Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2009

Attende til hovudsida

Artiklar

August 2009

Bodil Skare

31.08.2009

Vikingar på Valsetheida!

For fyrste gong gjekk måndagsturen til Valsetheida, seks "vikingkjelle" møtte opp midt i verste regnelingane, og tur vart det

Les heile

Bodil Skare

31.08.2009

Turmarsj på Elvarampa !

Laurdag den 5. september vert det for andre gong arrangert turmarsj på Elvarampa tursti som går langsmed Bondalselva.
I fjor var det med 140 deltakarar, og vi håper på like godt oppmøte i år.

Les heile

Ivar Svein Mo

31.08.2009

Kulturvandring 09. Valset - Ville

Søndag 16.august 09 var det den tradisjonelle kulturvandringa i Hjørundfjorden. Tradisjonen er helga før skulestart og i år skulle me få lære om kulturminna i fremste Bondalen eller meir konkret; på gamlevegen mellom Valset og Ville. Vi som har vore med nokre år har med glede sett at utviklinga har gått mot at fleire og fleire yngre møter opp på denne interessante dagen i året og dei får med seg eit minne for livet…
Bilde th.Signy Rekkedal Ryste fortel

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

30.08.2009

Regnfyllt sykkelløp på Sæbø

Det var VÅTT, KJEKT OG FOLKSAMT på det årlege sykkelløpet til Barneidretten i Sæbø IL. Trass i at værgudane ikkje var med oss var deltakinga bra. Nedbør stoppar ikkje ein god Sunnmøring/ Hjørundfjording i å delta på eit lokalt arrangement. Her har vi klede for alle værtypar.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

28.08.2009

Jippiiii

Flott kamp av jentelaget mot Stranda i J16 1. divisjon.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

27.08.2009

J16

J16 spelar fredag fotballkamp på Sæbø mot Stranda og håpar på publikum!

Les heile

Stig Harald Myklebust

28.08.2009

Ny bortefadese for Sæbø!!

Det vil seg ikkje på bortebane for Sæbø. Onsdag var det FK Sykkylven 2, eit av botnlaga i divisjonen som banka Sæbø heile 4-0 (2-0)

Les heile

Rune Sæbønes

20.08.2009

- Gjer kvarandre gode

– De må gjere kvarandre gode! Det terpa både AaFK-spelar Trond Fredriksen og AaFK sin talentutviklar Reidar Vågnes på i møtet med dei unge Sæbø-spelarane på Sæbø tysdag kveld.

Les heile

[2 kommentarar]

Siw Lillebø

20.08.2009

Endeleg er dagen komen....

Så er dagen endeleg komen, og 2003 årskullet er blitt skulebarn. Ein spent gjeng på 11 elevar, 6 gutar og 5 jenter. Og kanskje ei like spent lærarinne, nyutdanna Kristin Riise framma Jogarden.

Les heile

[4 kommentarar]

Enok Kippersund

19.08.2009

Pressestøtta og lokalavisa

Kallar med dette på redaktør i Møre-Nytt, Rune Sæbønes: Ser at pressestøtta er under press(!). For min del oppfattar eg det slik at pressestøtta er viktig for å halde oppe (også)lokalavisene. Har du ein kommentar til dette? Snakka med ein annan som skriv i ei anna lokalavis i vår region. Vedkomande hevda at pressestøtta er eit absolutt vilkår for å kunne halde "hans" lokalavis gåande.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

18.08.2009

Grøthaugen!

For fyrste gong var me "jamne" lag på måndagstur, tre damer og tre herrer, og ein hund!

Les heile

Stig Skarbø

16.08.2009

ord fra en "turist"

En båtturist sitt møte med Sæbø noen dager i juli. Stort sett bare skryt til bygda...

Les heile

Stig Harald Myklebust

14.08.2009

Sæbø-Stordal flytta til Volda

Kampen mellom Sæbø og Stordal som skulle ha gått å Sæbø stadion i kveld, fredag kl 19.00, er grunna dei store nedbørsmengdene dei siste dagane flytta til Volda.

Les heile

Per Urke

13.08.2009

Ro, ro og kaihistorie

Bygdevandringa under Urke-Helg 2009 slutta på kaiområdet.

Keip, tilje, tofte og geil er ikkje ein del av daglegtalen for dei fleste.

At det var 18 formenn og ein arbeidar då kaia vart bygt, er berre ei god historie. Det var slit og sveitte gjennom tre år.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

11.08.2009

KULTURVANDRING I BONDALEN

Komande søndag, 16.aug. kl.12.00, inviterar Hjørundfjord sogelag til årleg kulturvandring i Hjørundfjorden. Det er Bondalen som stend for tur i år, og vandringa går på gamlevegen frå Valset til Ville.

Gamlevegen frå Valset til Ville. (foto Kari Stokke)

Les heile

Per Urke

11.08.2009

Bygda, elva og bruene

Urkeelva har prega livet i Urkebygda på både godt og vondt.
Før 1871 rodde ein mellom Ytre- og Indre Urke. Men etter som tida gjekk, retta det seg etter kvart, her og.

Historia om bruene over elva var tema under Urke-Helg 2009.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

10.08.2009

Leik og moro på sætrevollen

Urke-Helg er vel i hamn og arrangørane hadde og tenkt på at ungane skulle få tilbod. På kaia var det fiskekonkurranse laurdag, medan det var leik på sætrevollen søndag.

Les heile

Per Urke

10.08.2009

Åfalleringe - tradisjon i snopeform

Her er det som får oss velvaksne til å sikle. Smaksopplevingar frå gamle dagar dukkar opp.

Og då ungane fekk høyre at dette var softis frå sætra, var det alle som ville smake og alle likte dette ukjende snopet. I tillegg fekk vi flatbrød.

Les heile

[6 kommentarar]

Bodil Skare

04.08.2009

Kvamsedalsreset!

Måndagsturen denne gongen gjekk fyrst til Vasstøylen so til Kvamsedalsreset, nokre gjekk eine vegen og andre hinnj vegen.
Alle nitten hadde ein fantastisk tur!

Les heile

Hilde Sæbønes

01.08.2009

Årets topptur?

Dei fleste skulle på Saudehornet rett opp
men vi ville finne ein annan topp.
Det måtte bli eit fjell i Hjørundfjord
- der du finn den beste utsikta på jord!

Les heile

[8 kommentarar]

Siw Lillebø

24.08.2009

Sykkelløp på Sæbø

30. august vert det sykkelløp på Sæbø. Start og mål vert ved klubbhuset. Vi håper at mange møter opp til ei sosial trimøkt.

Les heile