Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2017

Attende til hovudsida

Artiklar

Desember 2017

Bodil Skare

29.12.2017

Hausttilbod for innetrening.

Vi startar opp med Dansaerobic og Høgpuls innetrening i veke 37, frå 10 september.
Vi har eit fantastisk tilbod til deg som betalar før 30 september.

Les heile

Skjåstaddalen Ungdomslag Bjørke

22.12.2017

Romjulstreff på Haukly

Romjulstreff på Haukly den 28 des .Lukka lag med påmelding.Trykk på bildet og les meir om treffet.

Les heile

Eve Holen

22.12.2017

3. DAGSFEST

Det er snart jul og tid for den årlege 3.dagsfesten. Nytt av året er at det blir 18-årsgrense på festen. Dette fordi reglane for skjenkeløyve er kraftig innskjerpa. Dette kan vi dessverre ikkje gjere noko med.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

22.12.2017

Julebakst på Hjørundfjordheimen.

Når jula nermar seg er det godt å ha litt heimebaka å byde på. På Hjørundfjordheimen er vi svært flinke til å bake, og endå betre til å smake.
På bildet er eit brett med nydlege peparmyntegodteri.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

23.12.2017

Førjulskos.

I tida før jul er det mykje som hender, kjekt med besøk og musikk som varmar og lyser opp.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

18.12.2017

Trekning av Julelotteriet til Sæbø IL

Julelotteriet til Sæbø IL er no trekt. Vinnarane vert kontakta. Tusen takk til alle som har kjøpt lodd og støtta oss med gevinstar og våre sponsorar.Sjå vinnarlista her.

Les heile

Regine Aklestad

17.12.2017

Juletrefest på bedehuset

4. juledag (torsdag 28. desember) vert det juletrefest på Sæbø bedehus klokka 16.00. Ruth Eva Sollie skal halde andakt og Hjørundfjord mannskor og Torine Lillebø skal ha kulturelle innslag. Det vert også kollekt, nissebesøk og sjølvsagt gong rundt juletreet.

Etter programmet vert det mat og kaffi i kjellarstova.
Ta gjerne med mat på fat!

Velkomen!

Les heile

Øyvind Taklo

13.12.2017

Lys til Hjartebenken

Fredag 15. desember står ei fin "lysløype" klar til bruk frå Kapteinkvia til Hjartebenken. Same kveld kl 19.00 vert det ei uformell opning av denne.

Les heile

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps

08.12.2017

Lysmesse, julegrantenning og julemarknad komande Søndag

Komande søndag er det 2.søndag i advent og slik tradisjonen er på Sæbø vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje kl. 15.00. Etter lysmessa skal den flotte julegrana tennast. Då vil generasjonskorpset stå klar og skape god stemning med kjende og kjære julesongar. Deretter inviterar korpset til sin årlege julemarknad i gymsalen på Sæbø skule. Vi håpar mange har høve til å ta turen til Sæbø denne ettermiddagen.

Les heile