Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2012

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2012

Knut Riise

31.08.2012

Ein sommar er over

31. august, og sommaren er definitivt over. Det er å håpe på ein god haust.
I morgon startar hjortejakta, og fyrste jaktdag vert det bra ver,skal ein tru meteorolygisk institutt, som han kalla dei, han Haua-Lull.

Les heile

[4 kommentarar]

Lisbeth Aklestad

31.08.2012

Sykkelløp

Fredag 7. september arrangerer Barneidretten sykkelløp. Påmelding frå klokka 17.30. Både mål og start er ved klubbhuset. Du vel sjølv kor langt du vil sykle, og det er drikkestasjon undervegs. Etter løpet vert det delt ut pølser og saft til deltakerane i målområdet.

Det vil verte loddsal med fine premiar, og me vil også ha trekning på startnummer.

Startkontingent : kr 50 pr pers, kr 150 pr familie (inkl. pølse m/brød og saft).

Les heile

Aanon Aanonsen

30.08.2012

Nye gensarar Sæbø IL Handballgruppa

Sæbø IL Handballgruppa er no i full gang med å ordne nye gensarar til sesongen. Genseren er raud og av merket YOU. Trykkeriet kan ikkje gi hverken oss eller sponsorane ein pris utan at vi veit eit ca antal på kor mange som vil ha. Kan dokke hjelpe oss litt igang? Det vi har tenkt er å spre ordet her og på portalen, og ved hjelp av dokke nå flest mogleg. Skriv ein mail til Lasse (larsjohan@live.no) om kor mange genserar du vil ha, barn og vaksne, innan fredag 7 sept. NB: DETTE ER IKKJE EI BESTILLING, berre ei hjelp til oss for å få ein pris, spesielt til sponsorane. Den endelege bestillinga kjem når alt er klart:) Takk for hjelpa!

Helsing styret

Les heile

Bodil Skare

27.08.2012

Avlyst! Grete Roede kurset.

Det vert ikkje Grete Roede kurs på Sæbø i denne omgang.
Det vert eit nytt forsøk om 7 veker, dersom det vert nok påmelde då, vert kurset på Sæbø.

Les heile

Hilde Muren

26.08.2012

Snart tett, lyst og lett.

10-15 av bygdafolket samla seg til dugnad i laurdag. Dei yngste rundt tre år, dei eldste noko eldre. Dei fleste fant noko å gjere som dei fant lystbetont å gjere og mykje vart gjort.

Les heile

Hilde Muren

23.08.2012

Tak søkjer torv.

Har du ei mark du skal brakke eller torv å gi bort?

Grendalaget treng torv til omlag 150m2 tak på grindaløda.

Vi kan stille med med maskiner og dugnadsfolk som tar av og kjører bort torva. Torva får då forlenga livstida si som tak på Hjørundfjorden sitt nye festbygg i Kapteinkvia.

Ta kontakt med Øyvind Taklo, tlf 477 59 789

Les heile

Kari Stokke

23.08.2012

Nilsbuda takker for i år

Nilsbuda har hatt ein fantastisk sesong med kjekke kundar frå nær og fjern, men no er det slutt for i år.
Laurdag og søndag vert dei to siste dagane her er ope denne sommaren.

Les heile

[1 kommentar]

Marie Austrheim Riise

23.08.2012

Hjørundfjord Barnekor

Hjørundfjord Barnekor!

Hausten er komen og Hjørundfjord Barnekor gler seg til eit nytt år! Likar du å synge? Bli med i koret! Frå 1.klasse og oppover.

Les heile

Hilde Muren

22.08.2012

Dugnad på Kapteinkvia laurdag 25.08 kl 10.00

Grindaløda er snart ferdig bygd og ein siste innsats (eller to) er naudsynt før hausten kjem. Laurdag er der oppgåver for både store og små, for dei som liker seg i høgda og dei som liker seg betre på bakkenivå.

Les heile

Bodil Skare

21.08.2012

Flott på Bondalsbakken

Skodda låg i fjella og turen til Bondalsbakken er den våtaste av turane vi vanlegvis går.
Opplett og varmt var det, så vi la i veg, optimistiske og mannssterke mot målet.
Utsikta var verdt strevet.

Les heile

Ivar Svein Mo

19.08.2012

Regnet stoppa ikkje ein festkveld

Bjørke Marina feira 1-års jubileium og ville stelle til dans på området sitt på Bjørke laurdag 18.august. Lokal musikk frå Ørsta, skjenkeløyve og lovleg dans med servering av av mat og voksne solide vakter var på plass, men kl 21.30 ville ikkje véret samarbeide lenger...

Les heile

Perry Bjørke

18.08.2012

Dans på Bjørke

Laurdag den 18.august blir det utedans på Bjørke Marina.
Crashville frå Ørsta skal stå for musikken denne kvelden.

Les heile

Hildegunn Mork

15.08.2012

Den Store Rundturen i Bjørkefjella

Årets Store Rundtur starta på Bjørke torsdag 2.aug. 33 forventningsfulle deltakarar møtte opp ved Bjørke Fjordtell på Bjørke. Her var det ordna med lokal skyss til Sellereite på Leira.

Les heile

Bodil Skare

15.08.2012

Grete Roede kurs på Sæbø?

Har bikinien vore flittig i bruk i sommar, eller treng du eit lite motivasjonskurs til å endre litt på livsstilen?
Dersom det vert nok påmelde, vert det kurs på Sæbø Tirsdagane frå 28 august.

Les heile

Marita Bett Jensen

15.08.2012

Klara Pil i Bakketunet

I helga finn ein ny handverkar vegen til kunstnarbustaden i Bakketunet på Bjørke. Søndag vil Klara Pil syne fram eigenproduserte pilkorger og anna flett i kammerset, og laurdag vil ho halde kurs i teknikken.

Les heile

AnnHelene Wille

14.08.2012

Loppemarknad.

Det verte loppemarknad i år på Sæbø bedehus laurdag 29.09 og søndag 30.09.

Les heile

Ivar Svein Mo

14.08.2012

Utsikt frå Grøtdalstinden i augustsol

Søndag 12. August var det blå himmel og til fjells. Temperatur på rundt 20, men ikkje heilt maksimal sikt for oss som dreg på tungt kamerautstyr og håper på klar luft...

Les heile

Marita Bett Jensen

07.08.2012

Makelaust i Bakketunet

Med brennande kjærleik og engasjement for gamalt kvinnehandarbeid og mote, skaper Kristin Elise Halkjelsvik makelause plagg. Det er ikkje tilfeldig at ho har teke namnet Makeløs. Søndag 12. august stiller ho ut eit knippe av dei fantastiske kreasjonane sine i kammerset i Bakketunet.

Les heile

AnnHelene Wille

07.08.2012

Sæbønestua.

Vi var ein god gjeng på 21 stk. som møtte opp til mandagsturen på Sæbønestua.

Les heile

Knut Hustad

05.08.2012

Romantisk tur

Nok ei utgåve av Naturfestivalen er over. Det meste har også dette året gått som planlagt - men ikkje av seg sjølv. Utan eldsjeler som Bodil Skare hadde det nok ikkje blitt naturfestivalar i Ørsta i det heile...

Les heile

Ivar Svein Mo

06.08.2012

Naturfestivalen i Kvamsedalen

Hjørundfjord Kulturvernlag var arrangør for tur i Kvamsedalen i år også og i strålande fint turvér var turen avikla med 12 deltakarar.

Ingress bilde: Fam. Batalden frå Oslo var overvelda over utsikta nedi Hjørundfjorden/Bjørke

Les heile

Kari Stokke

04.08.2012

Legg søndagsturen til Sæbø

Kalenderen viser at vi har kome nokre dagar ut i august. For nokon er ferien over, andre har mange late feriedagar igjen.
På Sæbø kan ein finne ferie- og helgeroa om det er regn eller sol.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

04.08.2012

Naturfestivalen rute 21 Kvistaddalen-Kvamsedalen

Søndag 5.august er det rute 21 i naturfestivalen sitt program. Oppstart kl.10.00 ved parkeringsplassen ved Høgehaugen i Kvistaddalen. Arrangør er Hjørundfjord kulturvernlag og to vegvisarar viser veg og fortel. Ikkje påmelding.

Ingressbilde frå same tur i 2011

Les heile

Bodil Skare

04.08.2012

Familietur på Stokkesetra.

Full klaff med vêret og godt oppmøte gjorde familieturen til Stokkesetra til ei kjempetriveleg stund for alle som var med.
Desse karane studerte insekt, fuglar og mykje anna.

Les heile

[2 kommentarar]

Emile van Embden

03.08.2012

norwaycup 2012 is over

Då var Norway cup eventyret over, me gjekk oss på eit surt 4-0 tap mot Jølster i ein jamn kamp.

great jobb gutter and nina, have fun at tusendfryd today and we see you all tomorrow back at Sæbø :-)

Les heile