Kari Stokke
31.03.2012
Glade Sæbødamer på fargerik blåtur
No var kan hende ikkje sjølve turen så fargerik, men målet for reisa inneheldt eit fargespekter som langt overgår det dei fleste til vanleg omgir seg med.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2012
Kari Stokke
31.03.2012
No var kan hende ikkje sjølve turen så fargerik, men målet for reisa inneheldt eit fargespekter som langt overgår det dei fleste til vanleg omgir seg med.
Per Urke
28.03.2012
Styret i Urke Grendalag kallar inn til årsmøte torsdag, 19.april kl. 18.00. Leiar Eldrid Øye melder at det er dei vanlege årsmøtesakene som står på kartet. Det er høve til å melde nye saker før fristen går ut. Årsmøtet er kunngjort ved oppslag på Urke Landhandel.
Per Urke
29.03.2012
Årsmøtet i Hjørundfjord Sogelag vart avvikla søndag der 25 av dei 170 medlemene møtte fram. Ei positiv stemning i laget med mange aktive tillet at ein kan ta fatt på nye oppgåver
Ivar Svein Mo
25.03.2012
No i påskeveka, onsdag den 4.april, ynskjer Margrethe og Bjarne Rekkedal alle velkomne til ein god, tre rettars middag på Rekkedal Gjestehus
Sæbø Grendalag
25.03.2012
No har materiale komt til Grindaløa vår, så no er det ny dugnad.
Knut Hustad
23.03.2012
Det er vanskeleg å konkludere på annan måte: Den beste kvaliteten i landet på mjølk og lammekjøt kjem herifrå...
Knut Hustad
23.03.2012
Sauene er klipt og snart er det lamming, men først må ulla leverast...
Foto til høgre: Kjell Frøland (t.v.) leverer ulla til sjåfør Ola Hetle.
Hjørundfjordheimen Sæbø
22.03.2012
Ein ramsalt opplevelse med kystkultur i sentrum!
Gunnar Pedersen og Sigfrid Eiksund kjem og held konsert på Hjørundfjordheimen fredag 23 mars kl 1600.
Alle er hjarteleg velkomne!
Knut Riise
22.03.2012
Komande søndag 25.mars kl. 14, er det årsmøte i Hjørundfjord sogelag på klubbhuset til Sæbø idrettslag.
I tillegg til bilete frå sogelaget sitt biletprosjekt vil elevar frå Sæbø skule vise bilete og fortelje frå si reise til mellom anna Auschwitz og andre krigsminnesmerke i Polen og Tyskland.
Knut Hustad
19.03.2012
Ferjekaia er ny, men Strands bakeri på Sæbø er det same gode. Og no opnar Nutte og Daffa dørene til påskesesongen...
Knut Riise
20.03.2012
Eg har høyrdt om kyrkja som stod på Hustad i all mi tid. Då eg var yngre såg eg meir på det som ei segn, då alle spor etter kyrkja er utviska av elva. 1500 talet var dessutan så uendeleg lenge sidan.
Men det var som om år 1550 kom mykje nærare då eg fekk opne bibelen og bla i den. Det var nesten uverkeleg kor fin den var, og for eit handverk dei hadde utøvd på 1500 talet!
Det var velbrukt tid å få høyre sjølvaste Jostein Fet fortelje om ferda til bibelen frå den øydelagde Hustadkyrkja til den kom attende til Hjørundfjord kyrkje 420 år etter.
Ivar Svein Mo
18.03.2012
Søndag var det familiegudsteneste og stor aktivitet i Hjørundfjord kyrkje.
Noahs ark var tema og tre barnekor song og det var utdeling av bok til 4-åringane og førsteklassingane.
Etter gudstenesta møtest voksne og born til "kyrkjekaffi" på bedehuset. Det var sjølvsagt høveleg drikke til borna.
Arve Kvistad
30.03.2012
Hjørundfjorden og Gran Canaria har kanskje ikkje akkurat det same klimaet, men likevel litt til felles. Fjell og snø. Er en hjørundfjording, blir en gjerne litt nyskjerrig på slikt. Langt frå strendene, bak hotella, opp dei gulbrune toppane ein ser i horisonten på Gran Canaria, ligg fjellområde som har fått namna sine frå det spanske ordet for snø, Nieves. Ja, det hender framleis at det er kvitt på toppane etter ei kald vinter natt. Men i dag smeltar sola det vekk straks ho er over horisonten. Under "den lille istid" som var på den norlige halvkule fram til 1800 talet var det kaldt nok her til at snøen vart liggande. Snøen vart faktisk samla i brønner og selt som ei luksusvare til dei velståande i Las Palmas.
AnnHelene Wille
14.03.2012
Etter 1-års pause verte det loppemarknad igjen på Sæbø bedehus ...
Bodil Skare
12.03.2012
Denne torsdagen vert Zumbatimen frå 20-21 grunna eit møte Mona Kile måtte på, håper det vert god oppsluttning likevel.
Vi har no ei avtale om dyktig instruktør etter påske også, fram til slutten av mai, så det er ikkje forseint å starte.
Hilde Muren
11.03.2012
Motivert av byggeaktivitet som har resultert i ny gymsal, ferjekai og “nytt” hotell skal det no reisast ei grindaløda til Kapteinkvia, vi kallar henne “Kapteinløda”.
Sæbø grendalag byd inn til kurs tysdag 13. Mars kl. 18:00 og håper at mange av bygdas kvinner og menn møter. Påmelding til Øyvind Taklo, epost: taklo73@hotmail.com
Hjørundfjordheimen Sæbø
12.03.2012
Jubelen sto høgt i taket, då vi torsdag, på sjølvaste kvinnedagen, kunne feire at trivselsbilen var komen til gards.
Ikkje noke ringare enn ein Mercedes, champagneflaska vart opna,og marsipankake kom på bordet under feiringa.
Knut Hustad
06.03.2012
Ørsta vil ha nytt slagord. Rådmann og politikarar treng tydelegvis hjelp...
Per Helge Kvistad
12.03.2012
Tekst til ingressbilete:
Programleiaren, Wanders of the Universe, med utsikt over Bondalen og Hjørundfjorden frå Dalegubben.
Knut Hustad
01.03.2012
Stolte som hanar er dei, Bjørn Ringstad(t.h.) og Lars Hønningstad frå Implenia, for no er den nye ferjekaia på Sæbø nærast ferdig - akkurat som planlagt...