Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Februar 2014

Attende til hovudsida

Artiklar

Februar 2014

Janneche Myklebust

25.02.2014

Helselagsbasar

Er du glad i song og musikk? Ørstakoret kjem og syng på Helselagsbasaren vår søndag 2. mars kl 15.00 på Bondalen Grendahus.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

21.02.2014

Vinterstemning.

Endeleg vart det snødryss og vintersteming.
Utanfor døra ved Hjørundfjordheimen er det pynta til nostalgisk vinteridyll.
Livet går sin vante gang med stort og smått, men sidan sist:
VI HAR FÅTT ØRSTA SIN FYRSTE PRIS FOR GODT ARBEIDSMILJØ!

Les heile

Stig J. Helset

13.02.2014

Slogen frå fjorden - om vinteren

Sommaren 1903 kleiv dei skarpskodde engelske fjellklatrarane W. Norman Ling og Harold Raeburn Slogen direkte frå fjorden. Raeburn var ein av dei fremste alpinistane i verda i si tid, seinare kjend for å ha vore med på den store Everest-ekspedisjonen til Mallory på 1920-talet. I boka “Tindekliv på Sunnmøre” skriv den lokale klatrepioneren Dagfinn Hovden at Slogen frå fjorden utan jamføring var “den lengste og vanskelegaste klatreruta som var kliva i Noreg” i 1903, og Raeburn skreiv sjølv at ho kravde “langt meir enn det krevst på den Italienske eller Schweitsiske sida av Matterhorn”. For underteikna har det lenge vore ei målsetjing å fullende prosjektet til engelskmennene og seinare lokale pionerar ved å vinterklatre dei gamle rutene og pinaklane i Sunnmørsalpane. Slogen frå fjorden om vinteren synte seg å vere det mest krevjande av dei alle. Vi trengte heile tre freistnader før vi endeleg lukkast den 8. februar 2014.

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

15.02.2014

Sett av søndag 27 april!

Denne kvelden vil Sæbø grendalag og trimgruppa i Sæbø idrettslag byde inn til INSPIRASJONSKVELD.
Alle innflytta, utflytta, fastbuande og ellers intresserte Hjørundfjordingar er velkomne til ein kveld med inspirerande input, og vi skal få anledning til gode løysingar for framtida rundt borda etterpå.
Lars Nielsen vil halde eit inspirerande føredrag til oss.
VI VIL DU SKAL MERKE AV DENNE DAGEN PÅ KALENDEREN ALLEREIDE NO!

Les heile

Musikkprosjekt Sæbø Skule

06.02.2014

Musikkprosjekt - Løvenes Konge

Velkommen til musikkprosjektet til ungdomsskulen på Sæbø Skule. I år skal vi framføre den kjende broadwaymusikalen Løvenes Konge.

Du får høyre dei fleste av dei originale songane frå musikalen, og i tillegg nokre andre songar vi har øvd inn med band.

Les heile

[1 kommentar]