Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2016

Attende til hovudsida

Artiklar

Desember 2016

Ivar Svein Mo

28.12.2016

Årets Bondaling 2016

I år som tidlegare år vart det kåra "Årets Bondaling" på 3.dags julefesten på Bondalen Grendahus. Det er styret i BFUL som står for denne populære kåringa, med stemmene frå folket i Bondalen.
I år var det sett rekord med gode forslag til personar som fortjente denne heiderstittelen...

Les heile

Øyvind Taklo

26.12.2016

Sæbømeisterskapen i quiz

Fredag 27. januar kl 20 brakar det laust med ny quizsesong på Sagafjord Hotel. Velkomne til både nye og gamle quizerar!

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

24.12.2016

No er det jul!

No er jula her, og vi legg siste hand på verket.
Trea skal pyntast og juleborda dekkast, lysa skin i kvar ei krå.

Les heile

Ivar Svein Mo

21.12.2016

Kortreist Juletre

Også i år er det kort veg for bondalingane og ellers folk som ferdast over Bondalseidet. Det er berre å svinge nedom Vatne for å kjøpe ferske og nyhogde juletré...

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

12.12.2016

Adventsfest og ventetid på Hjørundfjordheimen.

Når kveldane er mørke og dagane er korte er det eit sikkert teikn på at vi nermar oss jul.
Adventstida med lys i alle mørke kre og glas er ei fin tid.
På Hjørundfjordheimen kjem våre flinke pasientvennar frå Røde kors dei steller til adventfest for oss.

Les heile

Andre Mo

09.12.2016

3.dagsfest 2016

Snart er det jul og snart er det julefest. Julefesten - den tradisjonelle 3.dagsfesten - på Bondalen grendahus vert i år tysdag 27. desember. Vil du oppleve god mat og drikke, godt program, dans med tonar frå Børre Lødemel og mykje meir, ja, då må du melde deg på innan 19. desember..

Les heile

Regine Aklestad

09.12.2016

Juletrefest på bedehuset

4. juledag (onsdag 28. desember) vert det tradisjonell juletrefest på Sæbø bedehus klokka 16.00. Det vert høgtlesing av juleevangeliget, andakt, kollekt, luciatog, nissebesøk og sjølvsagt gong rundt juletreet. Marie Austrheim Riise spelar til songane.

Etter programmet vert det mat og kaffi i kjellarstova.
Ta gjerne med mat på fat!

Velkomen!

Les heile