Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2015

Attende til hovudsida

Artiklar

Juni 2015

Hjørundfjordheimen Sæbø

28.06.2015

Kom og ver med på Gardsdag!

Hjørundfjordheimen tek oppatt suksessen frå i fjor med Gardsdag.
Vi håper at vêrgudane held seg på godversida og at mange vil kome innom for å vere i lag med oss.
Onsdag 1 juli frå klokka 1300.

Les heile

Per Urke

26.06.2015

Det er nokon som ser oss..

Etter ein heller laber vinter, ser det ut som det vaknar litt til liv - også på Hjørundfjordportalen.

Det er freistande å titte litt på tala som kan fortelje litt om kven og kor mange som ser på oss...

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

16.06.2015

Hjørundfjordheimen på hyttetur.

Årets hyttetur gjekk til "fagre Stryn".
Ei hytte ved Nordfjord fritidssenter var målet.
Elleve optimistar drog i veg med rikeleg mat og godt humør.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

13.06.2015

Røde kors fest.

Røde kors inviterer til fest kvart år på lokalet i Ørsta.
Då bugnar det av kaker, underhaldning og festkledde folk.
Hjørundfjordheimen set stor pris på denne festen og bebuarane kosar seg.

Les heile

Øyvind Taklo

10.06.2015

Grillfest i Kapteinkvia

Sæbø Grendalag inviterer til grillfest (for vaksne) i Kapteinkvia laurdag 13. juni kl 20. Quizmeister Tor har lovd miniquiz for dei som ønskjer. Grendalaget startar snart bygging av toalett i Kapteinkvia, så det er hyggelig om nokon vil støtte oss med nokre kroner denne kvelden. Som vanleg håper vi at folk frå langt inne i fjorden og langt oppi dalen også tek turen til Sæbø:-) Om som Lars ville ha sagt det: "ta med ditt gode humør og entusiastiske smil og spre din glede, så får vi en hyggelig kveld".
Vi håper på like fint vær som på bildet.

Les heile

Bodil Skare

08.06.2015

Gunnar-råsa og Storenakken .

Med regnbyger som trua i fjelldalane rundt oss var det store sjangsar for nedbør på måndagsturen.
Vi merka knapt nokre dråpar, og rundturen Gunnar-råsa vidare til Storenakken vart ein flott tur med vakker utsikt og kjekke folk.

Les heile

[2 kommentarar]

Lars Vatne Nielsen

07.06.2015

Flott oppmøte på ein fin laurdag

Laurdag etter Hjørundfjorddaganes første og suksessrike dag var det familiehygge med grilling og fri leik på Kapteinskvia. 40-50 møtte fram og hadde ein fin ettermiddag/kveld med bål og fint ver. TAKK til alle som møtte fram, MEN ein stor TAKK skal også gå ut til nemda og alle som har stilt opp med stort og småt på Hjørundfjorddagane.

Hugs grendalaget inviterer til festleg lag for vaksne med Quiz laurdag 13/6 frå kl 20 og håper mange har lyst å komme. Ta med godt humør og smilet ditt.

Les heile

Bodil Skare

01.06.2015

Vått og vakkert på Holesetra.

Store nedbørsmengder var "styr og orm " sin dom over vëret denne måndagen.
Likevel vart vi en bra gjeng som optimistisk trossa regnet og la i veg opp Thereseråsa til Holesetra.

Les heile

Anette Dagfinrud

01.06.2015

Billettar til Oddgeir Bruaset sitt foredrag.

No kan du bestille billettar til Oddgeir Bruaset sitt foredrag på Bondalen Grendahus, 6. juni kl 17.00.
Billettane kan du bestille på nett, på Bellingen, eller ved å ringe Eldbjørg Tvergrov på tlf: 915 32 852.

Les heile