Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2011

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2011

Marita Bett Jensen

31.08.2011

Sigmund Årseth i Bakketunet

På kulturminnedagen søndag 11. september kl 1300 inviterer Bakketunet til måleriutstilling med Sigmund Årseth frå Valdres og keramikkutstilling med Rolf Vatn i frå Ørsta.

Gine Gaustad Anderssen frå Tennfjord opnar kulturminnedagen med vakker song. Både kunstnar og handverkar vil vere tilstade under utstillinga denne dagen.

Les heile

Bodil Skare

29.08.2011

Optimistar på bondalsbakken.

Bondalsbakken var nytt turmål som måndagstur, og vi var optimistiske og glade over det flotte vêret.
Då vi var komne til topps kom skodda sigande, og den kom fort.
Regnet kom nok denne gongen også, og vi var einige om at turar i slikt vêr nok er for spesiellt intresserte.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

29.08.2011

Dugnad på Elverampa tursti.

Onsdag 31/8 vert det dugnad på Elverampa tursti.
Bondalen helselag og trimgruppa oppmodar alle som kan å møte, det vert ei rask rydding om vi er ein stor flokk.
Sett gjerne av laurdag 10/9 allereide no, for då vert det turmarsj på Elverampa.

Les heile

Emile van Embden

19.08.2011

G-16 TOURNEMENT

this sunday\søndag from 09:00-18:00 we have a tournement for our yought G\j-16 the teams from ørsta,hovdebygda,sæbø,vartdal and sunnylven are playing.PARENDS COME AND WATCH OUR YOUGHT AND HOPE WE HAVE GOOD WEATHER!!!SEE YOU THERE.

Les heile

Bodil Skare

18.08.2011

Ryddedag på råsa til Storenakken

To gode naboar "tok te vet", og lasta sekken med greinsaks, sag og niste,no skal det verte orden på råsa til Storenakken.
Ta deg ein tur og test om du får olbogerom, sessen på toppen ventar på deg.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

15.08.2011

Gunnar-råsa og litt anna.

Varmt og vått, ja vi har vorte vande med væten no, Gunnar-råsa er alltid ei god oppleving uansett vêr.
Litt ulike vegar nedatt gir variasjon og mangfald.

Les heile

Per Urke

15.08.2011

Eit måleri, ein lagnad og ei historie

Edvard R. Urke fekk eit kort liv. Fødd i 4.9.1887 i Olagarden på Ytre Urke og døde 9.7.1907, 20 år gammal.

Han ettterlet seg ikkje anna, utanom nokre måleri, enn å bli omtala som ein ungdom med kunstnargivnad.

Dette biletet finst den dag i dag i Jensagarden på Urke og måleriet har ei historie som fortel at maken hamna i Amerika.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

10.08.2011

Smekkfullt nypussa Grendahus på Urke

Dei leitar seg heim dei som har røter i Urkebygda når det vert invitert til kultursamling ei av siste helgene av somarferien. Eit nypussa og utvida grendahus vart laurdag fylt opp til siste plass – og vel så det.

Les heile

Ivar Svein Mo

08.08.2011

Naturfestivalen sin Kvamsedalstur 2011

I lett overskya vér og med norske og utenlandske deltakarar + ein hund, vart Naturfestivalen si rute 20 gjennomført på søndag.Det var innslag av bading og servering av kaldt tysk øl på Kvamsedalsreset...

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

05.08.2011

Naturfestivalen rute 20 - Kvistad- Kvamsedalen

Søndag 7.august er det tur nr.20 i Naturfestivalen som skal aviklast. Turen går frå Kvistad til Kvamsedalen og kan utvidast etter ynskje med tur til Kvamsedalsbrunene slik ein får sjå ned til Bjørke, Finnes, Leira og Viddal...

Bilde th. viser fjellvatna innover Kvamsedalsfjellet

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

04.08.2011

Men kva heiter blomane?

Prestekragen har vel gjort sitt for sesongen, men framleis har vi blåklokka og kattefoten. Og så har vi favoritten min, tiriltunga. Men kva med dei eg ikkje kan namnet på?

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

03.08.2011

Sykkelritt og Familietur i kjømda.

Fredag 5 august er det familietur til Stokkesetra, vi oppmodar alle til å vere med.
Søndag 7 august vert det Sykkelritt med start i Ørsta, vi oppmodar publikum til å heie på deltakarane som skal runde Sæbø sentrum.

Les heile

Knut Hustad

01.08.2011

Gjetarhyttebyggaren

Det ligg vel i namnet, Trefot-Jo hadde ein fot av tre, men han hadde også tre føter. No byggjar Thomas Hustad ein kopi av gjetarhytta hans, like ved kaihuset på Sæbø, nærast midt i ferjekøa.

Les heile