Hjørundfjordheimen Sæbø
26.06.2014
Hyttetur med meirsmak.
På Hjørundfjordheimen har vi det bra, men det hadde vore kjekt å reist på hyttetur med overnatting.
Kan det gå an då?
Ein gjeng optimista måtte prøve for å finne svaret.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2014
Hjørundfjordheimen Sæbø
26.06.2014
På Hjørundfjordheimen har vi det bra, men det hadde vore kjekt å reist på hyttetur med overnatting.
Kan det gå an då?
Ein gjeng optimista måtte prøve for å finne svaret.
Hjørundfjordheimen Sæbø
26.06.2014
Inngongspartiet på Hjørundfjordheimen er pynta i sommarsleg klevask, med nostalgiske og romantiske rekvisittar.
I år har vi verkeleg fått kosa oss i godvëret, og endå er det berre juni.
Bodil Skare
25.06.2014
Tua på Hustadneset viste seg i all si prakt på sjølvaste midtsummarstida.
Varmt og solrikt, ja det vart ein flott tur for oss som gjekk på tirsdagstur, i staden for måndagstur.
Hjørundfjordheimen Sæbø
24.06.2014
Vi hadde so lyst til å smake meir på gardslivet, etter vi fekk ha nærkontakt med lamba i vår.
Derfor har vi planlagt ein dag med hesjing og andre gardsaktivitetar på torsdag 26 juni.
Vi oppfordrar alle småbornsfamilier, og andre intresserte til å kome å hjelpe oss ute frå kl 1400.
Vel møtt!
Per Urke
19.06.2014
Det er hektisk aktivitet på Urke Camping. Campingplassen har vore stengd i nokre år, men ”no livnar det i lundar”!
Kari Stokke
19.06.2014
Sæbø grendelag inviterer til Jonsokfeiring i Kapteinskvia måndag 23. juni kl. 18.00.
Sæbø Grendalag
17.06.2014
Årets Jonsokbål på Kapteinkvia. Klargjering og Dugnad søndag 22 juni kl. 1800
Bodil Skare
16.06.2014
Turen til Holesetra, eller Thereseråsa som dei fleste kallar denne råsa, er ei fin rås som byd på mange små perler undervegs.
Ikkje mindre er gleda over utsikta når du kjem opp til furua der boka og kassa er.
Øyvind Taklo
13.06.2014
I samband med Hjørundfjorddagane 2014, hadde Kunstgrasbanenemnda lotteri.
Per Urke
11.06.2014
"Det blir sjølvsagt Urke-helg i år og", seier leiar i Urke Grendalag, Dorit Rønning.
Per Urke
11.06.2014
Familiegudstenesta 1. pinsedag vart avslutta med at apostelen Johannes på nytt vart hengt opp att på kyrkjeveggen. Det er lenge sidan Johannes sist var der.
Bodil Skare
09.06.2014
Varmt og strålande sol, flottare enn ditte kan du neppe få det.
Ikkje alle var heilt utsletne etter Hjørundfjorddagane, så tur i Gunnar-råsa og Storenakken vart det.
Hjørundfjorddagane Hjørundfjorddagane
06.06.2014
Programmet til Hjørundfjorddagane 2014.
Hjørundfjorddagane Hjørundfjorddagane
06.06.2014
Her er oversikta over utstillarane på Hjørundfjorddagane 2014.
Hildegunn Mork
03.06.2014
Laurdag 21.juni spelar All Night Long opp til utedans på Bjørke Marina på Bjørke innerst i Hjørundfjorden
Bandet med musikarar frå Volda og Ørsta speler musikk frå dei glade 80-åra av artistar som Return, Stage Dolls, U2 og Michael Jackson. Kjende slägers kjem på rekke og rad.
Bandet består av:
Venche Leite: vokal, Levi-André Leite: bass, Mads Adrian Simonsen: gitar, Lars Johann Hammer: trommer.
Hjørundfjordheimen Sæbø
05.06.2014
Mai er over og juni er godt i gang.
Vi har kosa oss i det flotte vårvêret, og her er litt av det vi har styra med.
Bodil Skare
03.06.2014
I eit fantastisk sommarvër fekk vi ei flott setrevandring.
På Kvia mellom selmurane fortjente vi ein rast.
Kari Stokke
15.06.2014
Laurdag 31. mai opna Nilsbuda for sommaren for femte år på rad.
Som tidlegare held dei ope laurdagar og søndagar i juni og august og kvar dag i juli.
Plasseringa på kaia på Sæbø dannar ei unik ramme rundt butikken og inne finn du eit fantastisk utval av lokalprosusert handarbeid og kunsthandverk.
Hjørundfjorddagane Hjørundfjorddagane
01.06.2014
Vi manglar fortsatt nokon vakter til årets Hjørundfjorddagar. Kan du hjelpe, eller kjenner nokon som kan? Då kan du gje beskjed til Gunnhild Hustadnes Myrhol tlf. 91569697 eller Åse-Lill Leknes Kvistad tlf. 97658702.
Lars Vatne Nielsen
09.06.2014
Hestesko, grilling, terningspel, godt selskap, latter, mange gode historier, quiz, sang og kanskje litt gitarspel - Sæbø gubbe- og vaxentrim står for dette arrangent på Kapteinkvia laurdag den 14. juni frå kl. 19:00. ALLE som har lyst på ein koseleg kveld er velkomen og sist kom godtfolk frå heile Bondalen og Hjørundfjorden. Grillkol blir kjøpt inn og vi tenner opp i det nye grillhus. Ta med 50,-, grillmat, drikke OG GODT HUMØR :-)
NB! Vi har endra datoen grunna dobbel booking av vor flotte "utestove". Håper på å sjå mange glade folk. Bli med OG gjør dette til ein FANTASTISK kveld.