Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2013

Attende til hovudsida

Artiklar

Oktober 2013

Hjørundfjordportalen Administrator

29.10.2013

Nye opningstider for frisøren på Sæbø

Vi har justert litt på opninstidene, dette fordi vi ikkje har klart å fylle opp listene heile dagen når vi er på Sæbø.

Nedanfor viser ei liste over nye tider, samt kven som jobbar dei forskjellige torsdagane.
Vi er 4 stk som rullerar på å vere der.
Vi ønsker å hjelpe så mange som mulig før jul, så vi håpar at folk bestiller i god tid så vi får fyllt opp.
Pga stor pågang i Volda må vi gjere det slik, vi reiser gjerne 2 stk også, men då må ein bestille på forhand..

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

29.10.2013

100-års og 40-års jubileum i kyrkja

Dobbeltjubileum i Hjørundfjord kyrkje:

100 år med orgel i kyrkja og 40 år med Vestre-orgelet. Dette vert makert med gudsteneste og konsert søndag 17.november kl.11.00...

Les heile

Lars Vatne Nielsen

25.10.2013

Småbarnstrim

Småbarnstrimmen fredag 1 november er avlyst grunna anna arangement i gymsalen.

Les heile

Bodil Skare

25.10.2013

Zumba og Aerobic

Komande veke byttar instruktørane på dagane i gymsalen.
Klokkeslettet vert som før, men det vert Aerobic på mandag og Zumba på torsdag.

Les heile

Per Urke

26.10.2013

Krigsminne engasjerer

Igjen har vi sett at minne frå krigen engasjerer folk. Både Møre-Nytt og Sunnmørsposten har meldt om funnet av støvelen til flygaren som naudlanda i Grøtdalen og gjekk ned mot Follestadalen. Og på andre media ser vi og at krigsminna stadig vert henta fram att.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

19.10.2013

"Vi har ingen tid å miste"

Søndag går den store tv-aksjonen av stabelen.
Desse flotte ungdommanne kjem på døra di og spør om du har eit bidrag, ta vel i mot dei.
Vi treng fleire frivillige til nokre roder, så ta kontakt.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

18.10.2013

Den vakraste ferjekaia er opna

Der var ikkje snorklipping, men den nye ferjekaia vår på Sæbø vart opna på ein skikkeleg måte med både skule- og barnehagesong og sjølvsagt var også talane der. Og etterpå var det fest med marsipankake, bollar og brus...

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

22.10.2013

Kleutstilling på Brudavolltunet

I perioda 27. oktober til 6. november vert det høve til å sjå ei kleutstilling på Brudavolltunet. Kleda som vert utstilt er sydd av Synnøve Standal Erdal på 1940-talet.

Les heile

Knut Hustad

17.10.2013

Kaiopning

Det er i morgon, fredag den 18. oktober klokka 1200 det skjer på Sæbø. Vår nye, vakre, ferjekai skal offisielt opnast...

Les heile

Bodil Skare

17.10.2013

Kan du vere med på dugnad , laurdag?

Laurdag 19 oktober vert det dugnad på Ellingsgardfjøsen i Kvistaddalen.
Bordkledning skal spikrast på før vinteren og dette kan vere kjapt gjort dersom vi vert ein gjeng...

Bilde er teke av fjøsen i 0ktober 2012

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

16.10.2013

Måndagsturavsluttning

Siste tida har vi vore velsigna med eit fantastisk haustvêr, og mange har fått ulyste seg i dei flotte fjella vi har rundt oss.
Teikna på at vinteren er i kjømda har vorte klarare, og vi i trimgruppa har feira tursesongen 2013 med bilder, mimring og god mat på klubbhuset.
Her kjem lista over vinnarane frå årets trekking...

Les heile

Yngve Frøland

16.10.2013

Ein stor takk til gode hjelparar og tilskodarar

Sæbø A-lag, "Det breiaste fotballaget på Sunnmøre", takkar alle som har bidrege gjennom årets sesong og håpar at mange har lyst til å kome å sjå den siste heimekampen i år komande laurdag. Kampen startar 13.00 og er den første av to kampar om kretsmesterskapstittel i 6. divisjon på Sunnmøre. Motstandar er Ørskog.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

16.10.2013

Store vekter over Dampskipskaia på Sæbø

Ein spesialbygd båt for å transportere transformatorar kom til Sæbø på tysdag ettermiddag. Ombord hadde dei ein stor tung transformator som Statnett skal bruke i den store trafostasjonen i Hovdenakken. Båten var utrusta som eit landgangsfartøy og la ned landgongen på kaia slik dei kunne køyre den store traileren på land...

Les heile

Hilde Sæbønes

12.10.2013

Sauesanking i Kvamsedalen.

Ein fantastisk flott haustdag tok 8 personar laust, på tur for å hente heim dei tre siste dyra til Lasse ut på neset.Bonden sjølv har dårlig rygg, så her var det berre å stille opp å hjelpe til.

Les heile

Ivar Svein Mo

15.10.2013

Opning av den nye ferjekaia

Fredag 18 oktober, kl.12.00, vert det markering at arbeidet med den nye ferjekaia på Sæbø er ferdig. Saman med Ørsta kommune vil Vegvesenet ha litt underhaldning og servering av kake,bollar og brus og ei lita overrasking til borna...

Les heile

[2 kommentarar]

Yngve Frøland

10.10.2013

Mannen og steinen

Mannen er svett. Han har ei lys ulltrøye, gule høyrselvern, Sixpence og ei slita brok. Hendene er furete og værbitte, nett som landskapet rundt oss. Han helsar trollet som ligg der, takkar for sist og ladar våpenet. Dang, dang, dang, dang, dang, dang, dang! Trollet sprekk.

Les heile

Hilde Sæbønes

07.10.2013

FRISK TUR PÅ GAMLEVEGEN.

Det vart ein frisk og rask tur denne mandagen.
6 stk møtte i eit pøsande regnvær,men etterpå var alle samde om at det var ein gilde tur.

Les heile

Per Urke

06.10.2013

I gløymeboka?

Ei lita påminning om kva vi kan ha i vente
viss vi ikkje trur at vi bur i Syden og viss
vi har gløymt siste vinteren....

Les heile