Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2015

Attende til hovudsida

Artiklar

Mai 2015

Kari Stokke

27.05.2015

Nilsbuda opnar for sesongen

For sjette år på rad vert det sommarbutikk i dei trivelege lokala til den gamle Årseth-butikken på kaia på Sæbø.

Og når Nilsbuda opnar veit vi at sommaren er like rundt hjørnet.

Ope laurdag 30. mai og søndag 31. mai kl. 11.00 - 16.00

Les heile

Bodil Skare

25.05.2015

Tur til Kvanndalen.

Vêret var på vår side då vi tok turen til Kvanndalen.
Bygene stod i dalføra her og der men vi gjekk for det meste klar.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.05.2015

Åmdalsrevyen: Grense Åmdalselv EKSTRAFRAMSYNING

Meldining frå Åmdalen: "Ette myyykje røl å mas ta folk so vil sjå revye igjen, so he me bestemt oss førr å vise na et par gonga til! 3.juni kl 18.00 4.juni kl 18.00 på Ørsta kulturhus (Samfunnshuset)
Billettsalje he starta so no må di vere om dokke! Ditte verte siste sjanse til å få me sej flåteture på Grense Åmdalselv!
www.orstakulturhus.no og i døra på Kinokroa :)

Velkomne allje i hop!!"

Les heile

Bodil Skare

18.05.2015

Gamlevegen i flott vårstemning.

Varmt og solrikt, flott vårstemning langs Gamlevegen i dag.
Kvitveisa lyste og vi kunne nesten fornemme at graset voks og blada spratt på treda.
Ein fin og humørfyllt gjeng i godt tempo.

Les heile

Bodil Skare

14.05.2015

Tur til Emblemsfjellet.

Fred hadde virkelig mykje flotte turløyper å vise oss på Emblemsfjellet.
Kven hadde trudd det var slike vidder og toppar midt i byyyn....?

Les heile

Knut Hustad

12.05.2015

Bakeriet opnar

Vêret er av den kjølegare typen, men våren er her for fullt og helgedagane og fridagane står i kø. Men fortvil ikkje - på Sæbø har vi opne butikkar og Strands bakeri opnar dørene allereie i morgon onsdag 13. mai..

Les heile

Bodil Skare

11.05.2015

Sprekingar på Laua.

Sjølv om det vart ei våt oppleving, hadde vi ein flott tur til Laua.
Utsikta var upåklagelig og spesialgaiding av tre dyktige "innfødde" var spesiellt kjekt.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

12.05.2015

Fredsmarsj 70 år etter 8.mai 1945

Trass snøbyger, surt og kaldt, gjekk fredsmasjen frå Tvergrova som planlagt. 17 starta heilt i frå Tvergrova og fredstoget vaks etterkvart som det gjekk nedover dalen. På Holebrua kom generasjonskopset inn og i lag med flagg frå dei fleste flaggstengene i dalen, var det ikkje langt unna 17. mai stemning.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

10.05.2015

Vil du spele Fjellbingo?

Trimgruppa vil denne sesongen invitere alle, uansett alder, til å spele Fjellbingo.
Du kan kjøpe bingoarka på Joker og Bellingen frå 18 mai.
Innlevering er seinast 6 oktober.

Les heile

Ivar Svein Mo

07.05.2015

Fredsmarkering 8.mai

Det er 70 år sidan vi fekk att freden i landet. Det er offisiell flaggdag og vi går i tog og held festgudsteneste. Trimgruppa startar med fredstog frå Tvergrova kl.17 og samlar folk mot Sæbø. Generasjonskorpset sluttar seg til toget på Holebrua og det vert korpsmusikk i toget ned mot kyrkja der det vert gudsteneste kl.19.30. Det er oppsett båt frå Lekneset kl.19.00

Les heile

Bodil Skare

05.05.2015

Skorgeura, starten på sesongen.

Ein frisk gjeng møtte opp til å bestige Skorgeura.
Vi var spente på om det var mykje snøv i dalen, eller om vi kom oss inn til Skorgesetra.

Les heile

Bodil Skare

03.05.2015

Tog for freden frå Tvergrova til Sæbø.

Fredag 8 mai vil det gå tog frå Tvergrova til Sæbø.
Toget startar kl 1700 og dei sprekaste kan vere med heile vegen, medan dei som vil vere med deler av vegen kan gå på toget der dei ynskjer.
Frå Holebrua vil Generasjonskorpset spele siste biten ned gamlevegen til Kyrkja.

Les heile