Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2014

Attende til hovudsida

Artiklar

Desember 2014

Hjørundfjordheimen Sæbø

30.12.2014

Førjulstid på Hjørundfjordheimen.

Førjulstida har alltid vore travel tid, mykje skal bakast vaskast og pyntast.
På Hjørundfjordheimen tek ein ikkje lettvint på desse oppgåvene må vete.

Les heile

Øyvind Taklo

29.12.2014

Nyttårsfeiring i fonnvernet

Tradisjonen tru blir det nyttårsfeiring i fonnvernet frå kl 23.00.
Sæbø grendalag ønskjer velkomen og håper på godt oppmøte, slik at vi saman får ei hyggeleg nyttårsfeiring.

Les heile

Ivar Svein Mo

16.12.2014

Kyrkjetenar

Ørsta kyrkjelege fellesråd
har ledig stilling i Hjørundfjord(Sæbø)og Storfjorden (Bjørke) kyrkjer:

*Kyrkjetenar, Hjørundfjord og Storfjorden kyrkjer
Stillingsstorleik 50%, stillinga er ledig frå 01 februar 2015
* Det kan evt. vurderast ei deling i to mindre stillingar.

Søknadsfrist: 19 desember

Les heile

Regine Aklestad

17.12.2014

Juletrefest på Sæbø bedehus 4. juledag

4. juledag klokka 16.00 blir det juletrefest på Sæbø bedehus. I tillegg til gang rundt juletreet og høytlesning av juleevangeliget blir det blant annet andakt ved Elin Torkildsen Roksvåg og musikalske innslag ved både korpset, Caroline Dimmen, Thea Karin Flatnes og Marie Austrheim Riise. Etter programmet blir det mat og kaffi i kjellerstua.

Vi ønsker alle velkomne til en tradisjonell bedehus-julefest :) Ta gjerne med mat på fat!

PS. Vi prøver å booke nissen.

Les heile

Ivar Svein Mo

11.12.2014

Frå Hjørundfjord "Årsskrift 36"

Boka "Frå Hjørundfjord" er utgjeve av Hjørundfjord sogelag og er ei årbok som kjem ut i desember kvart år. Ei hovudmålsetjing for skriftstyret er å ta vare på minne frå folkelivet og såleis knyte band mellom folket før og no. Også i år er ei ny bok klar og i same gode kvalitet som den alltid har vore...

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

15.12.2014

Aktivitetar i adventstid.

Når julelysa skin frå vindauga i kring, og det er mørkt nesten heile døgnet, er det tid for innekos.
Spel og strikking er alltid kjekt, særleg med elevar som er kjekke og positive.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

10.12.2014

Tilbakeblikk av Kjell Einar Ljones.

På Hjørundjordheimen fekk vi oppleve ei reise tilbake til ferbruar 1968 og Riseulykka, då han var lækjar i Hjørundfjorden.
Systrene Ragna og Karoline vart begge råka av denne tragiske ulukka.

Les heile

Frida Gillberg

07.12.2014

Juleavsluttning på Sirkeltreningen!

Therese Moe Øye, frå Vestferd kjem o snakker lidt om pilates og andre ting vi kan ta med oss in i sirkeltreninga til neste år. ALLE er velkomne. Dem som aldri har vare med, de som alltid kjem og den som kjem ein gong ibland! Velkommen og god jul

Les heile

Ivar Svein Mo

04.12.2014

Slutt med frisørsalong på Sæbø

Torsdag 14.mars 2013 opna Sans Frisør AS i Volda, frisørsalong på Sæbø, i det sokalla "Bankbygget".
No er ei tid over og frisørsalongen sluttar pga dårleg lønnsemd...

Les heile

Knut Hustad

02.12.2014

Fredag 5. desember er opningsdagen

Ferske småkaker står allereie på bakromet og fredag morgon er hyllene i butikken og kafeen fulle av varme og ferske bakarvarer - for då startar julesesongen hos Strands bakeri på Sæbø....

Les heile

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps

03.12.2014

Lysmesse, julegrantenning og julemarknad 7. desember

Komande søndag er det 2.søndag i advent og slik tradisjonen er på Sæbø vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje med Espen Aarseth og konfirmantane kl. 15.00. Etter lysmessa skal den flotte julegrana tennast. Då vil generasjonskorpset stå klar og skape god stemning med eit lite utval av kjende og kjære julesongar. Deretter inviterar korpset til sin årlege julemarknad i gymsalen på Sæbø skule. Vi håpar mange har høve til å kome!

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

02.12.2014

Adventfest med jubileum

Fredag arrangerte Røde kors besøksteneste adventfest på Hjørundfjordheimen.
I år vart det som vanleg ein storslegen fest med godt program, fin song og gode kaker.
Det er i år 30 år sidan Røde kors besøksteneste starta opp med desse songstundene som vi set så stor pris på.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

20.12.2014

Juletrehandlar på Vatne..

Også i år er det kort veg for bondalingane og ellers folk som ferdast over Bondalseidet og svinge nedom Vatne for å kjøpe ferske og nyhogde juletré...

Les heile

Lars Vatne Nielsen

10.12.2014

Vi gentekk familie-julehygge med bål, grilling og leik på Kapteinskvia

Kom til familie-julehygge med bål, grilling og leik på Kapteinskvia fredag 19/12 frå kl. 17:00.
Ta med mat og drikke ... vi tenner opp grill/bål.
Ta med ein lommelykt om du er barn og vil bli med i refleks-skattejakten.
Dette blir ein uhøgtideleg kosestund med glade barn og vaksne. Alle er hjarteleg velkommne -
Vi håper på oppmøte frå langt oppe i dalen og andra sida av fjorden.
På gensyn ved Øyvind og Lars (grendalaget)

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

09.12.2014

Årets bondaling 2014

Det er igjen desember og ungdomslaget treng DI stemme for å dele ut heidersprisen til årets Bondaling. No har du sjansen til å sende forslag om kven du vil skal få denne prisen.

Les heile

Bondalen frilynde ungdomslag

09.12.2014

Juleverkstad komande søndag

Søndag er det igjen tid for juleverkstad på Bondalen grendahus og BFUL inviterer store og små til ein koseleg førjulsaktivitet.

Les heile