Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2015

Attende til hovudsida

Artiklar

Desember 2015

Bodil Skare

31.12.2015

Klar til ny sesong?

Dette "eldre" bildet av spreke damer, vil minne deg på at vi allereide mandag 4 jan startar opp att sesongen.
Gamle og nye er velkomne til Trimgruppa sine aktivitetar.
Husk, du angrar aldri på det du trimmar, alltid på det du ikkje gadd!

Les heile

Ivar Svein Mo

22.12.2015

3.dags Julefest på Bondalen Grendahus

Søndag 27. desember er det 3. juledag og julefest på Bondalen grendahus. Klokka 1900 opnar dørene, klokka 2000 tek programmet til og.....
Men NB: Billettar må du kjøpe på Bellingen, Sæbø.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

22.12.2015

No er det jul igjen....

Siste innspurt i juleførebuinga er no på gong på Hjørundfjordheimen.
Eldrid og Arne festar kulene og glitteret, fint må det vere.

Les heile

Espen Aarseth

21.12.2015

Julegudstenester og båtskyss

Velkomen til julefeiring i dei flotte kyrkjene våre!

Vi gler oss over eit rikt program.

I år får vi høyre fleire lokale musikkrefter, men også solist Gabriel Egset frå Paris som slektar frå Sæbø!

Les heile

Ivar Svein Mo

15.12.2015

Kortreist Juletre

Også i år er det kort veg for bondalingane og ellers folk som ferdast over Bondalseidet. Det er berre å svinge nedom Vatne for å kjøpe ferske og nyhogde juletré...

Les heile

[1 kommentar]

Lars Vatne Nielsen

29.12.2015

Innebandygjengen ynskjer alle GODT NYTTÅR

Denne gjeng og kanskje fleira byr velkomen til 2016 sin første trening torsdag 7/1 kl 20:00.
Først i desember fekk vi nye (nesten professjonelle) innebandykøller, som her stolt blir vist fram. Ny teknikk må øvast på, men alle står på med høg energi.
Bruttotruppen er 20-25 menn/kvinner (+18 år) og kvar torsdag er vi rundt 10-12 stk.
Ein stor takk til alle som gjennom dei siste tre år har bidratt med litt kr. på diverse kronerullinga.
GOD JUL og GODT NYTTÅR til ALLE :-)

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

17.12.2015

Mykje flott underhaldning i førjulstida.

Hjørundfjordkvintetten, Åmås friskule og Ørsta lionskoret, er berre nokre av dei som tek turen til Hjørundfjordheimen for å spre glede med sin vakre musikk.
Vi kosar oss over mangfaldet og har meir i vente i tida som kjem.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

16.12.2015

Adventfest

Røde kors pasientvennane laga adventfest på Hjørundfjordheimen.
Dette til stor glede for alle, både bebuarar, pårørande, tilsette og ellers dei som stikk innom for å vere med på det som er kjekt.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

13.12.2015

Minnenes melodi

Gamle kjende melodiar som vi huskar, skapar gode minner.
Konsert på Hjørundfjordheimen med Arne Mørch.
Alle kosa seg og song med i dei kjende tekstane og melodiane.

Les heile

Regine Aklestad

22.12.2015

Juletrefest

4. juledag (mandag 28. desember) vert det juletrefest på Sæbø bedehus klokka 16.00. Det vert høgtlesing av juleevangeliget og andakt ved Caroline Sefu som er kateket i Ørsta. Fredrik Mo og Caroline Dimmen skal ha songinnslag og 1. klassingane skal gå luciatog. Det vert kollekt og sjølvsagt gang rundt juletreet. Anette Dagfinnrud spelar til songane og Ingrid og Hanne Aklestad skal vere programleiarar.

Etter programmet vert det mat og kaffi i kjellarstova.
Ta gjerne med mat på fat!

Velkomen!

Les heile

Espen Aarseth

11.12.2015

Laurdag 12. des kl 16.00 Vi syng og spelar jula inn!

Laurdag 12. desember kl 1600 Syng og spelar vi jula inn i Hjørundfjord kyrkje! Generasjonskorpset, Hjørundfjord barnekor og Ørsta kyrkjekor deltek. Solistar er Ingvild Hamnaberg på trompet, Eirik Stave på piano og Tor Grunde Simonsen på saksofon. Organistvikar Margaret Volle Standal Haugland har sett saman eit flott program, sokneprest Espen Aarseth held andakt. Velkomen!

Les heile

Knut Hustad

04.12.2015

Bakeriet har juleopna

Strands Bakeri v/Kanutte og Dagfinn Strand har allereie juleopna dørene til butikk og kafe på Sæbø.

Les heile