Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2013

Attende til hovudsida

Artiklar

April 2013

Aanon Aanonsen

27.04.2013

Flaskeinnsamling

Handballgruppa kjem med ny flaskeinnsamling. Tirsdag 30. april - torsdag 2. mai vil blide handballspelarar kome rundt til alle husstandar i Bondalen, Sæbø, Urke og Øyelandet.


Vi har etterkvart vorte heilt avhengig av støtta vi får frå flaskeinnsamlingane. Vi har rekningar som må betalast og treng all støtte vi kan få.
Pengane går til utstyr og div. andre utgifter som fyl med det å drive ei handballgruppe.

Vi takka for all støtte vi har fått tidlegare, og vonar det vert mykje flasker å finne denne gongen også :-)

Les heile

Ivar Svein Mo

27.04.2013

Avskilgudsteneste og kyrkjekaffi

Søndag 17.januar 2010 vart Rolf Dyrhol innsett som ny sokneprest i Hjørundfjorden av Biskop Ingeborg Midttømme. Komande søndag 28.april tek soknepresten avskil med soknet i sin avskilgudsteneste for å gå inni pensjonistane sine rekkjer...

Les heile

Hilde Muren

26.04.2013

Ryddeaksjon våren 2013

Retura Søre Sunnmøre, i samarbeid med Ørsta Kommune og Volda Ørsta Reinhaldsverk, inviterer med dette Bondalen og Sæbø til ryddeaksjon 2013.

Les heile

Ivar Svein Mo

26.04.2013

TAKK FOR MEG.

No ebbar april 2013 ut. Og 30. april er min siste dag i fast arbeid.
Heretter vert det pensjonsittilvære. Og i grunnen kjennest det godt.

Les heile

[1 kommentar]

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps

26.04.2013

Bli med i korpset vårt!

Å spele i korps er både gøy, sosialt, lærerikt og utfordrande. Når du byrjar i korpset vil du raskt oppdage at det er morosamt å lære notar og meistre eit instrument. Du lærer å spele både åleine, og saman med andre. Det er flott å kunne spele hovudrolla på nasjonaldagen vår, men musikken og ikkje minst miljøet i korpset er så uendeleg mykje meir enn berre å spele marsjar. Det å beherske eit instrument og skape musikk saman med andre gjev ei glede og unik erfaring som ein tek med seg resten av livet.

Med korpset får du:
Ein hobby som er sosialt utviklande.
Ei moglegheit til å uttrykkje seg, både åleine og i samspel med andre.
Kanskje ei livslang interesse, og ein sunn og morosam hobby?
Ein fritidsaktivitet i nærmiljøet, som bidreg til å skape identitet og tilhørigheit.

Les heile

Ivar Svein Mo

22.04.2013

HJØRUNDFJORDDAGANE

"Vi har igjen freista å legge dette infoskrivet i dykkar postkasser! Kanskje har vi lagt det i feil postkasse, kanskje har vi ikkje funne di postkasse...

Gje gjerne tilbakemelding dersom du vil ha anna vakt eller ikkje kan stille i det heile. I utgangspunktet vil vi nok bruke fjoråret si liste som utgangspunkt, men litt endringar vil det verte...

Meld deg gjerne dersom du ikkje jobba i fjor, men gjerne vil stille opp i år - eller om du kan tenke deg å ta ei ekstra vakt i år!

Vennleg helsing

Sæbø IL

v/ Nemnda for Hjørundfjorddagane

Les heile

Alexander Riise Olsen

21.04.2013

Honndalscupen 2013

Etter ein del års pause har ein no endeleg starta opp den tradisjonsrike Honndalscupen. Sæbø IL er ein sjølvskriven deltakar og vi reise med 20 mann for å prøve å setje vårt preg på turneringa. Dei som ser godt på bilete kan vel ane kva som skjedde.

Les heile

Haldis Fiskå Mo

18.04.2013

Vi saknar ei fane!

Det nærmar seg 17. Mai og Generasjonskorpset er i full sving med å øve på marsjar og på nasjonalsongane. Men det er ein ting vi manglar.

Les heile

Bodil Skare

18.04.2013

Snart er det 17 mai.

Foreldreutvalget ved Sæbø skule er godt i gong med planlegginga av 17 mai feiringa.
Vi vil gjerne at dei som kan bake kake, eller vil hjelpe til på ein eller annan måte, tek kontakt med oss.
Det vert stadig ferre born ved skulen og dermed ferre foreldre å dele oppgåvene på, så har du lyst og anledning å bidra med noke så takkar vi gjerne ja til det.

Les heile

Per Urke

15.04.2013

Kongeleg heider til Jarle Walseth

Vi ana at det låg noko uventa i lufta sidan innkallinga til årsmøtet i Sogelaget var uvanleg: Ordføraren skulle kome, programmet var endra med årsmøtesakene til slutt og leiar Kari Årsnes uttalte at det venta ei overrasking.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

12.04.2013

Sagafjord - lysbildeshow

Sjå dei flotte skifotoa som dei beste fotografane har teke her i Hjørundfjordfjella og der ein av Noregs beste frikøyrarar på ski - Karsten Gefle(t.h.) - er med.

Og ikkje minst, ver med å stem i fotokonkurransen under.

Det vart Karsten & Co som gjekk av med sigeren. Sjå under...

Les heile

Per Urke

13.04.2013

Dei vakre steinmurane våre

Statens Vegvesen får vel fortent ros for dei vakre forstøtningsmurane i naturmurstein som vert sett opp langs vegane og langs sjøkanten. Steinen vert tilkøyrt frå Gjermundnes eller frå Nordfjord.

Les heile

[4 kommentarar]

Siw Lillebø

11.04.2013

Sæbø IL 80 år

Vi markerer 80 års jubileumet til Sæbø idrettslag søndag 14. April med rebusløp og utekafe på Kapteinskvia. Kom og bli med.

Les heile

Knut Riise

10.04.2013

Frølandsdalen i silke.

Ein fantastisk skivinter er kanskje på slutten. Aldri har det vore så mykje skispor i fjellsidene som i år. Men på dei gamle skistadane, slik som Frølandsdalen ligg snøen som den finaste silke, stort sett urørt.
Eg såg på klauhammaren, men prioriterte den vekk i dag også.

Les heile

AnnHelene Wille

06.04.2013

"Presten og Pasienten"

Er tittelen på kveldens temakveld på Sæbø bedehus tirsdag 9.4.kl 20.00

Det er tidlegare sokneprest frå Ørsta, Vik i Sogn og Herøy som no har blitt
prest ved Volda sjukehus.Jens Terje Johnsen han kjem til oss tysdag og vil dele refleksjonar
han har gjort seg i den nye tenesta. Sjølv om oppdraget ved sjukehuset
botnar i den same ordinasjonen kyrkja har gitt alle prestar, finn han at
ramma for sjukehuspresttenesta på fleire måtar er ei anna. Dette gir nye
utfordringar i kvardagen, noko han finn både krevjande og innbydande. Den
nye sjukehuspresten seier han gler seg til kvar ny dag på sjukehuset.
Styret for Sæbø bedehus vil denne kvelden innvitere til en kveld som er open for alle aldersgruppe og er heilt sikker på dette er noko som vi alle trenge og høyre på og kan få bruk for i kvardagen.

Vi serverer ein enkel og gratis kveldsmat og praten kan gå uformelt utover kvelden.

Velkomen til ein hyggjekveld:)

Les heile

Kari Stokke

02.04.2013

Sæbø I.L. 80 år

Onsdag 17. april er det 80 år sida Sæbø I.L. vart skipa.

Hald av søndag 14. april. Då vert det ei markering av jubileet.

Les heile

Per Urke

04.04.2013

Årsmøte i Sogelaget 14. april

Det er årsmøtesesong og Hjørundfjord Sogelag er med i køen. Neste søndag, 14. april, er dagen ein skal sette av til årsmøtet som startar kl. 15.00 på klubbhuset til Sæbø Idrettslag.

Les heile

Knut Hustad

01.04.2013

Paraglidartur med Matias Brekke

I det siste har vi sett dei hengande over oss. Vi snakkar sjølvsagt om paraglidarane. Ver med Matias Brekke på ein fantastisk tur ned Bondalen...

Les heile

Knut Hustad

01.04.2013

Dei beste skiforholda

Vi har hatt-, og vil få nokre fantastiske dagar i påskefjellet, men kvar finn vi dei beste skiforholda?

No er ei svært så flott påskeveke over. Kanskje har du eit foto frå favoritturen din?
Og no har vi fått foto. Sjå til slutt i saka.

Les heile

[6 kommentarar]