Bodil Skare
29.04.2017
Klar til start?
No er det tid for Fjellbingo, 2 mai kan du kjøpe det i butikkane på Sæbø- Bellingen og Joker
Nytt av året er at dei som er 12 år og under kan kjøpe Barnefjellbingo.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2017
Bodil Skare
29.04.2017
No er det tid for Fjellbingo, 2 mai kan du kjøpe det i butikkane på Sæbø- Bellingen og Joker
Nytt av året er at dei som er 12 år og under kan kjøpe Barnefjellbingo.
Ivar Svein Mo
28.04.2017
Hanne Botnen er no ute i utdanningspermisjon i ca. eit år. Det er no kome ny lege. Den nye legen heiter Håvard Ramsli og skal vikariere for Hanne i ca. eit år.
Hjørundfjordheimen Sæbø
27.04.2017
Med gode lovnader om fine dagar framover kan vi glede oss over at tursesongen er komen.
Vi startar måndag 1 mai med tur til Rjåneskamben.
Denne trauste varden og ei fantastisk utsikt kan de sjå frå dette turmålet.
Siw Lillebø
25.04.2017
Mai står for døra og markering av nasjonaldagen. Også i år vil vi på Sæbø feire 17. Mai på tradisjonelt vis. Foreldreutvalget på skulen står som arrangør og heile foreldregruppa på skulen står på dugnadslista. Dersom du ikkje kan stille, har behov for ei spesiell vakt eller andre ting vi skal ta hensyn til så gi beskjed til Siw Lillebø enten på SMS 95247709 eller på messenger.
Skulle det verre nokon som ikkje er foreldre i grunnskulen men som har tid og lyst til å stille på ei dugnadsvakt eller bake ei kake vert vi veldig glade. Det er berre å ta kontakt
Øyvind Taklo
23.04.2017
Gjer deg klar til vårens store quizfinale. Fredag 5. mai kl 20.00 brakar det laust på Hotel Sagafjord. Møt opp! Dette blir spanande :)
Hjørundfjordheimen Sæbø
23.04.2017
Ein våt og vinfull dag i april tok vi laust og for ein tur til "bya" der vi besøkte Atlanterhavsparken.
Yngve Frøland
22.04.2017
Søndag 23 april kan du få ein nydleg båttur inn Hjørundfjorden til Leira og "Kulturlåven" til John Inge Leira Bjøringsøy. Der vert årsmøtet til Hjørundfjord Kulturlag halde. Det vert vanlege årsmøtesaker i tillegg til kaffi og noko attåt. Avreise frå Sæbø 13.30 via Leknes 13.40.
Tor Grunde Simonsen
21.04.2017
Siste filmframsyning for i vår, men planlegginga for hausten er i gong....
Knut Hustad
21.04.2017
I Møre-Nytt kan vi lese om fleire kvinner og barn som har gjort ein kjempeinnsats med rydding av søppel langs hovudvegen gjennom Bondalen. No i helga er det gardbrukarane sin tur - i helga vil vi rydde rundballeplast langs dei mindre vegane og langs Bondalselva...
Marie Austrheim Riise
19.04.2017
fredag 28 april kl.19.00 vil Volda og Ørsta kyrkjeakademi ha eit spanande arrangement i Hjørundfjord kyrkje. Tor-Johan Ekeland vil freista å forstå dette moderne fenomenet, at så mange gjerne vil retta på og forbetra seg sjølv. Ekeland, som vaks opp på Sæbø, er professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, og er oppteken av korleis trendar i samtidskulturen verkar inn på liv og helse. Han drøftar dette i ein samtale med kollega Jan Inge Sørbø.
Hjørundfjordheimen Sæbø
11.04.2017
Innimellom regnbygene er vi ikkje seine om å ta oss ei runde ut, enten med nyesykkelen eller til fots.
Ut på tur aldri sur.
Hjørundfjordheimen Sæbø
09.04.2017
No står påska for døra, på Hjørundfjordheimen har vi ulike aktivitetar framover mot påske.
Kari Stokke
07.04.2017
Det er vår og damene på Nilsbuda er godt i gang med planlegging av sommarsesongen.
27. mai vert det opning og då skal butikken vere fylt til randen av eit fantastisk utval lokalprodusert handarbeid og kunsthandverk.
Denne dagen vert det og plantedag ved Sæbø bedehus.
Øyvind Taklo
05.04.2017
Retura Søre Sunnmøre har sett ut 2 containerar ned om branngarasja på Sæbø. Ein for metall og ein for EE-avfall.
NB! Ikkje kast anna avfall i dei!
Trykk på ingressfotoet for meir info.
Tor Grunde Simonsen
04.04.2017
Påskekrim for små og store, samt fantastisk dokumentar om langdistansesymjing i Amazonas!
Marie Austrheim Riise
04.04.2017
Førstkomande søndag, 09 april, inviterer Venche Leite, Marie Austrheim Riise og Leiv Arne Nydal til konsert i Hjørundfjord kyrkje. Konserten har fått navnet «Til alle tider» og har vore spelt i Ørsta kyrkje tidlegare i vinter. No gjentek dei tre musikarane suksessen og bur seg til ny konsert i Hjørundfjord kyrkje
Marie Austrheim Riise
04.04.2017
Førstkomande søndag, 09 april, inviterer Venche Leite, Marie Austrheim Riise og Leiv Arne Nydal til konsert i Hjørundfjord kyrkje. Konserten har fått navnet «Til alle tider» og har vore spelt i Ørsta kyrkje tidlegare i vinter. No gjentek dei tre musikarane suksessen og bur seg til ny konsert i Hjørundfjord kyrkje
Anette Dagfinrud
03.04.2017
Etter påske vil handballgruppa ha ei ny flaskeinnsamling. (veke 16)
Tor Grunde Simonsen
02.04.2017
Det nystarta koret opptrådde for fyrste gong!
Kari Stokke
10.04.2017
Skjærtorsdag 13. april vert det påskekafé i kjellarstova på Sæbø bedehus.
På menyen står ball (også glutenfri) med tilbehør, kaffi og kaker.