Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2014

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2014

Bodil Skare

28.08.2014

No startar innesesongen.

Hausten er i anmarsj og vi startar treningane innendørs.
Trimgruppa har eit utvalg av treningar som du kan velje mellom, eller du kan vere med på alt i hop, no har du sjangsen.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

29.08.2014

Nilsbuda takkar for i år

Sommaren er på hell og etter ein flott sesong vert dette siste helga Nilsbuda held ope for denne gong.
Vermeldingane er gode, svelerøra vert klar, nytrekt kaffi kan nytast til utsikta mot verdas vakraste Hjørundfjord og inne på Nilsbuda kan du framleis kjøpe mykje flott handarbeid.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.08.2014

ENDRING AV SOKNEGRENSER PÅ HJØRUNDFJORDSTRANDA

Det vert halde soknemøte etter gudstenesta neste søndag, den 31.august, kl.20.30. Saka gjeld endring av soknegrense etter opmoding frå Vartdal sokneråd og folk på Hjørundfjordstranda.



Bilde til h. er frå kulturvandringa på Skarbøen 2006

Les heile

Lars Vatne Nielsen

23.08.2014

Loppemarknad på bedehuset.

Hausten er loppemarknadstid, også på Sæbø.

Helga 13 og 14 september er det for femte gong duka for loppemarknad på Sæbø bedehus.

Les heile

Sæbø Grendalag

22.08.2014

Bygda-julebord Laurdag 29 november

Set av laurdag 29 november til Bygde-julebord. Vi skal få det fole kjekt på Hotell Sagafjord. Velkomne til "bygdafolk", "fjordafolk" og venner:)

Les heile

Per Urke

21.08.2014

Endeleg: Dokka på Norge Rundt

Gunhild Sætre i NRK sender i dag melding om at
no endeleg kjem "Dokka" på "Norge Rundt". Denne programposten går på NRK1 fredagane kl. 19.40-20.05.
I morgon, fredag, 22. august er dagen!

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

18.08.2014

Poetisk på Høgenausa.

Fire spreke kjelle, tok seg ein snartur på fjelle.
Regn, skodde og måndagstur, ut på tur aldri sur.
Fire stirrige tause,
måtte oppi Nygårdstårnet å ta ei pause.

Les heile

Bodil Skare

15.08.2014

Kurs i bunadskjortesaum.

No har vi få plassar att til deg som vil lære å brodere og montere bunadskjorte.
Kurset vert halde på Sæbø.
Vi startar Onsdag 10 september, så meld deg på raskt.

Les heile

Marie Austrheim Riise

14.08.2014

Hjørundfjord barnekor!

Velkomen til ein ny haust med Hjørundfjord barnekor!

Det er duka for nok ein triveleg haust med Hjørundfjord barnekor. Dirigent Marie Austrheim Riise har siste året vore i morspermisjon men er no tilbake i arbeid. No byrjar også barnekoret i Hjørundfjord opp att, og det blir ein særs spanande haust der barnekoret får ta del i eit stort syngjespel som skal framførast siste helga i november, i Ørsta kyrkje. "Høyr kor kyrkjeklokka lokkar".

Les heile

Bodil Skare

12.08.2014

Frisk ungdom på Keipen.

Sist me hadde tur som skulle vere på Årskogstøylen og Keipen, vart det Høgereset i staden, gunna skodde og regn.
Idag slo finevêret til så målet var Keipen, til forskrekkelse for fleire av deltakarane.
Med ein optimist og ni spreke ungdomma, er alt mulig.

Les heile

Knut Hustad

07.08.2014

Skipperen frå Smøla

- Er dette ei kjempemulte? Det var ein som lurte på det då han onsdag kveld såg det som låg ved småbåthamna ved Hotell Sagafjord på Sæbø...

Les heile

Bodil Skare

07.08.2014

Torsdagstur til Bondalsbakken.

Du Rognestøyl, so ven ein sumarkveld, Når kveldsol raud i fjella dine skjelv.
Frå grøne lier høyrest bjøllelåt, og utpå vatnet ror ein liten båt.

Les heile

Bodil Skare

01.08.2014

Stokkesetra ein festplass!

Med mange positive kjekke folk på tur, vart det fest på Stokkesetra.
Sjølv om regbygene kom og regnet pøste ned, hadde vi det svært så triveleg på familieturen.

Les heile