AnnHelene Wille
31.03.2011
Kjære bygdefolk.
laurdag 2 april verte det dugnad på Sæbø bedehus frå kl 11-16.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mars 2011
AnnHelene Wille
31.03.2011
laurdag 2 april verte det dugnad på Sæbø bedehus frå kl 11-16.
Ivar Svein Mo
30.03.2011
Det nærmar seg påske og vår. Gamle bilder frå tidlegare påsker har vorte sett på, og Marit og Bente Skaar kom over dette bilde. Bildet viser korleis Hjørundfjordfjella kan sette fantasien i sving...
Foto Bente Skaar: Bilde er tekje frå Skårabakkane ut gjennom fjorden midt på 90-talet.
Gerd Sofie Langvatn
29.03.2011
Søndag 03 april kl 15.00 går vi i bassenget på Idrettsbygget i Volda. Dette er eit tilbod til alle som høyrer til Sæbø skulekrets, både små og store, unge og gamle.
Hjørundfjordportalen Administrator
29.03.2011
No i påskeveka, onsdag den 20. april, ynskjer Margrethe og Bjarne Rekkedal alle velkomne til ein god, tre rettars middag på Rekkedal Gjestehus...
Ivar Svein Mo
27.03.2011
Hjørundfjord kulturvernlag ynskjer velkomen til årsmøte sundag 27. mars kl.17.00 på Rekkedal gjestehus.
Sjå aktivitetskalendaren. Ellers vanlege årsmøtesaker
Bilde th: Hjørundfjord kulturvernlag deltok med guiding til Kvamsedalen i Naturfestivalen den 1.august 2010
Siw Lillebø
24.03.2011
Interessa for småbarnstreff/ trim i gymsalen er så stor at tilbodet vil fortsette utover våren. Så ta med borna under skulealder og møt opp tysdagane kl 17 i gymsalen.
Hilde Sæbønes
23.03.2011
Trekning av Polentur loddbøker.
Bondalen frilynde ungdomslag
22.03.2011
Diskotek på grendahuset fredag 25.mars
Johannes Halland
22.03.2011
Rektorstillinga på Sæbø skule er ledig frå 1. august 2011.
Per Urke
20.03.2011
Sunnmørsalpane er eit omgrep som vart innført då dei engelske fjellklatrarane i siste halvdel av 1800-talet fann fram til tindane aust og vest for Hjørundfjorden. Kjenneteiknet på eit alpelandskap er ei samling fjell med særleg dramatiske former; bratte veggar, egger, horn, tårn, piggar, sylar og nåler
Knut Hustad
16.03.2011
Heilt sikkert ikkje lokalstoff frå Hjørundfjorden, men fleire herifrå følgjer i spenning med på Finnmarksløpet 2011. Og når deltakarane på 1000-kilometeren nærmar seg Varangerbotn, er det framleis Roger Dahl frå Alta som er i føringa...
På foto til høgre ser vi Roger Dahl med "Cilla", ein av førarhundane hans.
Siste: Ein av hundane i spannet til Roger døde i dag.
Sjekk fotolink til slutt i saka - særs flotte foto frå Finnmark
Bondalen frilynde ungdomslag
15.03.2011
Fredag 18. mars er det igjen tid for ungdomsklubb på grendahuset
Siw Lillebø
15.03.2011
Mandag 14. mars var Sæbø skule på Bondalseidet på skidag. Med på tur var også Høsgskulestudenten Kristina Kvistad Hustad som har vore medprodusent på følgjande innslag på Nærsynet.
Knut Hustad
14.03.2011
I 1995 hadde vi 217 mjølkeproduksjonsbruk i Ørsta. I 2010 var det berre 85 slike bruk att. Kan den nye landbruks- og matmeldinga vere med på å snu trenden? Dei tre blide personane til høgre prøver å påverke ved hjelp av ein bodstikkestafett...
Bondalen frilynde ungdomslag
13.03.2011
Teatergruppa har planar om å få til ei framsyning i løpet av våren. Vi møtast førstkomande tysdag, og håpar at fleire teaterinteresserte i bygda har lyst til å vere med!
Kjartan Alnes
13.03.2011
Vinter gir oss mange muligheter å se hva som rører seg i naturen av dyr. En dag kom man over dette avtrykket av et dyr og hvem kan dette sporet tilhøre?
Stig Helset
12.03.2011
Påska 2010 gjorde eg ein framstøyt på Store Brekketind i lag med min faste turkompis Åsmund Vaage. Den enda vellukka på det viset at vi fekk ei spektakulær nedkøyring i rennesystema frå toppskaret ned mot Gullmorbreen. Men den gongen var vi ikkje like heldige med veret og snøkvaliteten med omsyn til toppstøting. Derfor bestemte vi oss for å gjere ein ny freistnad i det gnistrande fullmåne-veret som var i slutten februar i år. Denne gongen hadde vi med oss eigen fotograf: Eirik Vaage. Det er ikkje berre, berre å turnere i lag med slike tvillingbrør, men alt i alt tykkjer eg at det er verdt slitet.
Sæbø Grendalag
10.03.2011
Årsmøte tirsdag 29 mars 2011 kl. 2000 på Klubbhuset. Etter vanlege årsmøtesaker, håper vi at det kjem mange kreative forslag til korleis vi kan utvikle Sæbø sentrum spesielt/Buplikt,/ og Bygda generelt . Innkomne saker må være ihende styret før 21 mars. Hjertelig velkommne til alle.
Ivar Svein Mo
09.03.2011
Crashville skuffa ikkje. Folk fekk høyre alle ti på "Fyrste reis" og vel så det...
Bilder frå konserten på laurdag.
Kjartan Alnes
08.03.2011
Som gardbruker og grunneier har man seg selv å takke, for den situasjonene som mange oppfatter som skade verk og tap på sine avlinger og eiendommer. En provoserende påstand vil nok mange si, men en tankevekker er det også.
Ivar Svein Mo
06.03.2011
Ein smijernsbøyel dukka opp i ei steinfylling med oss under gravemaskinarbeid. Kva er dette?
Knut Riise
06.03.2011
Dalegubben ligg der så liten og anonym i enden på Skondalen. Eg kan knapt huske den som noke særleg turmål då eg var ungdom.
Siste åra har den vorte svært så populær både sommar og vinter, og no er den kjendis på BBC så millionar kan nyte utsikta derifrå.
Ein gong på 60 talet gjekk eg dit åleine ein søndag. Det var eit uventa syn som møtte meg og gjorde intrykk. Eg gjekk ned att mot Høgereset og traff Snakkarflåa, og kom dermed ned ein snarveg som eg også har nytta seinare, både opp og ned på tøyamark.
Eg har lagt til merke at det vert skrive Dalagubben. Det er ei form eg aldri har høyrdt vore sagt. Vi har alltid sagt Dalegubben.
Hjørundfjordportalen Administrator
05.03.2011
Ei lokal plate eller CD, er klar for sal og presentasjon på Rust Club & Scene i Ørsta i morgon, Laurdag 05.03.11, kl. 21:30. Besetninga til det lokale bandet Crashville består av musikkarar frå Bondalen, Åmdalen og Austefjorden.Og for å være på den sikre sida så har karane med seg ein av dei beste lydteknikkaren som vi har, bondalingen Henning Svoren...
Foto: Marit Lystad Johansen
Perry Bjørke
03.03.2011
Marknad på Haukly
Laurdag den 5 mars kl 13 - 18
Aktiviteter . Luftgeværskyting-Ballkast-Lykkehjul-Pilkast
Tombola
Kafeen blir open heile dagen.
Arr:Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag
Les meir:
Bondalen frilynde ungdomslag
03.03.2011
Onsdag 9. mars vert det årsmøte i BFUL på grendahuset
Knut Riise
01.03.2011
Nesten like blanke som då dei vart monterte i 1999 vart bura utdregne og pressa ned i 2 containerar.
Ei lenge kvidesam og planlagt omstilling er i gang og i rute.
Det har aldri vore uenigheit i familien om at vi skulle satse på frittgåande høner i aviar. Miljøbur vert aldri anna enn bur, korkje for oss eller dyrevernarane.
Det er mange som lurer på korleis eit høneliv i lausdrift er tenkt å fungere. Difor vonar eg at denne artikkelen vil forklare det meste.
Oppdatert 1.mars