Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2011

Attende til hovudsida

Artiklar

Desember 2011

Marita Bett Jensen

31.12.2011

Godt Nyttår!

Bakketunet på Bjørke takkar alle våre hjelparar, gjestar og utstillarar i året som gjekk! Me satsar friskt på ein ny sommarsesong og gler oss til å presentere eit rikt og variert utstillingsprogram i 2012!

Godt Nyttår til alle hjørundfjordingar!

Sjå filmsnutt frå fjorden og Bakketunet ved å gå til denne adressa:

Les heile

Knut Hustad

30.12.2011

Julefesten på bedehuset

Glimrande programleiarar, barnekor, musikk, andakt, julenisse, gang rundt juletreet, god mat...
Det er berre å slå fast - årets familiefest på bedehuset på Sæbø vart nok ein suksess.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

28.12.2011

Årets Bondalingar 2011

Bondalen Frilynde ungdomslag deler ut, som oftast kvart år, heidersprisen "Årets Bondaling" dersom det er nokon som har gjort seg fortjent til det. I år, var det som dei fleste førgåande år, verdige kandidatar, og juryen i BFUL hadde funne ut at det var to som skulle dele prisen ...

Les heile

[4 kommentarar]

Sæbø Grendalag

28.12.2011

Nyttårsfeiring

Nyttårsfeiring i Fonnværnet/ Grindaløda

Fra Kl 2300 og utover blir det også i år ei feiring av det nye året i fonnværnet/grindaløda.

I Grindaløda/Fonnværnet blir det gløgg og pepperkaker, for dei som har lyst på dette.

I Fonnværnet blir det rakettar å sjå, når det nye året startar å vi går inn i 2012.

Håper mange tar turen samman med oss i Sæbø Grendalag.
Vel møtt til alle som vil.


Dette blir utført så sant veret ikkje er i mot oss.

Les heile

Ivar Svein Mo

31.12.2011

3.dags julefesten i Bondalen 2011

Julefest i Bondalen grendahus har vorte ein kjærkomen tradisjon. I år som tidlegare var det ei festnemnd som hadde gjort alt dei kunne for å lage god julestemning. Den utnemnde nemnda, hadde også hjelp av elevar frå 10.klassa på Sæbø skule, som var lydigt på plass og gjorde ein flott innsats.

Bilde th.: Maria Tvergrov Kalvatn og gitarist Mads Adrian Simonsen

Les heile

Per Urke

28.12.2011

Siste nytt frå Hjørundfjord?

Dette biletet er frå ei nabokommune i aust, men kva skjer i bygdene i Hjørundfjorden?

Er det nokon som har oversikten?

Kan portalen formidle siste nytt? Når til og med lokalavisa ikkje kjem fram, er det gale...

Les heile

[1 kommentar]

Eli Anne Tvergrov

30.12.2011

Dagmar tok også tilgang til nett

I Bondalen og andre grender lenger innover i fjorden har det vore dårlege kår for internett og portalnytt. Her er rapport frå ytre del av fjorden. No er tolmodet snart slutt på Hjørundfjordstranda.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

24.12.2011

God jul, alle toppturentusiastar

Litt dårleg toppturvêr akkurat no, men nokre gode dagar har vi alle reie hatt - og mange, mange ligg framom oss. Under ligg ved nokre inspirasjonsfoto.

Til høgre: Ned frå toppen av Nordre Sætretind

Les heile

Knut Riise

23.12.2011

Hjortejakta 2011

Hjortejakta 2011 er over og resultatet er klart.

Då styret i storvaldet tildelte like mykje dyr som i fjor, var vi klar over at årets resultat neppe ville kome like høgt som dei 2 føregåande åra.
Men store skadar på eng og skog, i tillegg til påtrykk frå fylket om at hjortestamma var altfor stor gjorde at areal pr løyve kom ned mot 200 da ved tildelinga.
Vi har med andre ord oppnådd det vi ville. Hjortestamma er koma ned på eit berekraftig og akseptabelt nivå.

Les heile

[1 kommentar]

Marit Riise Olsen

22.12.2011

Verdivalg og Distrikspolitikk

Å legge ned legekontoret på Sæbø/Bjørke, om å legge ned kjøkkenet på Hjørundfjordheimen, handlar om verdivalg og Distrikspolitikk. Vil vi ha levande bygder?
Brev sendt til Ordførar og Rådmann på vegne av Grendalaga i Hjørundfjord og Bygdemoblisering. Vi vil sjå reknestykket!

Bilde th: Trim ved Hjørundfjorheimen."Eit lite "knippe" av noko som vi syslar med i kvardagen. Det gjeld å finne dei store gledene i dei små ting", skriv heimen.

Les heile

[2 kommentarar]

Vidar Stokke

20.12.2011

3.dagsfesten på Bondalen grendahus

Skal du vere med, fristen er ute men du skal få ein siste skjanse.

Kjøp billett på Bellingen snarast.
Totalt er vi no ca 120 som deltek, og vi har plass til fleire.
Programmet er i år like bra som alltid.

Og sjølvsagt god dansemusikk til både unge og gamle.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

19.12.2011

Førjul på Hjørundfjordheimen.

Flotte snølykter som gledde oss alle på Hjørundfjordheimen.
Desse to jentene underheldt med bygging av snølykter og snømann,til stor glede for alle som fekk sjå.
Fjerde søndag i advent er omme og det er kun få dagar att til jul.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

16.12.2011

Nordlys

Var du ute ein gong mellom klokka 0000 og 0030 den 25. oktober, fekk du kanskje med deg det sjeldne, men flotte nordlyset...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

16.12.2011

FRÅ HJØRUNDFJORD Årskrift nr.33

Frå Hjørundfjord er utgjeve av Hjørundfjord sogelag og er ei årbok som kjem ut i desember kvart år. Ei hovudmålsetjing for skriftstyret er å ta vare på minne frå folkelivet og såleis knyte band mellom folket før og no. Også i år er ei ny bok klar og i same gode kvalitet som den alltid har vore...

Omslagsbiletet er snøkledde Jønshorn (foto: Kari Årsnes)

Les heile

Siw Lillebø

13.12.2011

Lucia markering på Sæbø

I dag 13. desember har både barnehagen og skulen på Sæbø markert Lucia dagen. Elevane i 1. klasse gjekk Luciatog og delte ut lussekatter til alle dei andre elevane på skulen. Barnehagen var på Hjørundfjordheimen og gjekk Lucia.

Les heile

Knut Hustad

12.12.2011

"Opplev Sunnmørsalpane"

- Ei bok for alle som er interessert i variert friluftsliv, skriv forfattarane. Sant nok, har du enno ikkje fått kjøpt boka, veit du kva du skal ønskje deg i julegåve...

Ingressfoto: Dropping/hopping utfor knaus v/Himmelporten like under toppen av Søre Grøtdalstinden.

Les heile

Fred Ingar Somby

06.12.2011

Gluggen-ca 1080moh

Fingersiden pleier være en av de første kjørbare sidene når en ny sesong starter opp...

Les heile

Rune Mo

21.12.2011

Til alle som bor i Bondalen

Kjære bygdefolk.
På vegne av eigarane av Bondalen Grendahus P/L, sender styret ut dette informasjonsskrivet til bygdefolket.

Les heile

Knut Arvid Uglebakken

05.12.2011

Til Skårasalen i oktober

Det er flott å gå på fjellet på beina selv etter at den første snøen har lagt seg. Slik om denne turen til Skårasalen i oktober i fjor.

Men hvem kom først på toppen?

Les heile

[4 kommentarar]

Lisbeth Aklestad

05.12.2011

Handballglede

Laurdag 3.desember deltok Sæbø sitt kombinerte jente/gutelag på barnehandballturnering i Voldahallen.

Les heile

Kari Stokke

02.12.2011

Lysmesse, julegrantenning og marknad

Søndag 4. desember vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje ved sokneprest Rolf Dyrhol og konfirmantane kl. 15.00.

Like etter lysmessa skal julegrana på Sæbø tennast og generasjonskorpset vil spele eit lite utval julesongar der.

Turen går så fram til Bondalen grendehus, der generasjonskorpset arrangerer sin årlege julemarknad.

Les heile

[2 kommentarar]

Siw Lillebø

22.12.2011

Elevar i 2. og 3. klasse deltek på telysjakt

Minner om denne nå i desse juletider med ekstra mykje lys. Læraren vår har meldt oss på Telysjakten, ein konkurranse om attvinning av aluminium for alle 1.–4.-klassingar i heile Noreg. Konkurransen går kort og godt ut på å samle så mange brukte telyskoppar ein berre kan; heime, på skulen, hjå naboen eller på kafeen – telje dei og levere dei inn på eit returpunkt for metallattvinning.

Telysjakta starta 1. oktober og varer fram til 31. mars 2012.

Les heile

[1 kommentar]