Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2015

Attende til hovudsida

Artiklar

Oktober 2015

Espen Aarseth

30.10.2015

Helgemesse

Tema: Vi er lys og salt. Nytt sokneråd vert presentert, det gamle takkar av. Døde vert minna denne kvelden.

Les heile

Tor Grunde Simonsen

25.10.2015

Filmsalongen - Searching for Sugar Man

Årets første Filmsalong på Hjørundfjord Filmteater - "Searching for Sugar Man"! Oscarvinnaren frå 2013 er ei historie nesten for god til å vere sann. Gå ikkje glipp av denne filmen!

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

21.10.2015

Hjørundfjordheimen i godt lag.

Ja, no var det ei stund sida vi hadde vore på hotellet å feira noke, så det var på tide.
Kvardagane går og det nermar seg adventstid, men vi trur det framleis er sommar av og til.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

19.10.2015

Hausten er komen.

Sommaren som aldri heilt kom er over, og hausten er tydelig rundt oss.
Epla er modne, fargane i skogen er gyldne, men blomsterprakta er framleis flott og soldagane nyt me ute uansett tempratur, på Hjørundfjordheimen.

Les heile

Øyvind Taklo

17.10.2015

Sæbømeisterskapet i quiz

Sæbømeisterskapet i quiz rullar vidare! 2. runde for sesongen 2015/16 blir fredag 6. november kl 20.00 på Hotel Sagafjord.
Kom sjølv om du ikkje har lag, alle får vere med!

Fine premiar, m.a. dei populære "Kaule på Sæbø" t-skjortene.
18 års aldersgrense. Kr 100,- pr. lag.

Velkomne!

Les heile

Perry Bjørke

15.10.2015

Musikkafe på Bjørke

Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag arrangerer musikkafe
Haukly den 18 oktober kl 14
Austefjord Hornmusikk vil stå for musikken.

Les heile

Bodil Skare

14.10.2015

Måndagsturavsluttning.

Mange er no spent på kven som er vinnarar av årets Fjellbingo, måndag vert det avslørt.
Vi kan friste med ei triveleg samlingstund på klubbhuset der vi skal kose oss med bilder og litt å bite i,der du er velkomen.

Les heile

Bodil Skare

12.10.2015

Siste måndagsturen på Elverampa.

Siste måndagsturen denne sesongen gjekk langs Elverampa fram til Kvistad bru.
Neste måndag vert det avsluttning på Klubbhuset, følg med på aktivitetskalenderen for nermare tid.
Der får du vete kven som har vunne på fjellbingoen, ta deg ein tur då vel.

Les heile

Espen Aarseth

12.10.2015

"He touched me" ELVIS- messe i Hjørundfjord kyrkje

Sundag 18. oktober kl 20.00, er det klart for ei gudsteneste litt utanom det vanlege i Hjørundfjord kyrkje.
Lokale krefter har sett saman ei enkel gudsteneste, men i staden for salmar, brukar me songar som Elvis Presley har sunge. Av dei mest kjende kan nemnast "You gave me a mountain" og "American Triology".
Per Ove Flatnes har sunge Elvis Presley sine songar i mange år, og i samarbeid med Tor Grunde Simonsen og sokneprest Espen Aarseth vert no desse songane presentert i gudstenesteform.
Denne dagen er desse musikarane med: Per Ove Flatnes(song/piano), Tor Grunde Simonsen(tangentar, blås og gitar), Frode Riise (gitar), Jan Rune Frøland (bass) og Bendik Hustadnes (slagverk)
Prest er Espen Aarseth.
Dette må du få med deg!
Vel møtt!

Les heile

Marit Aklestad

11.10.2015

Hjørundfjord Filmteater med nye framsyningar søn. 11. og man. 12. okt.

Søndag 11. oktober kl 17.00 er det klart for ny framsyning på Hjørundfjord filmteater! Barnefilmen denne gongen er den moderne norske klassikaren "Knerten".

Hjørundfjord Filmteater opna dørene på Sæbø Bedehus for om lag ein månad sidan. Der har vi fått installert lyd og bilete i ypparleg kvalitet. Med det vil vi skape eit filmtilbod til store og små her i bygda. Ein søndag i månaden, syner vi først ein barnefilm, og så ein film for vaksne, med ein passeleg kaffipause imellom. I tillegg har vi "Filmsalong" nokre torsdagar der vi syner litt meir spesielle filmar, og nokre gongar "seniorvisning" på dagtid der sjukeheimen blir spesielt invitert, men som sjølvsagt også er opa for alle andre som har lyst på ei flott kinoppleving.

Les heile

Bodil Skare

05.10.2015

Hausttur til Frølandsetra.

Den siste måndagsturen til fjells gjekk til fagre Frølandsdalen.
I dei gyldne fargane med sola som brann i fjella vart det ein vakker tur for oss i dette fantastiske haustvèret.

Les heile

Bodil Skare

01.10.2015

Innlevering av Fjellbingo?

No er det tid for innlevering av Fjellbingoarka.
Fortvil ikkje! Vi har utsett fristen til å levere inn til den 12 oktober, slik kan dei som har haustferie ta siste innspurt NO.

Les heile

Kari Stokke

01.10.2015

Bedehusbasar

Laurdag 3. oktober kl. 15.00 er det igjen klart for den årlege basaren på bedehuset.
Flotte gevinstar, underhalding, tombola og god mat.

Les heile