Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2013

Attende til hovudsida

Artiklar

Mai 2013

Ivar Svein Mo

30.05.2013

Fellesgudsteneste med jubileum

Søndag 2.juni er det Hjørundfjorddagar og fellesgudsteneste er for heile Ørsta kommune i Hjørundfjord kyrkje. Det er sokneprest Matias Austrheim som skal ha gudstenesta.

Hjørundfjordkvintetten deltar og 50–årskonfirmantane markerer 50-årsjubileum...

Les heile

Anette Dagfinrud

29.05.2013

Kan du hjelpe oss?

Hjørundfjorddagane manglar folk på nokre vakter til helga, og om du ikkje står på lista, eller kan tenke deg å ta ei ekstra vakt hadde det vore fint om du sa i frå til oss.

Les heile

Per Urke

29.05.2013

Handsmida gulrot til matpynt

Utgangspunktet er ein skarp kniv, ei tjukk skive (3-4 cm) av ei velvaksen gulrot og lyst og vilje til å smide pynt til ein rett som du kanskje har laga i steikepanna.

Les heile

Ivar Svein Mo

27.05.2013

Vår nye sokneprest

Hjørundfjord og Storfjorden sokn får ny prest til hausten. Kapellan i Vardåsen menighet i Asker, Espen Aarseth (32), har takka ja til stillinga...





foto: LT Grimstad

Les heile

Per Urke

25.05.2013

Rekordbasar i Grendalaget

Urke Grendalag kan notere rekordomsetning på Grendalagsbasaren i år. Lagleg ver og god steming samla bygdefolk og tilreisande etter vinterstilla.

Les heile

Per Urke

25.05.2013

Skilta og tavlene på plass

Brikkene fell på plass etter kvart. Etter to år med søknadsprosedyrer og utforming av skilt og informasjonstavler, er desse no på plass i Urkebygda. Også NRK-Møre og Romsdal fann det markeringsverdig at slike tiltak kjem på tape.

Les heile

[2 kommentarar]

Kari Stokke

24.05.2013

Nilsbuda opnar laurdag

For fjerde år på rad vert det sommarbutikk i dei trivelege lokala til den gamle Årseth-butikken på kaia på Sæbø.

Og når Nilsbuda opnar veit vi at sommaren er like rundt hjørnet.

Les heile

Anette Dagfinrud

22.05.2013

Ei tid for alt.

Hjørundfjorddagane 2013 står snart for tur, og sidan det lenge var uvisst om vi fekk til å arrangere Hjørundfjorddagane i år, er det godt å sjå no at vi har eit flott arrangement å sjå fram til.

Les heile

Alexander Riise Olsen

21.05.2013

Båttur med Sæbø A-lag

Laurdag er det bortekamp for a-laget mot Kvamsøya, og då blir det båttur frå Sæbø. Vi har plass til nokre ekstra sjeler om det er nokon som ynskkjer å vere med.

Les heile

Bodil Skare

20.05.2013

Måndagstur på gamlevegen.

Femten friske, spreke friluftsenusiastar fekk ein varm og flott tur frametter gamlevegen frå Villane til Bondalseidet.
Mykje å sjå på vår veg, somt nytt og somt gammalt.

Les heile

Per Urke

20.05.2013

Pinsebrising eller svedjebruk

Det er geitene på Stenes som før har sytt for at dei høge liene frå fjorden og opp i bergsida gjennom nesten 100 år har sett ut som nyslegne plenar, berre med nokre høge bjørkestammer spreidt her og der.

Men i år ser dei ut som pinsebrisingen er innført i staden for geita? Pinseaftan starta "plenslåtten" nede på bøen og avslutta med nattedogga ved midnatt.

Les heile

[3 kommentarar]

Per Urke

19.05.2013

God aktivitet og stabil leiing

Det er avvikla årsmøte i Urke Grendalag der det går fram av både årsmeldinga og rekneskapen at det har vore god innsats med mange frivillige dugnadshender.

Les heile

Per Urke

17.05.2013

Fotojakt på Hjørundfjorddagane

Også i år stiller Hjørundfjord Sogelag og Fotonemnda i sogelaget med eigen stand på Hjørundfjorddagane 1.-2. juni.

Fotonemnda har ei særskilt oppmoding til dei som kan tenkje seg å titte innom standen vår.

Sogelaget viser fram alle årsskrifta og tilbyr kjøp frå det som finst av restopplag.

Les heile

Eve Holen

14.05.2013

Arbeidslista til 17.mai

Her kjem arbeidslista for 17. mai 2013. Alle på lista skal ha fått den som ranselpost på måndag, men ranslane er store og djupe, og mykje kan forsvinne på veg heim. Her er eit eksemplar til dei som ikkje har fått.

Les heile

Bodil Skare

13.05.2013

Melssetra utan regn.

Sidan snøven låg så lenge på Hestehornet, sette vi kursen mot Melssetra denne gongen.
Vi hadde budd oss på ein regnvåt tur, ikkje ein dråpe kom, men vi kjende at det var kjøligt i høgda.
Til og med sola kika fram til oss.

Les heile

Knut Hustad

12.05.2013

Bakeriet opnar

Det er vår og onsdag 15. mai klokka 0930 opnar Strands bakeri på Sæbø sommarsesongen...

Les heile

Bodil Skare

09.05.2013

Panorama på Leknesnakken.

Fem damer fekk ein varm og fantastisk flott tur på Leknesnakken.
Vakrare panoramautsikt på ein ettermiddagstur skal du leite lenge etter.
Ikkje nok med det, litt ekstra og sjå på vart det også til slutt.

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

08.05.2013

Bygderydding som blir rot

Retura fortel at det dessverre er mykje rot rundt metallcontaineren som har vore plassert ved grendahuset. Mykje "restavfall" er slengt inn i eller ligg utanfor containeren.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

06.05.2013

Lidaveten.

I vanleg måndagsturvêr fekk vi ein fugtig men flott tur på Lidaveten.
Ja, sjølv om det regna var utsikta utruleg flott.

Les heile

[1 kommentar]

Alexander Riise Olsen

02.05.2013

Vår og ny fotballsesong.

Med varme i vèret og tørre baner er det dags for å setje i gang årets fotball sesong. Laurdag 4. Mai er det første seriekamp for a-laget borte mot Flø.
For gamle og nye supporterar kan det difor vere greit med ei lita oppdatering over førebuingane vi har gjort i vinter.

Les heile

Rune Mo

02.05.2013

Utstillarar 2013

Hjørundfjorddagane 2013
Vi har fått mange bra utstillarar på plass, men vi har plass til fleire. Er du intressert i å stille ut eller selje produkt på Hjørundfjorddagane 1. og 2. juni 2013, så ta kontakt med Mob: 99500215 eller Mob: 91532852.
E-post kan du også sende til eldtver@frisurf.no.
http://www.hjorundfjorddagane.no/pamelding/

Les heile

Bodil Skare

01.05.2013

Tur til Lidaveten.

No er det på tide med turar i skog og fjell. Våren er komen og trimgruppa inviterar deg med på tre turar som er "utanbygds" som tradisjonen siste åra har vore.
Fyrste turen går komande måndag til Lidaveten.
Her eit bilde frå nabofjellet Helgehornet, vi håpar på finevêr slik at du får nyte utsikta.

Les heile

Hilde Muren

08.05.2013

Minner om grillfest i Kapteinkvia laurdag 11. mai

Sæbø grendalag byr inn til opningsfest av grindaløda i Kapteinkvia laurdag 11. mai. Bygdefolk frå heile Hjørundfjorden er velkomen til fest frå kl. 20:00.

Dette blir ein spleisefest der grendalaget stiller med potetsalat og grønn salat og varme grillar. Du som kjem, tar med grillmat og drikke som du vil ha attåt - samt glas, fat og bestikk.


Vel møtt.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

02.05.2013

Grendalagsbasaren er i rute

I fjor måtte vi flytte Grendalagsbasaren fordi Kr. Himmelfartsdag fall på 17. mai.

Men i år er vi i rute, opplyser leiaren i Urke Grendalag, Kjellfrid Prestegarden.

Grendalagsbasaren er "vårens vakraste eventyr" - utanom 17. mai. Det er då folket møtest og stiller opp etter vinterdvalen.

Les heile