Knut Hustad
27.09.2012
Farvel - og på gjensyn
Som den siste av dei 11 hurtigrutene, sigla i går MS "Finnmarken" ut Hjørundfjorden. Men vi vonar at dei stolte skipa kjem att...
Ingressfoto: MS "Finnmarken" på veg ut fjorden onsdag.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - September 2012
Knut Hustad
27.09.2012
Som den siste av dei 11 hurtigrutene, sigla i går MS "Finnmarken" ut Hjørundfjorden. Men vi vonar at dei stolte skipa kjem att...
Ingressfoto: MS "Finnmarken" på veg ut fjorden onsdag.
Haldis Fiskå Mo
27.09.2012
Om ikkje alle har fått det med seg, så er det på Sæbø det skjer denne helga. Vi ventar storinnrykk til loppemarknaden på Sæbø bedehus laurdag og søndag.
Knut Hustad
27.09.2012
Laurdaga og søndag kjem nokre av dei beste gjetarhundane i landet til Rise....
Hilde Muren
26.09.2012
På laurdag skal grendaløda på Kapteinkvia tekkjast med torv. Vi treng 10-15 arbeidsvillege personar: ungdomar, vaksne, kvinner og menn. Du er like velkomen om du er frå Sæbø, Bondalen, Urke, Øye eller ein annan av våre vakre fjordbygder. Dugnaden startar kl 10:00 med oppmøte ved hovudvegen nedom heimen til Håvard Aklestad. Kan du først møte kl 11 eller 12 eller seinare bør du måte i Kapteinkvia.
Kl 13 byr grendalaget på varm trøndersodd.
Bodil Skare
24.09.2012
Huldrefolket dansa på setrevollen, sola skein i fjelltoppane,rimkvite myra som teppe.
Hausten he sanneleg mykje spennande å by på.
Bodil Skare
26.09.2012
Mandag 1 oktober startar vi opp med Zumba på Sæbø.
Treningane vert kl 1900 i gymsalen.
Vår eigen Janne Solhaug vert instruktør, så no er det på tide å finne fram inneskona og "trikååen" og meld deg på.
Perry Bjørke
20.09.2012
Tyssabrua på Bjørke er sterkt skade etter at Tysselva var flaumstor siste søndag
Brua er so gammal og av dårlig betong at det bør kome ny bru. Bedøm sjølv.
Ivar Svein Mo
20.09.2012
Førstkomande laurdag 22.9, vil Ingebjørg Lyster og Olaug Myrhol Hatløy vere på plass på "Bellingen" frå kl 14.00 og utover for å signere boka si "Gobitar frå besta si kokebok".
Her kan du ta ein titt i boka, sikre deg eit signert eksemplar eller fleire og slå av ein prat. Kanskje vankar det ein smakebit og..
Kansje kan julegåvehandelen ordnast på Sæbø iår..
Kari Stokke
25.09.2012
Laurdag og søndag vert det loppemarknad på Sæbø bedehus.
Skulle du ha rydda litt i heimen før vinteren set inn?
Om du har brukbare ting du ikkje treng lenger kan du levere dei denne veka.
Vi kan ikkje ta imot store møblar, kvite- og brunevarer eller kle og sko.
Knut Hustad
18.09.2012
I dag var det MS Lofoten sin tur til å ta reisa inn Hjørundfjorden...
På ingressfotoet til høgre ser vi MS Hjørundfjord køyre om kapp med kanskje det vakraste av hurtigruteskipa.
Bodil Skare
17.09.2012
Det var berre den barskaste kjernen som såg seg syn med måndasturen i dag.
Ferda gjekk i gode gamle Olavshola, sjeldan har det vore så mykje vatn på veg opp.
Likevel var det ein flott tur, helst for spesiellt intresserte, som eg bruka å seie.
Ivar Svein Mo
16.09.2012
Kvisvegen inviterte til ein folkefest på søndag 16.sept, og det fekk dei. Fleire tusen menneske tok turen for å markere vegen som binder Sunnmøre og Nordfjord saman...
Marit Riise Olsen
16.09.2012
Ms Hjørundfjord fekk den store ære å være tenderbåt for Trollfjord. Det var ikkje fritt for at det var sommerfugla i magen denne foremiddagen.
Bodil Skare
16.09.2012
Frå Tua på Hustadneset, tua på Sæbøneset og på Skaret var det feststemning og folkejubel då hurtigruta MS Trollfjord gjorde si historiske jomfruferd innover Hjørundfjorden.
Her er eit lite bildeutdrag frå denne opplevinga.
Lars Vatne Nielsen
16.09.2012
Så er GUBBETRIM igang igjen. Tysdagar kl. 20:00 fortsetter vi suksessen med fotball, innebandy og kanskje nye spandende tiltak. Sesong 2012-13 skutt i gang.
Bodil Skare
16.09.2012
Trass i rikeleg med nedbør, var det god oppsluttning på turmarsjen langs elverampa.
Mange flotte premiar og gevinstar gjorde dagen enda betre for dei fleste.
Bodil Skare
14.09.2012
Laurdag er det tid for den tradisjonelle trimturen på elverampa. For femte år på rad vert det turmarsj, Bondalen helselag og trimgruppa skal gjere det dei kan for at DU skal få ein triveleg ettermiddag.
Så kle deg etter vêret og møt opp.
Gerd Sofie Langvatn
16.09.2012
Fotballgruppa sel nye og spennandes sorter karameller og sjokolade. Det er Lillsøsters hekseblanding og morfars kjeksjokolade.
Per Urke
17.09.2012
Hjørundfjordportalen vil med dette ønskje HURTIGRUTEN velkomen til Hjørundfjord.
Det er triveleg å sjå på portalen og i andre media at det gjekk fint søndag.
Eg tillet meg å legge inn ein link til ein guide om Urke som
ligg på portalen under Turistinformasjon, og i venstre spalte finn du Vi vitjer vakre Urke.
Bodil Skare
10.09.2012
Tre damer og tre menn var vi, som gjekk Nakkeløypa opp og Bratthenget nedatt på vår tur til Eitrefjellet denne måndagen.
Varmt i vêret, og lett duskregn var nok betre enn det som YR hadde meldt til oss: store nedbørsmengder, vi lurte oss unna det, og fekk ein flott tur.
Lene Bisgaard Viddal
25.09.2012
5 sauer beiter i dag laurdag 8.9. på Nessethornet omlag 100m nedom toppen. Sett fra Viddal går dei til venstre for gjølet. Lukke til.
Sauene er heimkomne :-)
Hjørundfjordheimen Sæbø
11.09.2012
Melisdrysset er kome i fjella, hausten er godt på veg.
No er det tid for å ta fram sommarminna og mimre litt om varmare tider.
Ivar Svein Mo
08.09.2012
Fyrstkomande søndag er det gudsteneste og avskil med kyrkjetenar/sekretær Eldbjørg. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi/ festleg samkome...
Perry Bjørke
07.09.2012
Fredag den 7 september blir det konsert i Bjørke Kyrkje kl 1930
Laurdag den 8 september blir det kulturminneløype kl 13 og opene kafe på Haukly heile dagen.
Velkommen til Bjørke
Les meir på Program for dagene.
Kari Stokke
05.09.2012
Det er heilt fantastisk!
Sidan januar 2009 har fire lag på Sæbø fått til saman om lag kr. 149.000,- i Grasrotmidlar frå Norsk Tipping.
Dette takka vere dei som tippar, som har bestemt at 5 % av spelarinnsatsen skal gå direkte til mellom andre Sæbø I.L., Sæbø skulekorps, Bondalen helselag og Hjørundfjord Kulturvernlag.
Knut Hustad
04.09.2012
I år satsar vi stort, vi har mangedobla talet på høner, men likevel har vi ein flott jærhane til overs...
Åse-Lill Leknes Kvistad
03.09.2012
Bondalen Frilynde Ungdomsgruppe si teatergruppe inviterar deg til ei kjekk oppleving på Bondalen Grendahus.
Lars Vatne Nielsen
17.09.2012
Så er hausten her, og småbarnstrimmen er igong att.
Måndag 24 september frå kl. 17 – 18.30 vert første gong.
Alder: 0 – 6 år i fylgje med foreldre, ikkje søsken over 6 år.