Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juni 2011

Attende til hovudsida

Artiklar

Juni 2011

Perry Bjørke

28.06.2011

Tyssefossen

Tyssefossen viser seg fram i dag.
Den blir sikkert endå større vist regnet forset ut dagen.
I natt sov vi Bjørkinger godt når vi fekk den kjente lyden frå fossen.
Barndomminna kjem igjen då.
Man blir byssa i søvn.
Ta en tur å sjå fossen det er ikkje kvar dag han er slik.

Les heile

[6 kommentarar]

Bodil Skare

27.06.2011

Heida, ein variert tur.

Skodda låg langt nedi fjella, og regnet ville ingen ende ta.
mange trudde nok det vart ein frykteleg våt og skoddetung tur, men neida, vi hadde nok flaks i dag, heldigvis.

Les heile

[2 kommentarar]

Kari Stokke

24.06.2011

Jonsokfeiring på Villane

Det såg ikkje lyst ut for jonsokfeiringa i år, men då grillane var klar i 18-tida hadde skyene tømt seg og vi fekk opphaldsvêr. Kjekt for ungane og kjekt for oss andre.

Les heile

Cecilie Rørstad

24.06.2011

Velkomen til Midtsumarblot på Bjørke

No har det heile starta og me ynskjer alle velkomne til ei fin helg i lag med oss på Bjørke. Vi byr på kunst, handverk, god mat, kultur, opning av Bjørke Marina, flott musikk, fjelltur til Oddekloven og mykje meir. I morgon kan du kome sjøvegen med m/s "Hjørundfjord" til Bjørke. Båten går kl. 11.00 frå Solavågen og er innom Sæbø på vegen innover. Retur kl. 17.00.

Klikk på biletet så får du opp programmet for "Midtsumarblot på Bjørke".

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

24.06.2011

Tradisjonsrik jonsokfeiring .

På Rise, Årskogane og Holen har det i mange mannsaldrar vore tradisjon å feire jonsok i lag.
Vi ser kvart år fram til jonsokfeiringa, der alle er med på førebuinga og festen.
Etter som åra går, vert noko gjort oppatt kvart år, og nye ting vert innført, til stor glede for alle.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

21.06.2011

Rev - og litt hjort

Så skjedde det på nytt - ein sau, ei to-lams sauemor, fekk kaldbrann rett før sauene skulle til fjells. Ikkje kjekt for ein sauebonde, men i skogen luska reven...

Les heile

Bodil Skare

20.06.2011

Grøthaugen i godver.

Strålande sol og skikkeleg midtsommarstemning var det på Grøthaugen i dag.
Utsikta var spektakulær, og "traktoregga" låg på markane og vitna om at dei fleste har starta fyrsteslåtten.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

20.06.2011

Ny bil aksjon.

Hjørundfjordheimen treng ny bil.... vil du vere med og støtte oss.?

Les heile

Kari Stokke

18.06.2011

Fotballens dag

Lørdag 18. juni arrangerte fotballgruppen i Sæbø I.L. fotballens dag på Sæbø.
I mildt oppholdsvær, med enkelte solgløtt, fikk de yngste fotballspillerne prøve seg på tekniske øvelser, ferdighetsmerke og fotballturnering.
Fire supporterlag deltok i turneringen: Sæbø, ÅFK, Manchester United og Liverpool. Og hvert lag besto av mer eller mindre frivillige foreldre, spillere fra G11, J11, G16 og A-laget.

Les heile

Kristin Vatne

15.06.2011

Lys Vaken i Hjørundfjord kyrkje

Tolv kjekke gutar og jenter frå 5. og 6. klasse var med på Lys Vaken som er å overnatte i kyrkja. Det var i pinsehelga og er første gong det er overnatting på denne måten i Hjørundfjord kyrkje.

Les heile

Knut Hustad

15.06.2011

Bjørke Marina

Enno ikkje offisielt opna, men takka vere mellom andre Kjetil Rørstad(t.v.) og Jarle Myklebust har Bjørke fått ein splitter ny marina...

Les heile

Dagny Riise Heggestad

14.06.2011

Konsert med Ervingen blandakor

Laurdag 18. juni kl 18.00 vert det konsert med Ervingen blandakor i Hjørundfjord kyrkje. Koret har eit blanda repertoar denne kvelden med m.a. The Beatles, Billy Joel og Ivar Aasen.

I tillegg til korsong vert det soloinnslag med Børre Lødemel og Øyvind Lied.

Les heile

Per Urke

14.06.2011

Skuffa over avslag om turløypemerking

I Urke Grendalag er dei skuffa over at det ikkje vart noko av tildelinga av midlar til merking av turmål i fjellområda og nærområdet. Det vart søkt om orienteringsskilt i bygda og pilmarkering av tre fjellturar og to trimturar.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

14.06.2011

Sommar i Storfjorden

Når sola skin på Bjørke Kunst- og handverkskafe så strålar det litt på oss andre også...

Les heile

Bodil Skare

13.06.2011

Jentebølgen!

Ein spreke jentegjeng frå trimgruppa i Sæbø idrettslag stilte til start på årets jentebølge i Ørsta.
Vi fullførte med glans,og hadde ei triveleg stund.

Les heile

Per Urke

11.06.2011

Endeleg i hamn og klar til bruk!

Fredag før pinse var det siste runde på ein Bøvik-stafett som har strekt seg over vel eitt år. Gravemaskinarbeidet vart utført i fjor på forsommaren og lenge såg det ut til å stoppe opp med det.

Les heile

Sæbø Grendalag

11.06.2011

Jonsokfeiring

23. june er det jonsokfeiring.
Også i år blir det på Kapteinkvia.
Vi starter med lurvetog, fra Kapteinkvia kl 1800.
Tak med godt humør og den grillmaten du ønsker.
Ca. kl 2000 blir storebålet fyrt på.
Ha en kjempe trivelig kveld.
Sæbø Grendalag.

Les heile

Kari Stokke

10.06.2011

Lys vaken! og kyrkjekaffi

Komande helg er det pinse og elevar i 5. og 6. klasse ved Sæbø skule skal overnatte i Hjørundfjord kyrkje i lag med sokneprest og foreldre.

Pinseafta håper vi på godt vêr så dei kan vere ute og grille pølser.

Pinse er kyrkja sin fødselsdag og etter gudstenesta 1. pinsedag vert det kyrkjekaffi på bedehuset med ei ekte fødselsdagskake.

Les heile

Helge Strand

09.06.2011

Før sesong.

Elva før åpning.
Med handa på hjartet kan eg seie at eg har sett fleire
laksar i elva fram til i dag enn dei siste 3-4 åra på same tid. Fra 25.mai har eg jamnt sett 3- 10 laksar kvar dag nedanfor brua. Om 1 veke er det åpning, trur på ein betre sesong enn i fjor, men fleire å dele på sia lokale "størrelser" truar med "comeback,,,,.."

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

15.06.2011

Fotballens dag

Laurdag 18. juni arrangerer Fotballgruppa og Barneidrettsgruppa til Sæbø idrettslag fotballens dag. Det vil verte ulike treningsøvelsar, fotballkampar, og vi skal prøve å ta teknikkmerker.Vi legg opp til ei felles matpause midt på dag, og enkel kiosk resten av dagen. Håper at dette kan verte ein samlande og kjekk dag for alle fotballspelarar, foreldre og andre supportera.

Les heile

Per Urke

07.06.2011

BØVIKA er nesten i mål.

Bade- og friluftsområdet i Bøvika ved Norangsfjorden vart teken i bruk i fjor sommar, men krav om allmen tilpassa toalett såg lenge ut til å føre til permanent toalettløyse og framleis gjesting ut i naturen ved behov. Ei endeleg pengeløyving frå Bjarne Klokks legat ga rom for eit romsleg toalett og i tillegg ei reidskapsbod. Med det kan pådrivaren Urke Grendalag seie at ein no er i ferd med å legge siste handa på verket.

Les heile

Ivar Svein Mo

07.06.2011

Stev, folkevise og salmesong i kyrkja

Ørsta kommune si storkyrkje og den suverene konsertsal, vart overleten til to setesdølingar på laurdagskvelden. Ja, vi snakkar her om Hjørundfjordkyrkja og to av våre aller beste folkemusikkarar...

Les heile

Knut Hustad

07.06.2011

Toppfolket i grillbuda

Om vaktlaget vårt i grillbuda er det beste? Tja..., kanskje ikkje det beste, men eit likare team er ikkje å oppdrive...

Til høgre: Chipssjef Helge Urke og grilldirektør Aanon Aanonsen

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

06.06.2011

Trollsk og fuktigt i Olavshola.

Etter flotte Hjørundfjorddagar med godt vêr og mykje god mat, skulle vi gjerne ha sol på vår tur til olavshola.
vi fekk ein noke fugtig tur, men humøret og stemninga var på topp.

Les heile

Knut Hustad

06.06.2011

Tok dei unge med storm

Tett i tett med unge rundt scenekanten, hyling og skriking - popartisten Bjørn Johan Muri er ikkje mindre populær i Hjørundfjorden etter besøket på Sæbø...

Les heile

Per Urke

06.06.2011

Rekordbasar på Urke

Grendalaget på Urke avvikla Kristi Himmelfartsdag sin første basar med rekordomsetning. Det vart kjøpt årar og lodd for nesten 36.000 kr. Alt ein time før start sikra dei første frammøtte seg det beste bordet. God stemning og sosialt samvær i samfulle tre timar!

Les heile

Knut Hustad

04.06.2011

Veg på Skårasalen?

Vi les om bilveg til Skårasalen, men når kan vi setje oss i bussen, eller bilen og køyre heilt til topps? Eller er det slik motstand at prosjektet ikkje blir noko av?

Les heile

[9 kommentarar]

Alexander Riise Olsen

01.06.2011

Sæbø mot Aafk

Bortekampen mot Aafk oldboys er årets hensing for 7-ar a-laget til Sæbø.
Tysdag 31. Mai var vi 11 spente karar som møtte opp til det som vi visste måtte bli ein hard batalje.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

01.06.2011

Musikal Cabaret på Hjørundfjorddagane

Under Hjørundfjordagane vert det førpremiere på ”Musikal Cabaret” med Silje Aarflot frå Volda og Marie Austrheim frå Ørsta. Det vert ei framsyning med høg showfaktor, friske rytmer og musikalsong på både norsk og andre språk.

Desse to dyktige artistane ynskjer å sette opp ei kveldsførestilling av ”Musikal Cabaret” til hausten og dei har valt Hjørundfjorddagane til å presentere ein forsmak på denne med å syne eit pent klippe av musikalmelodiar.

Les heile