Bodil Skare
28.07.2016
Tua på Hustadneset.
Me på Rise e visst ikkje heilt so som dei hine, trass i regn var vi klar for tur til Tua på Hustadneset.
Tru det eller ei, det letta og vi fekk ein flott tur.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2016
Bodil Skare
28.07.2016
Me på Rise e visst ikkje heilt so som dei hine, trass i regn var vi klar for tur til Tua på Hustadneset.
Tru det eller ei, det letta og vi fekk ein flott tur.
Gjest
25.07.2016
I dag var det familietur til Vasstøylen.Heile 14 stk møtte opp og det vart ein strålande tur i flott turvær. Litt regn blei det på heimturen,men det tåler vi ;)
Monica Elise Follestad
21.07.2016
I uvanleg varmt og godt sommarvær, tok vi turen til flotte Grøthaugen. Litt spennande var det om Tor hadde tenkt å slå med hammaren, slik meteorologane hadde meldt tidlegare.
Hjørundfjordheimen Sæbø
23.07.2016
Sommarutstillinga på trappa er ordna, fiske er temaet.
Båten heiter naturligvis Måken!
Karl, Bjørg og Annlaug studerer utstillinga og er svært begeistra.
Bodil Skare
18.07.2016
Ein flott dag med opphaldsvèr og lettskya himmel, ja, det er som ein kan tru ein drøymer no etter alt dette regnet.
I tillegg kom det "firogtjue" spreke turgåarar som ville slå lag på denne måndagsturen, snakk om velstand.
AnnHelene Wille
17.07.2016
Det vert loppemarknad i år på Sæbø Bedehus laurdag 24 september og søndag 25 september.
Regine Aklestad
17.07.2016
I sommar er Hjørundfjord kyrkje open tysdagar og fredagar kl. 18.00-20.00 (28. juni - 19. august). Velkomen innom!
Gjest
14.07.2016
Dagen hadde vore fin den,heilt til ca kl 18.Då kom skodde heilt ned i haudet på oss og det yra lett. Heile 9 stk møtte klar til tur.Desse møtte i dag:Alvhild,Nutte,Ståle,Bente,Fred,Ingebjørg,Bernt Arve,Anne,Hilde :)
Bodil Skare
11.07.2016
Stokkehornet er ein av dei finaste utsiktsturane du kan ha på ein ettermiddag.
Ja, vi fekk utsikt ei stund, men tradisjonen tru kom regnet og skoddedottane å leika med oss.
Likevel, vått men flott.
Bodil Skare
07.07.2016
Flott turvèr og friske kjelle, det vert ein god torsdag ettermiddag på Høgenausa av slikt.
I tillegg gjorde vi gode funn på vegen.
Bodil Skare
04.07.2016
Åtte turglade fargerike friskingar fann vegen til Tua på Sæbøneset.
Vermeldingane hadde lova regn frå kl 1800- so feil kan dei ta.