Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2014

Attende til hovudsida

Artiklar

April 2014

Bodil Skare

28.04.2014

Leknesnakken, ein flott rundtur.

Bratt og flott, Leknesnakken er ikkje for pyser.
Denne spreke gjengen gjekk opp langs ryggen og nedatt i Leknesdalen, og til Urke.
Trass i regn vart det ein flott tur.

Les heile

Hjørundfjorddagane Hjørundfjorddagane

23.04.2014

Hjørundfjorddagane 2014

Til alle husstandane i Bondalen, Urke, Øye, Trandal, Standal og Hjørundfjordingar som ikkje har gløymt røtene sine.

Les heile

Bodil Skare

22.04.2014

No startar vi sesongen for alvor.

Turar i skog og mark har vi fått kosa oss med i hele vinter.
No er tida komen for at vi startar trimsesongen for alvor.
Vi ynskjer alle nye og gamle vel møtt!

Les heile

Bodil Skare

22.04.2014

Blåbærhaugen eller kva?

Trimgruppa har montert boks på Blåbærhaugen, trudde vi, no er det tvil om dette er rett.
Somme hevdar Blåbærhaugen ligg lenger nede, men kva heiter denne høgda då?

Les heile

[9 kommentarar]

Per Urke

14.04.2014

NRK-mr om dokka frå Urke i dag?

NRK-Møre og Romsdal har produsert eit innslag om "dokka" - den over 400 år gamle trefiguren frå gamlekyrkja på Sæbø - som hamna som leike i Ramogarden på Urke.

Les heile

Bodil Skare

15.04.2014

"Bygd der folk bryr seg"

Sæbø grendalag og trimgruppa inviterar deg til ein spennande kveld på klubbhuset 27 april kl.1900.
Ta deg ein tur ,kan hende vi finn svaret på: korleis kan du gjere det godt for deg, og andre, å bu i bygda vår?

Les heile

Linda Stokke

10.04.2014

Påskerebus 2014

Langfredag og 1. påskedag er det klart for påska sitt høgdepunkt på Sæbø. Då arrangerer fotballgruppa i Sæbø IL Skattejakta. Dette har utvikla seg til å verte ein populær trimquiz, og det ventar flotte premiar.

Les heile

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps

08.04.2014

Har du lyst å spele i korps? :)

Å spele i korps er både gøy, sosialt, lærerikt og utfordrande. Når du byrjar i korpset vil du raskt oppdage at det er morosamt å lære notar og meistre eit instrument. Du lærer å spele både åleine, og saman med andre. Det er flott å kunne spele hovudrolla på nasjonaldagen vår, men musikken og ikkje minst miljøet i korpset er så uendeleg mykje meir enn berre å spele marsjar. Det å beherske eit instrument og skape musikk saman med andre gjev ei glede og unik erfaring som ein tek med seg resten av livet.

Med korpset får du:
Ein hobby som er sosialt utviklande.
Ei moglegheit til å uttrykkje seg, både åleine og i samspel med andre.
Kanskje ei livslang interesse, og ein sunn og morosam hobby?
Ein fritidsaktivitet i nærmiljøet, som bidreg til å skape identitet og tilhørigheit.

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

08.04.2014

Sommarleir 2014

Frå 30.juni til 4.juli okkuperer vi Møre folkehøgskule i Ørsta! Noregs Ungdomslag sin sommarleir er for ungdom mellom 14 og 26 år, men du treng ikkje vere medlem i NU for vær med.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

06.04.2014

Påsketradisjon på Rekkedal Gjestehus

Onsdag og Skjærtorsdag vil småborda ved Rekkedal Gjestehus vere duka og dekka av Margrethe og Bjarne. Alle er velkomne - og har du eit gåvekort er det viktig å passe på...

Les heile

Ivar Svein Mo

05.04.2014

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014

6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar og ungdomsskuleelevar alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid.

Les heile

Knut Hustad

01.04.2014

Strands bakeri opnar

I år er påska sein, men allereie no fredag, fredag den 4. april klokka 1000, opnar Strands bakeri dørene til butikken og kafeen på Sæbø...

Les heile

Ivar Svein Mo

01.04.2014

Årsmøte i Hjørundfjord Sogelag

Søndag vart det tradisjonelle årsmøte til Hjørundfjord Sogelag halde på klubbhuset. Sjølv om sola skein i fint vårvèr, så hadde ein del møtt fram. Ikkje så stort frammøte, men nok til at sogelaget fekk valt nytt styre og ny leiar. Ei bekymring i alle lag er forgubbing og lite rekruttering av ungdom. Tre unge gjekk inn i styret til glede for årsmøte og dei som gjekk av i styret...

Les heile