Skonndalen til Storenakken,så nedatt.
Vi merkar at det mørknar fort men vi hadde god tid .
Kari Stokke
14.09.2017
Onsdag 13. september var det endeleg oppstart for strikkekaféen på Sæbø.
God mat, mykje prat og klirring med strikkepinnar.
Akkurat slik det skal vere på ein strikkekafé.
Bodil Skare
11.09.2017
I nydelig hauststemning vart det ein flott tur på Tua på Sæbøneset
Vi rakk akkurat heim så vi slapp regnet og mørket.
Stian Kristoffersenn
06.09.2017
Bergen byr på mange tur-muligheter, fra lette søndagsturer til tyngre turer for godt trente turgåere. Bergen er omkranset av fjell, og reiser man ut fra selve sentrumskjernen finner man enda flere turløyper.
Bodil Skare
04.09.2017
I kveld vart det heile runda frå Årskostøylen, via Høgereset nedatt om Holekonevatnet og Svarthammarråsa ned til Holesetra, og Thereseråsa nedatt til Holen.