Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Januar 2012

Attende til hovudsida

Artiklar

Januar 2012

Knut Riise

31.01.2012

Bilete med "poesi"

Etter at Sverre Måseidvåg la inn omtale av eit bilete med tekst som var presentert i Møre Nytt julekvelden, kan det endeleg visast etter at ein feil er retta. No går det an å laste opp bilete att.
Ingressbiletet viser setra frå andre sida.

Les heile

[1 kommentar]

Sverre Måseidvåg

27.01.2012

Herleg, vakker poesi

Hjørundfjordportalen blir sjeldan brukt til å kommentere lyrikk eller litteratur generelt, men i dag må eg berre få gjere det. Årsaka er ei lyrisk perle eg fann i eit gammalt Møre-Nytt.

Les heile

[5 kommentarar]

Janneche Myklebust

27.01.2012

Helselagsbasar

Helselagsbasar på Bondalen Grendahus søndag 5. februar 2012 kl 15.00. Vi er so heldige at vi har fått tak Åmdalskoret BERRE DAMER. Håper dette kan vere av interesse for mange.

Les heile

Ivar Svein Mo

25.01.2012

Topp-politikarane i Ørsta møtte represent. for folk i Hjørundfjord.

Tilsaman 27 personar, derav 9 var aktive politikarar og 1 journalist frå Møre-Nytt, var i stormøte på Sæbø Måndag kveld.
Ordførar fekk mykje fakta om sjukeheim og dokterkontordrifta, men hadde lite i sitt forsvar, anna enn at kommuna var pålagde frå Fylkesmannen å redusere sine utgifter. Ein ordførar frå Høgre har nok problem med sin politikk på bygdene i desse dagar. Alle politikarane lova at ingenting skulle skje med sjukeheimskjøkkenet før ei grundig kontrollrekning ligg føre. Dei frammøtte hadde blanda følelsar etter møte…

Les heile

[4 kommentarar]

Svein J. Urke

20.01.2012

Siste nytt om vegen Velledalen - Øye - Kvivsvegen

Sidan mai 2010 har ei gruppe med utgangspunkt i ei side på Facebook vore i arbeid med dette vegprosjektet. Etter at Kvivsvegen har vorte ein realitet, har gruppa sett fordelen ved å forlenge dette vegprosjektet frå Øye til Kalvatn, slik at ein får ein vegforbindelse til Grodås og dermed tilknytting til E39...

Les heile

[16 kommentarar]

Per Urke

19.01.2012

Ingen over, ingen ved sida

"Nytt i Uka" er ei vekeavis som kjem ut i Ålesund og dekkjer Nordre Sunnmøre og Vestnes. Opplaget er på heile 40.000.

Tidlegare redaktør, Reidar Skarbø, er fast kommentarskribent i "Nytt i Uka". I siste nummer, som kom onsdag 18. januar, er han ikkje snau...

Les heile

Gerd Sofie Langvatn

19.01.2012

Trekking av julelotteriet

Fotballgruppa hadde trekning av julelotteriet 15.12.2011, vi vil takke bygdefolket og sponsorane for støtta!

Les heile

Knut Hustad

13.01.2012

Nyegymsalen ferdig

Nils Taklo, mangeårig ordførar i Ørsta kommune og tidlegare rektor ved Sæbø skule, er ikkje i tvil - den nye, flotte gymnastikksalen til Sæbø skule vil føre til optimisme i Hjørundfjorden.

Sjå foto av gymnastikksalen under.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Riise

12.01.2012

Fiskekonkurranse 1973?

Dei første negativa på scannaren til Ivar gav oss desse glimrande fotoa frå ei tid som i ettertid er som eit eventyr, sjølv for oss som var der og deltok.
Denne serien er truleg frå det argaste av alle gode lakseår, eller pjakkeår, må ein vel helst kalle det, 1973.
Sjølv om eg ikkje kan kalle meg for nokon stor laksefiskar så fekk eg ein morgon 23 pjakkar og ein laks, og måtte gå to vender med fisk før eg henta troda. I trea på Hustadsida hang fisk så langt ein kunne sjå nedover og framover. Kor mykje dei argaste fiskarane tok same morgonen er vanskeleg å forstille seg.
Alle foto: Anders Hustadnes.

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Riise

11.01.2012

Flinke jenter på Sæbø

Vi har så smått teke til å samle inn og scanne gamle bilete og negativ.
I samband med det har vi så vidt teke til på negativskuffa til Anders Hustadnes. Eg kan love at der er mykje flott!
Endå har vi ikkje fått kjøpt inn utstyr, men Ivar Svein Mo har ein scanner privat, og han har gått i gjennom ein liten del av Hustadnesnegativa. Her er ein smakebit. Kommenter gjerne kven jentene er og kva tid bileta er tekne.

Les heile

[3 kommentarar]

Siw Lillebø

06.01.2012

Treningstider i den nye gymsalen

Den nye gymsalen er snart ferdig. Og vi ventar og gler oss til å ta den i bruk. Alle som ynskjer treningstider må sende skriftleg søknad til skulen. Viktig at det står på kven som skal vere ansvarleg for gruppene.

Les heile

Siw Lillebø

30.01.2012

Skirenn på Bondalseidet

Mandagane har det vore arrangert skirenn i regi av Barneidretten. No står det att 2 renn, så det er endå ikkje for seint å finn fram skiutstyr og møte opp. Det er kjempe kjekt og sosialt. Siste frist for å betale og dermed sikre seg pokal er tysdag 31. januar.

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

01.01.2012

Julefeiring på Hjørundfjordheimen.

Julehøgtid og romjula vart ei turbulent veke med mykje vind og uro.
På hjørundfjordheimen fann vi ut at det var eit flott vêr ute til å vere inne i.
Vi har kosa oss med mykje god mat og flotte opplevingar.

Les heile

[6 kommentarar]

Kari Stokke

08.01.2012

Julebord med strikkekaféen

Tidleg i desember avslutta strikkekafeen året med eit triveleg julebord på Bedehuset.
No er jula over og dei er klar for ein ny sesong.

Les heile