Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2010

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2010

Kari Stokke

31.08.2010

Korpsøving på Grendahuset

Generasjonskorpset har hatt lang sommarferie, men torsdag 2. september startar øvingane igjen.

Vi er ikkje så mange i korpset og håpar stadig at fleire vil slå seg i lag med oss.

Dersom du har spelt i korps tidlegare og har lyst til å prøve deg som musikant igjen er du hjarteleg velkomen.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

30.08.2010

Langhorndalen

Vi fekk ein tur i skiftande haustvër, frå solsteik til regn og blåst.
Fyrst til Vasstøylen so vidare til Langhorndalen.

Les heile

Knut Hustad

28.08.2010

Småhøyslåtten

Nei, det er slett ikkje sant at det er slutt med småhøyslått...
På foto til høgre ser vi at Åse Johanne (Riise) og Asbjørn (Moe)er i ferd med å snu småhøyet på Lødebakken.

Les heile

Per Urke

28.08.2010

Slit og strev på sankesti

Fram til 1930-talet var det vanleg med nokre få geiter på kvar gard. Geita var fattigmannens ku. Geita var nøysom i matfatet, heldt seg gjerne i ulendt terreng der ho plukka i seg lauv, knoppar og lyng. Geita gav mjølk som vart ysta til geitost, og i tillegg var kjøtet viktig. Skinnet var ekstra mjukt og fint og ragget (håret) var brukt til slitesterke raggsokkar.

Les heile

Knut Riise

30.08.2010

Til fjells i glede og sorg.

Ein uventa telefon og eit påfylgjande besøk har gjort at tankane siste tida for det meste har gått tilbake i tid. Til dei verste åra eg har opplevd. Og til eit fjell som står mine tankar nærare enn alle andre.

I det gamle Risetunet hadde vi utsikt til Stålberghornet til ei kvar tid. Og eg drøymde meg ofte opp dit. Der såg så vidt og fint ut. Men det skulle gå mange år før eg endeleg var der.

Les heile

[14 kommentarar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

27.08.2010

HUSROM?

Hjørundfjordheimen er så heldige at vi har fått ein nytilsett sjukepleiar som snarast treng ein stad å bu.
Helst gangavstand til arbeid, og må ha internett tilgang.

Les heile

Åse-Lill Leknes Kvistad

26.08.2010

Barnedisko

Vi minner om medlemskontigent for BFUL. Dei som ikkje har betalt har fortsatt ein sjangs og kan nytte seg av denne på ulike arrangement framover.

Enkeltperson 150,-
Familie 250,-

Ta kontakt med Åse-Lill Leknes, tlf. 97658702 for å få kontonr.

Les heile

Ivar Svein Mo

26.08.2010

Kulturvandring på Trandal.

Fyrstkomande sundag byd Hjørundfjord Kulturvernlag inn til den årlege kulturvandringa i Hjørundfjorden. I år skal den vere på Trandal, frå Nes til Rønning.

Bilde th.: Nes på Trandal i Hjørundfjorden

Les heile

Per Urke

24.08.2010

Midtfjords - i fin fart mot Øye ?

Måndag, 16. august kl. 18.14: Bårer midtfjords skulle tilseie at ein båt er på veg. Ein fotograf på Urke har zooma maksimalt på kameraet og fått "båten" i fokus. I frisk crawl frå Sæbø? til Øye?.

Les heile

[8 kommentarar]

Bodil Skare

24.08.2010

Klokkura og Tryvatna.

Du Frølandsdal, med Tryvatn blanke blå.
Ein venleg tanke opp me senda må.
og ville Klokkurdalen finn me der,
gå varleg sjølve huldra ho bur her.

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

23.08.2010

Helikoptertur: Fleire bilete

Når ein riv i med ein helikoptertur over det vakraste av det vakre, og knipsar eit par hundre bilete, er det freistande å dele nokre til av dei med brukarane av portalen. Sjå dette som ei utviding av den første artikkelen.

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

23.08.2010

Nrk er på jakt etter skodespelarar til "Vaffelhjarter"

NRK Super skal lage TV-serie i 7 episoder av boken ”Vaffelhjarte” av Maria Parr. Innspillingen vil mest sannsynlig foregå på Sunnmøre, så vi leter nå først etter jenter og gutter fra Sunnmøre i alderen 6-13 år til rollene. Du trenger ikke ha tidligere erfaring innen teater eller film

Les heile

Knut Hustad

23.08.2010

Laks i elveosen

Utstyrt med briller, snorkel og kamera bestemte Jakob Hustad(t.h.) seg for å sjekke om det var laks i Bondalselva. Resultatet får du sjå under...

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

23.08.2010

"Knapt til å tru, men siste gongen.."

Det låg spenning i lufta då Ole Rønning sette seg inn i helikopteret på Stenes. Endeleg skulle han få innfridd sitt høgste ønskje. Endå ein tur på dette mektige fjellet rett opp frå garden der han var dreng i sju år.

Les heile

[4 kommentarar]

Bodil Skare

16.08.2010

Den fagre rundturen.

Ei flottare rame rundt måndagsturen kunne vi ikkje tenke oss. Turen gjekk opp Valsetheida via Eitrefjellet og nedatt Nakkeløypa.

Les heile

Per Urke

15.08.2010

Til Stålberghornet for 14. gang

I morgon, måndag, vitjar NRK og "Møre-Nytt" garden Stenes. Med helikopter skal ein via Viddalstranda opp på toppen av Stålberghornet for å kartlegge geithaldarane sine vegar for å hente heim kjea i september. Og då er det sjølvsagt at Stenes-drengen gjennom sju år, Ole Rønning, skal vere med på sin 14. tur dit.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

12.08.2010

Hòl i osten og quiz

Til høgre ser vi badestranda i Bondalen med finaste sand, men kor finn vi ho? Og kva gjer vi med ein ost som har så stort hòl at det berre vert eit hòl på skiva, og kva...

Les heile

[6 kommentarar]

Per Urke

10.08.2010

Kulturkveld med meirsmak

Laurdagskvelden på Grendahuset samla fullsett sal der stemninga var god frå start til slutt. Programmet hadde ei blanding av innhaldsrik opplysning, kåserande livsskildring med snert og humør, song og musikk som rørte hjarterøtene.

Les heile

[1 kommentar]

Janneche Myklebust

10.08.2010

Hagefest på hjørundfjordheimen

Hagefest på Hjørundfjordheimen fredag 13.08.10 kl. 15.00 Ta med mat på fat.Vi kosar oss ute med god prat. Allsong og moro med Sigfrid og GP. Voksne kr. 50,- .
ALLE VELKOMNE
Arr. Helselaget/ Hjørundfjordheimen

Les heile

Knut Hustad

11.08.2010

Formyndarstaten

- Sjå til Tyrol og la eigaren av Hotel Union på Øye få byggje ut det klassiske trehotellet i gamal stil, skriv Jon Hustad, kommentator i vekeavisa Dag og Tid.

Denne- og liknande saker vart no tysdag debattert på NRK-radio - Her og Nå og Kulturnytt.
Peikar til ein artikkel i dagsavisa Klassekampen er no lagt ved.

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

09.08.2010

Misnøye med Momskompensasjonen.

MISNØYE MED MOMSKOMPENSASJON
På ingressbildet ser du kor mange kulturhus det var i Ørsta Kommune for 20 år siden.
Det er ikkje ferre i dag.
Det er mange av desse som treng ombygging og vedlikehald.
Kvifor skal kulturhusa betale 25 prosent ekstra ?
Kommuna burde og få på plass en ny kulturhusplan.

Den nye ordninga som staten innførte i år er slett
ikkje rettferdig...

Les heile

Even Kåre Holte

09.08.2010

Den store rundturen 2010

Torsdag 05.08.10 kl. 08.00 var tida koma for "Den store rundturen 2010". Turen gjekk frå Sæbø til Leknes-Norangsdalen-Fivelstadhaugen-Urbakkjen-Blæja-Kårdalstindane-Kårdalen-Leira- Bjørke-Sæbø.Vi var svært heldige med veret og det vart ein flott tur.
Bilete til høgre viser turfølgjet samla ved Årvikstindane.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

06.08.2010

Vegard - vår helt

- Ned! Opp igjen - venstre fram! Ordrane kjem tett frå dagens helt, Vegard Riise. På elva Jølstra er det ingen tvil - Vegard er sjef. - Herli...

Til høgre ser vi rafting-guide Vegard Riise bak i båten - med eit stort smil.

Les heile

Bodil Skare

06.08.2010

Naturfestival i Olavsdalen!

Tjuetre vart med til eventyrlege Olavsdalen/ Olavshola på familietur.
Vi fekk sjølvsagt regn, men det var topp stemning og bålkos for store og små.

Les heile

Alf Ole Aarseth

05.08.2010

Lyskapellet på Beitostølen

Lyskapellet på Beitostølen er lite og vakkert. Det ligg rett ved Helsesportsenteret og vart ferdigstilt i år 2000, etter fond testamentert frå Anna og Erling Stordahl. Glassmålerier er utført av Ferdinand Finne og forgylling og dekor av ingen andre enn brørne Kjell-Arne og Sigmund Årseth.

Ta deg tid til eit besøk inn i kapellet når du er på Beitostølen, det er usedvanleg vakkert!

Les heile

Bodil Skare

04.08.2010

Norway-cup !

Etter ein fabelaktig innsats og seier i fyrste kamp i a- sluttspelet, var vi alle spente då Sæbø G14 skulle møte Spjelkavik i 8 dels finala.

Les heile

Perry Bjørke

04.08.2010

Naturfestivalen med Aktivitetsdag på Bjørke

Det blir aktivitetsdag på Bjørke Torsdag den 5 August.
Kunst og handverkskaféen blir open frå kl 11-19
Kulturminneløype rundt Bjørke frå anleggskaia kl 1030 og kl 16 frå Bruaslatta.
Båt frå Sæbø kl 10
Vil du vere med så møt opp på kaia.Retur til sæbø ca kl 14

Haukly blir ope frå kl 15.varm mat mm
Velkommen til en trivelig dag på Bjørke

Les heile

Ivar Svein Mo

04.08.2010

Naturfestivalen gjev kvalitetsopplevingar.

Kvar år set vi av ei veke av ferien til naturopplevinga ved ved fotturar i Norge,og i år hadde vi sett oss ut å besøke Sunnmøre. Vi tok inn på hytte på Standalseidet og fann dette tilbodet som Naturfestivalen hadde, med lokal gaiding til Kvamsetdalen,seier Vigdis Tronrud, Marit Tronrud og Siri Baardsun som kjem frå Hønefossområdet....

Les heile

Bodil Skare

02.08.2010

Naturfestival på Stokkehornet.

Trass i at vêrgudane ikkje var heilt på vår side, var det tjuefem spreke fjelltrimmarar som gjekk til topps på Stokkehornet denne måndagen, som ein del av Narurfestivalen.

Les heile

Per Urke

02.08.2010

Hytteperla på Hjellane vekkjer oppsikt

Vi har tidlegare skrive om hyttefeltet Hjellane på Urke. Ei av hyttene vart omtale som svært spesiell, men diskresjon tilsa at vi ikkje nemnde anna enn arkitekten. I ein 11 sides artikkel av "Hyttemagasinet" nr. 6 blir hytta omtala som "Arkitektperle - midt i et postkort".
Og eigarane får vi og høyre om.

Les heile

[7 kommentarar]