Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Mai 2010

Attende til hovudsida

Artiklar

Mai 2010

Ivar Svein Mo

31.05.2010

Fotokurs med Fotograf MA

Vi har tidlegare snakka her på Portalforum om fotokurs på Sæbø, og det har gått opp i snakk, men no kan vi få til eit enkelt fotokurs, for Fotograf MA tek på seg oppgåva.Har du lyst å lære deg å ta betre bilder til ferien så les vidare her...

Les heile

[6 kommentarar]

Ivar Svein Mo

30.05.2010

Varierte og flotte utstillingar på Hjørundfjorddagane.

I alt 40 ulike utstillarar kjem til Sæbø og Hjørunsdfjorddagane. Nemnda for arrangementet har prød å få til god variasjon, samstundes skal det ikkje vere to utstillingar som har dei same produkta. Det er også etter avtale med utstillarane.

Les heile

Per Urke

29.05.2010

Ved leikedammen og stasbåtane

Kan du hugse når vinteren slepte taket og dammane låg der og inviterte til å "leike båt"? Vi henta fram fjølbåtane med taum i rognetroa eller dei avanserte med "propell" drivne av gummistrikk. Det var vårvisst for oss gutungane. På Urke var det eit par gutar som var priviligerte...

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

27.05.2010

Konsertbillettar i Ørsta og Volda

Vi minner om konserten i Hjørundfjord kyrkje laurdag 5. juni kl. 19.00.
Laurdag 29. mai kl. 12.00 - 15.00 vil vi selje billettar v/ Narvesen på utsida av Amfi i Ørsta og kl. 13.00 - 15.00 på Cubus-hjørnet i Volda. Dei frå Bondalen/Sæbø/Urke og Øye som ønskjer å sikre seg billettar bør ta turen innom Bellingen og Slettedal før helga.

Les heile

Knut Hustad

25.05.2010

Kjøleg, men det er no vår

Framleis fare for nattefrost, seier meterologane, men i Hjørundfjorden har utekafeane opna og mange stadar er løvetanna gul og fin...

Til høgre ser vi Askjell Hustad (t.v.) og Ole Johan Riise på fortausresturanten til Strands bakeri på Sæbø.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

25.05.2010

Snerten gjeng på Gamlevegen.

Vi var berre fire som starta frå Villane denne mandagen, men vi vart fem då vi runda Tvergrova.
Vi gjekk nesten i Bjørdalen før vi snudde, og veret var på vår side.
Her finn du også lista over alle måndagsturane denne sesongen.

Les heile

Kari Stokke

24.05.2010

Hjørundfjorddagane på Facebook

Dersom du ønskjer å følgje nærare med på kva som skal skje under årets Hjørundfjorddagar, har nemnda oppretta ei eiga gruppe på Facebook.

Les heile

AnnHelene Wille

23.05.2010

Plantedag

Fredag 28 mai frå kl 10.00 er det plantedag på Sæbø....

Les heile

Knut Hustad

23.05.2010

17.mai-talen på Sæbø

I år var det Rune Sæbønes, redaktør i lokalavisa Møre-Nytt, som held 17.mai-talen på Sæbø. To viktige tema han tok opp var om ytringsfridom og språk...

Les heile

Ivar Svein Mo

22.05.2010

Vegen i Kvistaddalen er opna for Pinsetrafikk

Kvistaddals-vegen har vore stengt ved Haggarden av to fonner og takk og være ein god mann, er vegen no opna og kan køyrast heilt til endes ved parkeringsplassen ved Høgehauen..

Bilde th. frå Storsætra mot Kvistaddals-sætra og til høgre Årset-sætra 20. mai 2010

Les heile

Knut Arvid Uglebakken

21.05.2010

Finn vegen til Bjørke

og årets handverkskafé. Etter suksessen i fjor, starter årets kafé alt på søndag. Det blir like mykje flott i år.
Open til ut i august.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

20.05.2010

Rydde aksjon våren 2010

Retura Søre Sunnmøre, i samarbeid med Ørsta Kommune og Volda Ørsta Reinhaldsverk, inviterer med dette Bondalen og Sæbø til ryddeaksjon 2010.

Les heile

Per Urke

20.05.2010

Helselagsbasar med litt bismak

Den årlege basaren til Urke Helselag samla fullt hus midt i vårspretten på Kr. Himmelfartsdag. Samla omsetning vart 23.000 kr, opplyser leiaren i helselaget, Nelly Urke. Etter ein god matpause med gratis brus, kaffi og kaker, fekk vi opplyst at Urke Helselag ha vedteke å legge ned laget.

Les heile

Per Urke

16.05.2010

Informasjonsbua på Urke er på plass

Fotsoldatane i Urke Grendalag støypte grunnmuren 30. april. Fredag og laurdag i siste veka måtte dugnadstroppa forsterkast for då skulle informasjonsbua opp. 10-15 arbeidskarar og tre-fire damer som sytte for varm mat, kaffi og kaker, var det som skulle til.

Les heile

[1 kommentar]

Helge Strand

16.05.2010

Tankar før ein lakse-sesong.

Eg synast det har vore litt lite villaks-stoff på portalen "siste 30 døger," så difor...
Ein ny laksesesong står for døra, og fleire generasjonar villaks-entusiastar har i vekevis pussa på og klargjort vegn og utstyr.(?)

Les heile

[3 kommentarar]

Ivar Svein Mo

15.05.2010

St. Olavsmedaljen til ein utflytta hjørundfjording

Fredag kveld, 14.mai kl. 18.00 var det festmiddag på Onstadtunet i Øystre Slidre i Valdres. Vertskapet var ordførar i Øystre Slidre kommune, ilag med kongens sendebod, fylkesmann Kristin Hille Valla i Oppland fylke.
Fylkesmannen delte ut St.Olavsmedaljen til hjørundfjordingen Sigmund Årseth som dei siste 50 åra har vore busett Volbu i Øystre Slidre....

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Riise

14.05.2010

Erlerida

Ein vår av godt gammalt merke. Iskald, men av og til vakker for auga.
Etter at vi gjorde unna erlerida, får vi håpe, har det gått rette vegen. Grøn bjørk til 17.mai vert det også.
Men tirsdag 4.mai var ein vakker og iskald morgon. Berre sjå.

Les heile

[2 kommentarar]

Haldis Fiskå Mo

10.05.2010

Ei fin lita frøken

16. april var ein stor dag for Synnøve Louise Mo og Svein Ivar Holen som bur på Holen i Bondalen. Då vart dei foreldre til ei nydeleg lita jente, og Sandra på 4 år vart storesyster.

Les heile

[3 kommentarar]

Siw Lillebø

08.05.2010

Fotball heile dagen

I dag har det vore fotball heile dagen. Alle 4 laga til Barneidretten på Sæbø har vore på bana i dag. Nokren i Ørsta, nokren på Hødd og 2 lag i Volda. Resultata har variert, men det har blitt skåra mange mål.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

07.05.2010

Dokumentaren om Rise.

Hilde Ranheim har kome langt på veg med arbeidet sitt, som ho skal vere ferdig med i slutten av denne månaden.
For oss som har henta fram att minna frå det som hende i 1968 har det vore ei påkjenning.
Det har likevel hjelp mykje at Hilde har vore både tolmodig og omtenksam i møtet med oss.
For min eigen del har eg stilt opp for at ettertida skal få eit mest mogleg rett bilete av kva som hende, og det gjeld vel for dei andre også.

Les heile

[4 kommentarar]

Siw Lillebø

06.05.2010

Barneidretten saknar fotballdrakter

Laurdag skal 4 lag spele turnering på nesten sammen tid, men på ulike stadar. Og med 3 draktsett er det ei utfordring å lappe dette saman, særskilt når nokre drakter er sporlaust forsvunne. Så fint om alle som har fotball sparkande barn på barneidrett eller som har hatt barn der om å sjekke skuffer og skap om der kan vere ei raud fotballdrakt.

Les heile

Knut Riise

04.05.2010

Kattekviskraren

Fjøskatten vår heiter Fjos, og er som kattar flest ikkje så god å forstå seg på, men det fins profesjonelle folk som les dyr som ei open bok. Mange har vel høyrdt om hestehviskeren. Færre visste vel at det fanst ein "kattekviskrar".

Les heile

[4 kommentarar]

Bodil Skare

03.05.2010

Hovdeåsen.

Kvitt av nysnøv og solgløtt i neste minutt, turen til Hovdeåsen baud på variasjonar både i terreng og vêr.

Les heile

Ivar Svein Mo

03.05.2010

MARKDAG I BONDALEN 4. MAI

Våren er like rundt hjørne og då må reiskapen for gardbrukarane være i orden. Vil du ha innføring i korleis du skal få full utbytte av kunstgjødselspreiaren så har du anledning til det på tysdag.

Testing av gjødselspreiarar. Hos Jørund Mo tysdag 4. mai kl 1130-1430

Les heile

Perry Bjørke

03.05.2010

Kurs i tradisjonell seterdrift

Eg fant dette på heimesida til Noregs Ungdomslag.
Eg legg det ut på portalen slik at dei unge får mulighet til å melde seg på dette kurset.
En flott og lærerik ferie for dei unge.

Inngress bildet er frå Saursstøylen i Sledalen.

Les heile

Per Urke

05.05.2010

Helselagsbasar med gratis kafe

Når Urke Helselag inviterer til basar, gratis mat og kaffi, veit både bygdafolket og tilreisande å stille opp. Masse flotte gevinstar leitar fram smilet og det økonomiske resultatet er til kjærkomen støtte for ulike tiltak i bygda.

Les heile