Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2010

Attende til hovudsida

Artiklar

November 2010

Stig Helset

30.11.2010

Isklatring i Dalsfjorden

Båe orda i overskrifta peikar i retning av at det som no kjem, er på grensa til kva ein bør leggje ut på Hjørundfjordportalen under "Toppturar i vinterfjell", men eg tek no sjansen likevel, sidan Knut Hustad har bede meg om å vere liberal på dette punktet. Slik følgjer no ei mindre skildring av ein friluftsaktivitet som ikkje er så veldig utbreidd på våre kantar, og den er altså henta frå ein stad som ligg eit stykke frå Hjørundfjorden. Det får med dette bli opp til den einskilde om han eller ho vil lese vidare eller ikkje.

Les heile

[1 kommentar]

Alf Ole Aarseth

27.11.2010

SLAGET VED HASTINGS I 2010 !

I oktober året 1066 sigra Vilhelm Erobreren over kongen av England, Harald Godvinson, i det berømte ”Slaget ved Hastings”. Berre nokre få veker tidlegare hadde den same Godvinson sigra over den norske vikingkongen Harald Hardråde i slaget ved Stamford Bridge, og med nytt fransk (les Normannerne/Normandie) herredøme etter slaget ved Hastings reknar ein dette som slutten av Vikingtida.

Men vikingtoktene over til England hadde likevel ikkje teke heilt slutt....

Nøyaktig 944 år seinare, i oktober året 2010 drog nemleg Sæbøveteranane til Brighton på sin årlege gjenforeningstur, berre nokre få mil vest for Hastings.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

26.11.2010

Reisebrev frå Argentina/Brasil, del 2

På grensa mellom Brasil og Paraguay ligg kraftverket Itaipu. Det er verdas største vasskraftverk inntil Tre Klyfter i Kina har full effekt. I denne delen av verda handlar elektrisitet om velstand, ikkje monster.

Les heile

Kjartan Alnes

27.11.2010

Eventyrlig isfiske fra sofaen

Mens temperaturen kryper sakte nedover vokser isen seg tykk og fin. Da må man bare gripe sjansen å blåse støv av isfiske utstyret å ta sofaen med seg ut å fiske litt. Istedenfor å ligge inne på sofaen foran vedovnen å se på tv om fisking.

Les heile

[13 kommentarar]

Knut Hustad

23.11.2010

Hjørundfjordkalenderen 2011

Snart er han klar - Hjørundfjordkalenderen 2011. I desse dagar går han i trykken og vil du ha eit eksemplar, eller fleire, får du han tilsendt tidsnok til julegåvesesongen...

Foto til høgre: Huldra ved Sætretindane er sjølvsagt med i kalenderen.

Les heile

[9 kommentarar]

Knut Hustad

22.11.2010

Sivert sin dag

I dag var det første dagen Sivert kunne gå på storviltjakt åleine. Det vart ingen hjort, men førarkort for bil og ein stor raudrev er vel ikkje så verst på 18-årsdagen?

Les heile

Kjartan Alnes

22.11.2010

Fagbrev til Weronica.

Weronica Elise Alnes fra Sjåstaddalen, Bjørke fikk overrakt fagbrev i Hestefaget under en høytidlig seremoni avholdt for 700 personer i Gjøvik Olympiske fjellhall av Gjøvik Handverk og Industriforening søndag den 21. november.

Les heile

Rune Sæbønes

19.11.2010

Reisebrev frå Argentina - Iguazu

I oktober var Argentina reisemål for ein hjørundfjording. Det vart ei spennande reise. Reisebreva har stått i Møre-Nytt, men her kjem dei også på Hjørundfjordportalen. I dette reisebrevet fortel Rune Sæbønes om vitjinga i Iguazu, eit av dei mektigaste fossefalla i verda.

Les heile

Per Urke

17.11.2010

Då TRAKTORANE KOM til Urke

Torbjørn Urke er ein allsidig person som veit om både himmelromet og det som ligg meir nær. I god tid før jul lanserer han si første biletbok og temaet er ikkje så lite originalt. Han skriv historia om "Då TRAKTORANE KOM til Urke".

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

16.11.2010

Fylkesleiaren i bondelaget kjem til årsmøte i Hjørundfjord Bondelag

Inge Martin Karlsvik, Eide, vart på årsmøtet i Molde laurdag 13. mars valt til ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag etter Arne Magnus Aasen. Torsdag 18.nov. kl. 20 er det årsmøte i Hjørundfjord Bondelag og leiaren Eldbjørg Tvergrov og styret, har hatt det som eit fyrste ynskje å få den nye fylkesleiaren på dette møtet, slik medlemmane kan verte kjend med han. Og det har dei greidd, og portalen har kontakta han på førehand…

Ingressbilde: Inge Martin Karlsvik

Les heile

[1 kommentar]

Tor Eirik Trandal

10.11.2010

Omlegging av brukarregistreringa

Vi har no endra på krava for registrering. Det er ikkje lenger naudsynt å bekrefte kontoen via epost. Dette vil då seie at ein kan logge rett inn med dei opplysningane ein har gitt oss.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

09.11.2010

Røvarkjøp på open dag!

Fredag 12 november vert det open dag på Hjørundfjordheimen.
I år har vi rydda på lageret og vi kan love deg at vi har mykje spennande å by på til særs låge prisar.
Handarbeidsartiklar, tråd, og mykje anna kan du kjøpe, fyrst til mølla.........

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

07.11.2010

MATMINNER del 2 - flatbrød

Hjørundfjordportalen har fått tilsendt endå ein artikkel om mattradisjon frå Olaug Myrhol Hatlø. Olaug er yngste dotter til Betsy og Trygve Myrhol, utdanna faglærar i ernæring, helse og miljøfag. Ho jobber på Herøy vidaregåande skule, avd helse og sosialfag. Har ei spesiell interesse for tradisjonsmat, og eit ynskje om at vi må prøve å ivareta dei konserveringsmetodane folk har brukt i generasjonar før oss.

Vi takkar Olaug for bidraget og håper at fleire kan kome med liknande artiklar til oss framover..

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

03.11.2010

No endeleg ....

Det har teke si tid å få klargjort innslaget til programposten "Norge Rundt" i NRK 1.

Og vi har fått vite frå rette folka at no kjem det - og det har vi varsla her på portalen - men så var det eitt eller anna som kom i vegen likevel...

Men fredag SKAL det kome!

Les heile

Perry Bjørke

04.11.2010

JULE/HANDVERKSMESSE

Det blir jule/handverksmesse på Bjørke den 6 og 7 november
Begge dagene blir det ope på Haukly frå 13 - 17.
ARR:Damene på handverkskafen og Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

02.11.2010

Hummarfiske i Hjørundfjorden

Så kjem der ei teine over rekkja med ein fin hummar i – ein hummar som er godt over minstemålet på 25 cm. No kan vel festbordet på Sæbøneset dukast og dekkjast – men nei: - Denne har utvendig rogn. Han må på sjøen igjen. Ole forklarar, snur hummaren og dermed ser vi ei flott, svart rogn som får rogna til den russiske støren til å bleikne i samanlikning. Så let Ole denne havets kardinal fare attende dit han kom ifrå.

Foto t.h.: Hummarfiskar Ole Flatnes

Les heile

Hermod Velle

02.11.2010

Når enden er god..........

Siste kapittel i historia om dei bortkomne sauene vart skrive sist laurdag. Endeleg lukkast vi å finne desse sauene som har leika katt og mus med oss i heile haust. På over 855 m.o.h. i Sykkylvsdalen openberra dette fantastiske synet seg - det var nesten ikkje til å tru!

Les heile

[3 kommentarar]

10. klasse Sæbø

02.11.2010

Polentur 2010 - Del 1

Vi i 10. klasse 2010 reiste på busstur med Aktive Fredsreiser til Tyskland og Polen i haustferien, ilag med ein del foreldre + elevar og foreldre frå Lardal Ungdomsskole.

Ingressbilete viser oss frå Sæbø, samla i porten til Auschwitz 1. Besøket i denne leiren gjorde eit sterk inntrykk på oss alle. Frå dette besøket skal vi fortelje meir om i - del 3..

Les heile

10. klasse Sæbø

03.11.2010

Polentur 2010 - Del 2

10 klasse ved Sæbø skule var innom mange stadar i løpet av haustferien. Blant anna Oslo, Kiel, Wroclaw, Krakow og Wieliczka. Her kjem eit lite innblikk i reisa vår gjennom Europa.
Ingressbilete: Polsk folkedans

(Alle bilete kan klikkast på for stor størrelse.)

Les heile

10. klasse Sæbø

09.11.2010

Polentur 2010 - Del 4

Besøk i "Tropical Islands" og Berlin.
Ingress bilete:Altes Museum er det eldste museet på Museumsinsel i Berlin. Det ble grunnlagt i 1830, og utstiller blant annet antikksamlingen. De norske universitetsbygningene i Karl Johans gate er inspirert av Altes Museum.

Les heile

[1 kommentar]

10. klasse Sæbø

12.11.2010

Polen 2010 - Del 5

Utpå fredagen 8.oktober, i fire-halvfem tida, startar vi frå Berlin og begynte på heimturen.Vi skulle ta båt frå Travemünde i Tyskland til Trelleborg i Sverige

Ingressbilete: Soloppgangen som møtte oss i Trelleborg.

Les heile

[1 kommentar]

Kjartan Alnes

27.11.2010

Raude å fine!!

Nå vil noen si at det er ikke noe utfordring i å fiske røye etter som di fleste vann er overbefolket av nettopp røye.
Vel sant nok, men det å finne hvor den rette plassen der ” tusenbrødrene ” møtes er noe annet.

Les heile

[4 kommentarar]