Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2009

Attende til hovudsida

Artiklar

Juli 2009

Perry Bjørke

29.07.2009

Naturfestivalen- Den Store Overgangsturen

"Den Store Overgangsturen" er like populær som før.
Turen går over fjellet frå Finnes i Hjørundfjorden til Rognestøylen i Bondalen.
Det kom 30 med båt frå Sæbø.
Jonny Finnes var turleiar på den lange turen over fjellet.

Les heile

Hildegunn Mork

28.07.2009

Fem dagar i blåisen – brekurs på Bødalsetra.

Sogn og Fjordane turlag (SFT) har i mange år halde brekurs, klatrekurs og snøskredkurs i variert villmark på vestlandet. SFT samarbeider med Breoppleving på Sandane om alle brekurs og klatrekurs. Breoppleving er godkjent kursarrangør i Norsk Fjellsportforum.

Ingressbilete er teke 31.mai i år

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

28.07.2009

Måndagsturen - og Naturfestivalen

At måndagsturen til Sæbø IL og Bodil Skare fekk vere ein del av Naturfestivalen vart utan tvil sett stor pris på av mange. Heile 30 turgåarar trassa regnvêr måndagskvelden og fekk seg ein flott tur opp Gunnar-råsa, heilt opp til Storenakken...

Les heile

[2 kommentarar]

Perry Bjørke

27.07.2009

Kulturminneløypa på Bjørke

Kulturminneløypa på Bjørke er ferdig.
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag har laga til ei kulturminneløype på Bjørke.
Alle dei frivillige laga som eig og har tatt vare på kulturminner på Bjørke er med på løypa.
Hjørundfjord Bygdemoblisering har og støtta prosjektet.

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

26.07.2009

Sæbø og nedre Bondalen har fått eiga turistbrosjyre.

Tysdag i denne veka fekk Sæbø si eiga brosjyre frå Hjørundfjord bygdemobilisering. Tidlegare har HB laga ei bildebrosjyre som omfatta heile fjorden. Brosjyra er utdelt til alle som har med turisme å gjere og Torbjørn Slettedal som driv handel på Sæbø og campingplass var den fyrste som fekk den utdelt…

Les heile

Jarle Walseth

26.07.2009

I fotefara etter Trefot-Jo

I lokalsoga har forteljingar om gjætaren Trefot-Jo levd til denne dag. Både på Skår, Hustadneset og Hustad finst det tradisjonsstoff om denne spesielle mannen. Bakteppet er ei tid med rovdyrplager. Særleg bjørnen, men også ulven kunne gjere tyn på buskapen. I området frå Lisjeskåradalen til Saudedalen er det i kultursoga for Hjørundfjord fortalt om nettopp slike større rovdyråtak. I Saudedalselva var det ei tid ein vasshammar som slo og laga lyd for å skræme bort udyra. Om dette var før eller etter Trefot-Jo si tid, veit vi ikkje, men det veit vi at i ein periode var det Trefot-Jo som gjætte Hustadbuskapen i området. Onsdag 22.juli var ein liten ekspedisjon klar for ein hyggetur/oppdagingsferd i Trefot-Jo sitt "kongerike".

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

24.07.2009

Berre det beste er godt nok

Ho vart ikkje lite overraska over å finne sin eigen heimstad som framside på eit vegkart over Noreg. Jorunn Maude Nedland var på tur nordover frå sin nye heimstad på Sørlandet og hadde behov for eit godt kart. På ein kiosk langt sør i landet fann ho det ho trengde. "Det var noko kjent med biletet på framsida," fann ho ut.

Les heile

Per Urke

24.07.2009

14 dagar igjen...

Det er berre 14 dagar igjen til nye utgåve av Urke-Helg - 8. og 9. august. Det er tett mellom festivalane i desse dagar. Dei står fram med brask og bram, men slit likevel med både publikumsoppslutning og svære underskot. På Urke vel vi ei anna linje: Urke-Helg er prega av rom for samtale, bygdevandring og enkel underhaldning utan innleigde, sponsorbetalte kjendisar.

Les heile

Knut Hustad

23.07.2009

Ingebjørg og Sigmund

Først Gro og ei ku på ein løevegg, så ein flott kunstguide frå Valdres der eit visst atelier og eit vakkert tun vart omtala. Vi måtte berre innom...

Les heile

Ivar Svein Mo

21.07.2009

Veterinærvakt som sommarjobb

På Kvistadssetra har kyrne det bra om sommaren, men enten eigarane vil eller ikkje, så må veterinærvakta tilkallast om det er helg eller yrke. Sist søndag(19.juli) var det Anne Stine Foldal Aam som køyrde helgavakta, og i lag med seg hadde ho assistent…

Bilde th.: Fellesfjøsen i Kvistaddalen sommaren 09

Les heile

Bodil Skare

21.07.2009

Lissehaugen og Tua på Hustadneset!

I regnkle og med godt humør, traska vi til Lissehaugen og tua på Hustadneset på måndagstur.
No er det kome nye skilt på vegen opp, og utsikta er flott sjølv med skodde og regn.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

20.07.2009

J16 samlar inn gamle mobiltelefonar

Norway Cup-fotballjentene samlar inn brukte mobilar for miljøet.

Det blir satt ut kasser og jentene stiller opp og samlar inn på desse plassane torsdag og fredag denne veka.

Urke Landhandel
Bellingen på Sæbø
Amfi ved Coop
Eurospar Ørsta
Skipsens på Vartdal

Les heile

Per Urke

20.07.2009

"Solingen" - også ein hekksbåt

Det er ferietid og god plass på portalen. Difor tillet eg meg å fylle opp med litt lokalhistorie:

"Møre-Nytt" skreiv laurdag om ein nybygd hekksbåt som i vinter vart bygd i Bjørkedalen. Det kan forståast slik at dette er ein ny båttype frå Bjørkedalen sine båtbyggarar. Det er nok heller slik at båttypen er ny for denne båtbyggaren, Jakob Bjørkedal. Men "gamlekarane" der i dalen visste noko anna...

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

15.07.2009

Eit lite tibakeblikk til sommaren 2006

Vi har ein fin sommar no, og det byrjar kanskje å verte vanleg? Følg linken, for slik var sommaren 2006: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=sok&handling=resultat&sokeord=Syden&kilde=0&kn_sok=S%C3%B8k

Les heile

Ivar Svein Mo

15.07.2009

Den tverrkyrkjelege friluftsgruppa Tråkk til Sæbø på sommertur 09..

Søndag får Sæbø storbesøk av 270 unge friluftsinteresserte som skal drive friluftsaktivitetar på alle nivåar med bla.fjellturar,klatring og kajakk. Frå søndag 19.- til laurdag 25. Juli, i ei lita veke, vert det yrande liv med teltleir rundt Bedehuset og skuleområdet..

Bilde th. Morgenstemning over Hjørundfjorden(foto Eivind Damsgaard)

Les heile

Per Urke

12.07.2009

Uforståeleg og meiningslaust !

Det er ikkje stor forståing å hente på Leknes for Møre og Romsdal Naturvernforbund som vil nekte 90 årige Ole Bernhard Rønning sin 14. tur på Stålberghornet. Dei 13 første turane gjekk han til beins. Han har tidlegare gått dagsmarsjar i Sunnmørsalpane som er fullt ut på høgde med prestasjonane som får store presseomtalar. Ole brukte gummisko på beina når det var tørt. Elles var det pinnasko som måtte til.

Les heile

[8 kommentarar]

Kjartan Alnes

10.07.2009

Weronica tok sin første NM sløyfe.

Weronica Elise Alnes fra Skjåstaddalen debuterte på sitt første Fjordhest NM på Mo i Jølster.
” Tenk jeg var bare 1% poeng etter fjor årets NM vinner i ene klassen jeg deltok i, og da hadde jeg til og med en feil og ho hadde ingen. Hadde jeg ikke revet det hinderet hadde jeg snust på plassering ”

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

09.07.2009

Å bu i klyngetunet på Ytre-Urke

Det er kort avstand mellom naboane i eit klyngetun. På mange måtar er det praktisk når det gjeld å finne enkle løysingar for felletiltaka. Etter kvart som utskiftingane kom, vart klyngetuna borte. Men på Ytre Urke har det aldri vore ei slik utskifting. Fem gardar høyrer med under Ytre-Urke. Tre av tuna ligg i tett klynge.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

08.07.2009

Hjørundfjordportalen, kva no?

Eg veit eigentleg ikkje om eg torer å skrive dette, men skit la gå. Eg saknar ein reportasje frå Trandalblues på portalen. Og frå andre hendingar i fjorden. Har vi vorte late, og er vi i ferd med å gjere portalen uinteressant?

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Arvid Uglebakken

07.07.2009

Fine turer

Etter å ha besøkt mye av naturen og bygdene i Hjørundfjorden, må konklusjonen være: Dette er flotte turer for turister og besøkende fra både fjern og svært nær.

Les heile

[2 kommentarar]

Fred Ingar Somby

04.07.2009

Kvasshornkollen ?

Jeg sjekket hele kartoteket for å finne et godt bilde av denne sida av Kvasshornet uten å lykkes. Jeg henvendte meg videre til folk jeg vet har ennå større fjellbildemateriale en meg uten at det hjalp. Turen startet derfor med et uvisst resultat, men den som leter, finner...
(siste skitur denne sesongen, turdag 17.juni)

Les heile

Bodil Skare

01.07.2009

Til Tryvatn blanke blå!

Ny rekord på måndagsturen denne gongen.
Heile 26 sprekingar ville vere med på turen til Klokkura og vidare til Tryvatna.

Les heile

Knut Hustad

01.07.2009

Ha det!

Mannen heilt til høgre pratar ikkje i utrengsmål. Likevel har denne mannen, dokter Bruno Hame, vorte utruleg populær i Hjørundfjorden. Fredag kveld var det mange som ville seie ha det til denne bautaen av ein lege...

Les heile