Emile van Embden
31.07.2012
sæbø cup :from mørenytt
Laurdag og søndag var dei aller fleste fotballspelarar i Ørsta samla på Sæbø for å vere med i den tradisjonsrike Sæbø Cup. I år stilte fire lokale lag i Vartdal, Åmdal, Hovdebygda og Sæbø...
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2012
Emile van Embden
31.07.2012
Laurdag og søndag var dei aller fleste fotballspelarar i Ørsta samla på Sæbø for å vere med i den tradisjonsrike Sæbø Cup. I år stilte fire lokale lag i Vartdal, Åmdal, Hovdebygda og Sæbø...
Bodil Skare
31.07.2012
Frølandsdalen viste seg i all si prakt då vi i rette naturfestivalånd tok måndagsturen til Klokkura og Tryvatna.
Eit fantastisk turvêr og ein gjeng med blide og motiverte turgåarar, kan det bli betre?
Emile van Embden
30.07.2012
Sogningane vart litt for sterke for oss, me gjekk oss på eit 1-6 tap. Målskåraren vår var fredrik.
we got 1 win 1 lose!!! come one boys need 1 more win :-)
Emile van Embden
29.07.2012
Første kamp over, Sæbø 6 - Lindås 0, målskårarar: Trandal 2, Nina, Dimmen, Olai og Fredrik :)
Emile van Embden
29.07.2012
sæbø-åmdal 2-0
vartdal-bygda3-0
sæbø-vartdal 1-0
åmdal-bygda4-0
sæbø-bygda 1-3
åmdal-vartdal 2-2
sæbø 6 pnt
åmdal 4 pnt
vartdal 4 pnt
bygda 3 pnt
12.00 - 12.40 Vartdal - Hovdebygda 0-1
12.50 - 13.30 Sæbø - Åmdal 1-1
13.40 - 14.20 Hovdebygda - Åmdal 0-1
14.30 - 15.10 Sæbø - Vartdal 3-1
15.20 - 16.00 Hovdebygda - Sæbø 0-1
16.10 - 16.50 Vartdal - Åmdal 1-0
sæbø won the sæbø cup this year :-)
Perry Bjørke
28.07.2012
Det blir fleire arrangement på Bjørke under Naturfestivalen.
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag arrangerer først Olsokfeiring på Søndag og som vanlig Ovegangsturen gjennom Bakkedalen på Tirsdag.
Yngve Frøland
27.07.2012
Sæbø-cupen plar vere slik at seniorlaga i Ørsta kommune spelar mot kvarandre før Ørsta til slutt vinn. I år er ikkje Ørsta med, så endeleg er det eit av dei andre laga som kan kalle seg kommuna sitt beste lag fram til neste år.
Per Urke
26.07.2012
Nok ein gong nærmar det seg "Urke-Festivalen". Sidan 2007 har første helga i august vere reservert til dette arrangementet.
Og vignett-fotoet har vore det same alle åra. I år skal vi få innsyn i fleire foto etter "Frike-John". Dessutan ein del anna program, men "VI SJØLVE" får ei viktig rolle, går det fram av plakaten.
Bodil Skare
25.07.2012
På familituren i fjor fekk vi oppleve Linda Stokke som snudde pannekakene i lufta,knallgode pannekaker med nyplukka blåbær og sukker på.
I år vert det også familietur til Stokkesetra i regi av trimgruppa, vi håper mange slår seg med og at vèret vert godt.
Mykje anna spennande er det råd å få med seg i løpet av Naturfestivalen som startar i dag og held på til og med søndag 5 august.
Marita Bett Jensen
24.07.2012
Designar og kunsthandverkar Ingun Myrstad strikkar feminine kjolar, skjørt og toppar til alle høve. Ho brukar linjer og ornament som framhevar formene til kvinner, og er oppteken av fargar og fargekombinasjonar. Søndag 29. juli stiller ho ut produkta sine i kammerset i Bakketunet på Bjørke.
Bodil Skare
23.07.2012
Varm fønvind og opphaldsvèr var det då vi møttast til måndagstur.
Årskogstøylen og vidare til Høgereset var målet denne gongen.
mange vart overraska over korleis landskapet har endra seg gjennom vinteren nederst i Holedalen.
Hildegunn Mork
23.07.2012
Naturfestivalen Friluftsleikar på Sunnmøre
Tradisjonen tru vert det også i år rundtur i fjella på Bjørke.
Per Urke
20.07.2012
På dagen 75 år etter at den første turistferjeruta vart oppretta i vårt fylke på strekninga mellom Øye og Sæbø i 1937, vart ei ny storferje med namnet ”Norangsfjord” sett inn på strekninga mellom Ørsneset og Magerholm.
Sæbø skulekorps/ generasjonskorps
28.07.2012
Våren 2011 var Sæbø skulekorps/generasjonskorps så heldige og fekk tildelt 30 000,- i prosjektmidlar frå Sparebank 1. Desse skulle øyremerkast til innkjøp av nye uniformar. Det tok litt tid å finne ut kva vi ville ha, og kva som kunne vere lurt å bestille, men til slutt fall valet på mørk blå pikè t- skjorte, kongeblå gensar, og allværsjakke. Og valet angrar vi ikkje på.
Per Urke
19.07.2012
Det var vel B/F "GOMA" som fekk æra av å ta det nye ferjeleiet på Sæbø i bruk. 16. april stilte eg i ferjekø ....
Marita Bett Jensen
18.07.2012
Søndag 22. juli kan Bakketunet presentere ei ny handverksutstilling med høgst nostalgisk og minneverdig karakter. I kammerset vert det gjensyn med Riss Modell som hadde sitt utspring på Bjørke på slutten av 1980-talet.
Knut Riise
17.07.2012
Det var ingen andre enn Hilde Ranheim eg kom på å spørje om å vere med på skitur såpass seint som i juli. Ho slo til med ein gong sjølv om ho rygga litt då eg ville starte frå Rise kl 4 om morgonen. Eg vart endå meir imponert når Magne også ville vere med.
Men det var nok ingen av dei som angra!
Bodil Skare
16.07.2012
I typisk måndagsturvêr vart det ein fantastisk tur på Høgenausa.
Regnet kom sjølvsagt til oss midt i det brattaste stykkjet, men det letta etterkvart og målet er alltid verdt strevet.
Bodil Skare
13.07.2012
Ein stor GRATULASJON og honnør til han som har lagt til rette for at mange skal verte kjende med, og glade i den fantastisk fine turen opp i Olavsdalen.
Marita Bett Jensen
13.07.2012
Laurdag 18. august vert det halde kurs i pilfletting med kursleiar Klara Pil i frå Bryne. Ho har spesialisert seg i teknikken, og er eit kjent namn i det norske hagemiljøet. Søndag held ho òg utstilling i tunet med eigne produkt som er laga av pil.
Marita Bett Jensen
13.07.2012
Bakketunet på Bjørke kan presentere eit rikt og variert kulturprogram når tunet sesongopnar søndag 15. juli.
Nytt av i år er at MS Hjørundfjord vil ha fast rute frå Sæbø til Bjørke kvar søndag gjennom heile sesongen.
Ivar Svein Mo
11.07.2012
Ved ei tidlegare anledning var det sett spørsmål i Møre-Nytt om nokon kjente til for-historia til den gamle steinhytta på Vasstøylen i Kvistaddalen. Arnhild Kvistad svara vedkomande i Møre-Nytt, med eit bilde og ein artikkel. Portalen har fått oversendt artikkelen som er saksa frå avisa...
Bodil Skare
09.07.2012
Det var mange som møtte opp til tur denne måndagen.
Vakkert ver, sjølv om skodda låg i toppane og lurte.
Vi fekk ein varm og sommarsleg tur i fantastisk natur.
Knut Hustad
08.07.2012
Mange unge frå Hjørundfjorden kjenner Kjell Magne Pedersen frå den populære leirskulen på Runde. Men læraren frå Ålesund har også hytte i Bondalen - og så er han ein dugande laksefiskar...
Knut Hustad
08.07.2012
To av dei flottaste jentene i Hjørundfjorden, Silje(t.v.) og Martha - begge med etternamnet Riise, seier velkomen til Hjørundfjord Camping og det gode liv i Hjørundfjorden...
Kari Stokke
06.07.2012
Sommar, Sommarferie, Sol, Småregn, Styrtregn, Skulebollar, Solo, Sjø, Strand, Storlaks, Solkrem, Smålaks, Skrubbsår, Sykkeltur, Spasertur, Shopping på Nilsbuda...Sæbø har mykje å by på.
Og no er vi midt inne i den tida av året då det verkeleg er triveleg å ta seg ein tur til Sæbø.
Sverre Måseidvåg
05.07.2012
I 1952 forliste 5 selfangsskuter i Vestisen og 78 menn omkom.
Mellom dei var sunnmørsskutene "Busø" og "Pels", og ein av dei omkomne var frå Hjørundfjorden.
Eg skulle gjerne visst om det var hjørundfjordingar som var i Vestisen i 1952, og som var heldige og kom heim.
Kjenner du til nokon, så ver vennleg og ta kontakt med underskrivne anten gjennom portalen her eller tlf. 91364632.
Bodil Skare
02.07.2012
Valsetheida frå Tvergrova, ein tur med variert terreng, flott utsikt og ein behageleg tempratur.
Heida vil alltid vere mellom dei flottaste turområda i vårt distrikt, med sitt fantastiske turterreng.
Og, muligheitene er mange.
Ivar Svein Mo
02.07.2012
Det er stas i kyrkja når det er tvillingar som vert døypte, og i gudstenesta den 17.juni hadde kyrkjelyden gleda av å overvære ein slik dåp...